Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tema: Press og stress

Mange ungdommar opplever press og stress på skulen og i kvardagen, men stress er ikkje berre negativt. Lær om forskjellane mellom positivt og negativt stress, og korleis du sjølv og klassen kan jobbe for å meistre negativt stress.
Ein mann tek seg til håret framfor ein dataskjerm. Foto.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om stress, og korleis ein kan takle negativt stress på ein god måte. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éi eller to økter og berre jobbe med dei.

Økt 1: Kva er stress?

Kva er forskjellen på positivt og negativ stress? I denne oppgåva lærer de meir om korleis stress verkar. Først skal de diskutere eit par spørsmål med ein annan elev. Deretter skal de sjå ein film om press og stress og jobbe med oppgåver til filmen.

Kva er stress?

Tips til gjennomføring av denne økta

Oppgåvene til filmen kan både gjerast individuelt og i par. Før de gjennomfører opplegget, kan det vere lurt at læraren på førehand har lese artikkelen nedanfor om stress og psykisk helse.

Tips til vidare fordjuping: Viss det blir meir tid til å jobbe med press og stress, kan elevane sjølv lese artikkelen nedanfor og jobbe med oppgåvene som høyrer til.

Stress og psykisk helse

Oppgåver om stress og psykisk helse

Økt 2: Avspenningsøvingar

Korleis kan du bruke ulike avspenningsøvingar for å stresse ned og få auka konsentrasjon? I denne økta skal klassen først gjennomføre eit par korte avspenningsøvingar i fellesskap. Deretter skal de anten gjennomøre ei sitjande avspenningsøving på 6 minutt eller ei liggande avspenningsøving på 11 minutt.

Avspenningsøvingar

Tips til gjennomføring av økta

I første del av denne økta vel læraren eller klassen ut eit par av dei korte avspenningsøvingane. Så prøver de ut øvingane i felleskap under leiinga til læraren.

I andre del av økta gjennomfører de anten den sitjande eller den liggande avspenningsøvinga. Læraren speler av lydfila til den øvinga de har valt i klasserommet. Samanfatt gjerne kort i plenum korleis det var. Det er òg forslag til refleksjonsspørsmål nedst i oppgåva.

Økt 3: Stressmeistring

Korleis kan du meistre press og stress? I denne økta skal de lære om ulike stressmeistringsteknikkar. I første del skal de anten lese artikkelen "Stressmeistring" eller eventuelt høyre på at læraren går gjennom dei ulike teknikkane i artikkelen. I andre del skal de jobbe med oppgåver om stressmeistring. Då skal de diskutere ulike casar i grupper, og de skal øve på å sortere tankar.

Stressmeistring

Oppgåver om stressmeistring

Økt 4: Eit stressmeistrande klassemiljø

For å minske press og stress er det viktig at elevar og lærarar jobbar saman som eit lag. I denne økta skal de lære om korleis klassen og læraren kan minske press og stress i felleskap, og diskutere korleis de kan jobbe saman for å meistre stress.

I første del av økta skal de anten lese artikkelen "Saman om stressmeistring" eller høyre på at læraren går gjennom hovudpunkta i artikkelen i plenum. I andre del av økta skal de jobbe med oppgåver og diskutere i grupper korleis de kan skape eit stressmeistrande klassemiljø.

Saman om stressmeistring

Eit stressmeistrande klassemiljø

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2024

Læringsressursar

Klassens time