Hopp til innhald

Fagstoff

Frigjeringa av Auschwitz

Den 27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau i Polen frigjort av soldatar frå den sovjetiske raude arméen. Minst 1,1 millionar menneske vart drepne drept i Auschwitz. I ettertid har denne dagen blitt den internasjonale minnedagen for holocaust.
70-årsjubileet for frigjøringen av Auschwitz. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsentrasjonsleiren Auschwitz

Auschwitz var ein nazistisk konsentrasjonsleir i Polen under den andre verdskrigen. Auschwitz blir ofte brukt som ei samlenemning på Auschwitz I som var hovudleiren, Auschwitz II-Birkenau som var utrydjingsleiren og Auschwitz III-Monowitz som var ein arbeidsleir. Leiren vart først bygd som ein fangeleir, men vart altså sidan utvida og vart den største utrydjingsleiren under krigen.

I løpet av krigen vart det bygd fleire gasskammer i Auschwitz. Ein reknar med at minst 1,1 millionar menneske vart drepne i konsentrasjonsleiren. Flesteparten av desse var jødar frå heile Europa, men også sigøynarar, funksjonshemma, homofile og politiske fangar vart drepne. Auschwitz har blitt ståande som det fremste symbolet på Holocaust, det statsleidde folkemordet under den andre verdskrigen.

Norske jødar i Auschwitz

772 norske jødar vart deporterte frå Noreg. Av desse kom berre 34 tilbake. Mellom dei overlevande var Julius Paltiel og Samuel Steinmann som begge overlevde Auschwitz, og som begge har brukt store delar av livet sitt i ettertid på å fortelje om konsentrasjonsleirane og Holocaust. Julius Paltiel døydde i 2008, medan Samuel Stenmann framleis lever og var til stades på markeringa ved Akershuskaia i Oslo, tysdag 27. januar.

Du kan sjå filmen om deportasjonen med M/S Donau i 1942 her på NDLA: M/S Donau : deportasjonen av norske jødar til Auschwitz 26.november 1942

Frigjeringa

Fanger i Auschwitz ved frigjøringen i 1945. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den 27. januar 1945 rulla tanks frå den sovjetiske raude armé inn i Auschwitz. Soldatane møtte eit forferdeleg syn. Dei fann 7 500 fangar i live, utsvoltne og kalde. I tillegg fann dei døde i likstablar, mange hundre tusen kledeplagg og nærmare 50 000 par sko. Eigedelar som var igjen etter alle dei drepne i leiren.

Etter frigjeringa av Auschwitz, vart det oppdaga og frigjort mange konsentrasjonsleirar i løpet av våren.

Markeringa 27. januar 2015

Herman Kahan og Edith Notowicz, norske overlevende fra Auschwitz-Birkenau under minnemarkeringen i januar 2015. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tysdag 27. januar, på Holocaustdagen, vart 70-årsjubileet for frigjeringa av Auschwitz markert på mange stader verda over, og særleg i Europa. Som nemnt vart det i Noreg halden ei markering på Akershuskaia i Oslo ved minnesmerket over dei norske deporterte jødane.

Den største markeringa var i Auschwitz der 300 overlevande og deira familiar, statsoverhovude og kongelege var med i ein sterk minneseremoni. Både seremonien og besøket i leiren i forkant var svært tøft for dei overlevande. Mange har aldri vore tilbake, og mange mista sine kjære her.

Frå Noreg deltok statsminister Erna Solberg, kronprins Haakon og to overlevande, Herman Kahan og Edith Notowicz. Begge er ungarskfødde jødar, men har budd i Noreg etter krigen. Herman Kahan mista heile familien sin i Auschwitz. Edit Notowicz var ei av dei som vart plukka ut til å bli forska på av den berykta legen, Josef Mengele. Mengele vart også kalla "dødsengelen". Han gjorde umenneskelege eksperiment på fangar i leiren, og Notowicz har fortald at ho vart tvangssterilisert utan bedøving av Mengele.

Sjå den sterke dokumentaren om Edith Notowicz på NDLA Film: Dømt til å leve

Relatert innhald

Familien hennar var ungarske jødar. Alle blei sende til Auschwitz under andre verdskrigen. Berre Edith overlevde.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda