Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tema: Læringsmiljø

I eit godt læringsmiljø speler elevane kvarandre gode. Korleis kan de skape eit klassemiljø som gjer det lettare å lære? Jobb saman og finn ut korleis de kan jobbe meir effektivt saman i grupper, få betre arbeidsvanar, eit trivligere arbeidsmijø og ei større tru på eiga læring.
Elevar sit konsentrerte ved pultane sine med pc-ar og notatblokkar. Ein gut og ei jente sit framme i biletet. Dei snakkar saman. Foto.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å skape eit bra læringsmiljø i klassen. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éin eller to økter og berre jobbe med dei.

Økt 1: Gruppearbeid

Gruppearbeid kan vere ein effektiv måte å lære på, men det kan òg vere utfordrande. Korleis kan de jobbe saman i grupper på ein betre måte? I denne oppgåva skal de først reflektere over kva som er viktig for å få gruppearbeid til å fungere. Deretter skal de sjå ein film om gruppearbeid og reflektere over det elevane og eksperten seier. Til slutt jobbar de i grupper med å lage reglane for gruppearbeid i klassen.

Korleis jobbe saman i grupper?

Økt 2: Læringsmiljø

Korleis kan de spele kvarandre gode i klassen og skape eit godt læringsmiljø? I denne oppgåva skal de først reflektere over kva som kjenneteiknar eit godt læringsmiljø. Deretter skal de sjå ein film om læringsmiljø og reflektere over korleis de kan skape eit godt miljø for læring i klassen. Til slutt jobbar de i grupper og lagar ein plan med tiltak som kan gjennomførast i klassen for å lære på ein betre måte.

Kva er eit godt læringsmiljø?

Tips til gjennomføring av denne oppgåva

Viss de berre har 20–30 minutt til rådvelde, bør de starte med oppgåve 1 (del 1, del 2 og del 3). Har de meir tid og ønsker å fordjupe dykk meir i temaet, kan de jobbe med oppgåve 2 og diskutere forskjellane på eit prestasjonsorientert og eit meistringsorientert klasserom.

Økt 3: Arbeidsvanar

Gode arbeidsvanar er viktige for å lære på skulen. Kva er gode arbeidsvanar, og korleis kan du forandre vanane dine for å lære meir effektivt? I denne oppgåva skal de først reflektere over kva gode arbeidsvanar er. Deretter skal de sjå ein film om gode arbeidsvanar og reflektere over kva for nokon arbeidsvanar som er viktige, og korleis de kan motivere dykk sjølv til å forandre vanar. Til slutt lagar de ein arbeidsplan for dykk sjølve.

Kva er gode arbeidsvanar?

Økt 4 og 5: Lærande tankesett

Ved å forstå kva som skjer i hjernen når du lærer, vil du kunne få auka tru på dine eigne mogelegheiter for å lære. Det vil igjen gjere det lettare og meir morosamt for deg å lære på skulen. Denne oppgåva består av to leksjonar på 30 minutt kvar med filmar og refleksjonsoppgåver som fokuserer på eit lærande tankesett.

I den første leksjonen skal de lære korleis hjernen fungerer, og kvifor ungdomstida er ein spesielt gunstig periode for å auke hjernekapasiteten. I den andre leksjonen, som bør gjennomførast fire veker etter den første, skal de få kunnskap om kva eit lærande tankesett er, og få tips til korleis de kan bruke det i praksis.

U-say

Tips til gjennomføring av opplegget

U-say er eit nettbasert undervisningsprogram som er utvikla av Universitet i Stavanger og Oslo, Stanford, Texas University og Rogaland fylkeskommune med støtte frå Norges forskingsråd. Det består av to leksjonar på 30 minutt kvar med oppgåver som skal gjennomførast med fire vekers mellomrom.

I lærarrettleiinga til undervisningsprogrammet kan lærarar òg finne konkrete forskingsbaserte forslag til arbeid med lærande tankesett i klasserommet og mellom leksjonane. Ønsker de meir informasjon om kva eit lærande tankesett er, kan de lese bakgrunnsartikkelen "Lærande tankesett".

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2024

Læringsressursar

Klassens time