Hopp til innhald

Fagstoff

Verknadene av andre verdskrigen

Andre verdskrigen fekk konsekvensar på mange område. Avkolonisering, oppretting av FN og kald krig var blant følgene.
Eit europeisk ektepar i vestlege klede står på kvar si side av ein  tradisjonelt kledd indisk mann. Alle tre smiler der dei poserer for fotografen utanfor eit staseleg hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det europeiske koloniherredømmet går i oppløysing

Frå 1500-talet hadde europeiske land bygd opp store koloniimperium, og i løpet av tidsalderen til imperialismen, 1870-1914, vart nesten heile Afrika lagt under europearane. Det største imperiet var det britiske, men også Frankrike, Spania, Portugal og Nederland hadde mange koloniar spreidde rundt i verda. I fredsoppgjeret etter første verdskrigen hadde den amerikanske presidenten Woodrow Wilson prøvd å få inn i avtalen ei oppmoding til kolonimaktene om å føre meir human politikk mot dei innfødde i koloniane. Han ville sikre dei fleire rettar og ein viss fridom. Dette mislykkast han med.

Ved freden i 1945 hadde dei europeiske kolonimaktene framleis koloniane sine, men no var det ei anna tid. Britane merka det ved opprør i India, sjølve kronjuvelen i samveldet. I 1947 fekk India sjølvstendet sitt, og det vart ein inspirasjon for andre. I åra som følgde, fekk kolonimaktene stadig større vanskar med å halde på makta i dei oversjøiske områda. Resultatet vart langvarige krigar.

Årsakene til avkoloniseringa er samansette, men andre verdskrigen vart ein avgjerande faktor. Kolonimaktene Storbritannia og Frankrike hadde vorte svekte i ei slik grad at dei ikkje lenger makta å setje inn store ressursar for å halde på koloniane. Samtidig vaks det gradvis fram frigjerings- og sjølvstenderørsler fleire stader. I dei var det mange som hadde krigserfaring etter å ha delteke på alliert side under krigen. I Asia hadde dei europeiske kolonimaktene vorte overvunne av Japan under krigen, og etter 1945 var dei ikkje velkomne tilbake.

Dei nye supermaktene Sovjetunionen og USA var begge motstandarar av europeisk kolonialisme. Amerikanarane var denne gongen meir bestemde på å følge opp ønsket om frigjering av koloniane, både av humanitære og økonomiske grunnar. Også den nye internasjonale organisasjonen FN var ein pådrivar for frigjering.

Ein europeisk mann i kvit uniform med mange utmerkingar saman med ein afrikansk mann i dress og mønstra hovudplagg. Sistnemnde held opp eit dokument. Eit antilopehovud er også med på biletet. I bakgrunnen er det ei stor folkemengde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skipinga av Dei sameinte nasjonane - FN

Etter redslane og råskapen under krigen vaks det med freden fram eit sterkt ønske om å unngå nokon liknande krig igjen. Spesielt sidan det no hadde vorte utvikla atomvåpen, som i verste fall kunne øydelegge heile verda. Mistru og hat mellom nasjonane skulle motarbeidast, og ein måtte bygge opp reiskapar for å samarbeide internasjonalt.

Det gamle Folkeforbundet frå 1919 hadde mislykkast i si viktigaste oppgåve, som var å hindre ny verdskrig. I 1945 vart derfor Dei sameinte nasjonane (FN) oppretta. Håpet var at denne organisasjonen skulle vere meir effektiv og kraftfull, han skulle vere ein reiskap for å hindre framtidige krigar og jobbe for varig fred. tredde offisielt i kraft den 24. oktober 1945. Denne datoen er i dag den offisielle FN-dagen. Menneskerettserklæringa frå 1948 vart også eit viktig dokument for det framtidige arbeidet til organisasjonen.

Det viktigaste organet i FN vart Tryggingsrådet, som har hovudansvar for å verne internasjonal fred og tryggleik. Sigerherrane USA, Storbritannia, Frankrike, Sovjetunionen og Kina vart faste medlemmer og fekk . Dette var nødvendig for å få med dei viktigaste landa og for å unngå at FN vart like handlingslamma som Folkeforbundet hadde vore i mellomkrigstida.

FN-flagget. Det er himmelblått med kvite teikningar som viser jordkloden sett frå over Nordpolen. Kloden er omgitt av ein krans av olivengreiner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kald krig

Andre verdskrigen endra verda maktpolitisk. Europa var svekt, og dei tradisjonelle stormaktene Storbritannia og Frankrike hadde vorte andrerangs i forhold til USA og Sovjetunionen, som no stod fram som supermakter. Tyskland vart delt opp i fire ulike okkupasjonssoner, mens Japan fekk ei avgrensa rolle etter krigen.

Under andre verdskrigen hadde dei allierte, trass i ueinigheitene sine, stått saman mot aksemaktene. Dette skulle endre seg etter 1945. Stalins Raude armé okkupert store delar av Aust-Europa og såg ikkje ut til å ville trekke seg tilbake. USA, Frankrike og Storbritannia på si side stolte ikkje på Stalin og frykta kommunismen. I tillegg var det ikkje einigheit om kva som skulle skje med Tyskland.

Det gode forholdet frå krigen kjølna raskt og vart erstatta med mistru, truslar og konfliktar. Dei tidlegare allierte var ikkje lenger venner, og jernteppet senka seg over Europa. Den kalde krigen var på veg.

Den kalde krigen er eit omgrep vi bruker om perioden frå rundt 1945 til cirka1990. Kald krig er ein tilstand med spenning mellom supermaktene USA og Sovjetunionen. Det vart aldri direkte konflikt mellom partane, men perioden er kjenneteikna av ideologiske motsetningar, våpenkappløp, alliansebygging og oppdeling av verda i interessesfærar.

Piggtrådgjerde gjennom ei gate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

FN-sambandet. (2021, 11. mai.). Hva er FN? Henta 11. mai 2022 frå https://www.fn.no/om-fn/hva-er-fn

Knudsen, O. F. (2019, 8. september). Avkolonisering. I Store norske leksikon. https://snl.no/avkolonisering

Knudsen, O. F. (2020, 13. mars). Kald krig. I Store norske leksikon. https://snl.no/kald_krig

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Relatert innhald

Kva blir meint med tysklandsproblemet, og korleis har dei andre europeiske stormaktene prøvd å løyse problemet?

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda