Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tema: Klassemiljø

Korleis kan du skape eit godt klassemiljø saman med dei andre elevane og læraren? Korleis vil de kommunisere med kvarandre? Kva verdiar er det viktig at de respekter, og kva for reglar ønsker de at alle skal følge?
Lærar og elevar jobbar saman ved ein pult. Dei smiler og ser glade ut.Foto.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å skape eit bra klassemiljø. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éi eller to økter og berre jobbe med dei.

Økt 1: Klassemiljø

Kva er det som kjenneteiknar eit godt klassemiljø? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper og reflektere over kva de forbind med eit godt klassemiljø. Oppgåva er organisert som ein uhøgtideleg konkurranse mellom gruppene.

Kva kjenneteiknar eit godt klassemiljø?

Tips til alternativt opplegg

De kan òg jobbe med klassemiljø og relasjonar ved å sjå novellefilmen Full kontroll. Filmen tematiser utestengingsmekanismar i ein klasse. I dette opplegget reflekterer de først over nokre utvalde filmklipp, før de ser heile filmen og reflekterer over han. Filmen og oppgåvene varer i cirka 45–60 minutt til saman.

Klassemiljø og relasjonar

Økt 2: Casar om klassemiljø

I ein ny klasse møter du på mange ulike utfordringar. Kva gjer du viss du til dømes ikkje tør å seie noko i klassen, viss du ser at nokon blir haldne utanfor, eller viss du er i ei gruppe som samarbeider dårleg? I denne oppgåva skal de først reflektere åleine over nokre utfordringar, og deretter diskutere ulike casar saman i grupper.

Casar om klassemiljø

Økt 3: Sosiale medium og klassemiljø

Sosiale medium kan vere ein nyttig og viktig arena for å skape gode relasjonar og eit godt klassemiljø. I denne oppgåva skal de jobbe i grupper og diskutere ulike casar om sosiale medium.

Sosiale medium og klassemiljø

Tips til gjennomføring av denne økta

Det er fire ulike oppgåver. Vi anbefaler at de startar med oppgåve 1 og diskuterer dei ulike casane i grupper. Viss de får tid, kan de velje ein av dei andre oppgåvene:

  • Oppgåve 2 handlar om kvar grensa går for kva du kan seie og dele på sosiale medium.

  • Oppgåve 3 handlar om kva slags tilbakemeldingar de kan gi klassekameratar som har det vanskeleg.

  • Oppgåve 4 handlar om samanhengen mellom sosiale medium og sjølvbiletet.

Økt 4: Verdiar og klassemiljø

Verdiar som respekt, inkludering, tilhøyrsel, sjølvstende, tryggleik og omtanke er viktige for eit godt klassemiljø. I denne oppgåva skal de jobbe i grupper og finne konkrete døme på kva desse verdiane betyr i klasserommet. Deretter skal de rangere kva verdiar de tenker er viktigast for å skape eit godt klassemiljø.

Verdiar og klassemiljø

Økt 5: Klassereglar

Korleis vil de ha det i klassen? I denne oppgåva skal de jobbe fram ei felles beskriving av korleis de vil ha det saman i klasserommet. De startar med å jobbe individuelt med å formulere forslag, deretter reflekterer de over forslaga i par, før de diskuterer forslaga i grupper. Til slutt utfører de ei felles avstemming i plenum.

Klassereglar

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2024

Læringsressursar

Klassens time