Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kontrafaktisk historie – andre verdskrigen

Kontrafaktisk historie er forteljinga om det som ikkje vart. Verda vår i dag er vorte til som ei rekke av hendingar som skjedde slik vi les om dei i historiebøkene. Men kva om andre val hadde vorte gjorde, og historia hadde teke eit anna løp?
Adolf Hitler og andre menn i naziuniform gjer nazi-helsing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kontrafaktisk historie?

Kontrafaktisk historie er forteljinga om det som ikkje vart. Ein måte å forstå historie på er å stille spørsmål om kva som kunne ha skjedd. Dette er ein spennande og utforskande arbeidsmåte for å gå djupare inn i ulike tema.

For å kunne svare på slike spørsmål må du kjenne årsakene til det som faktisk skjedde, og kunne vurdere moglegheitene for alternative forløp av storhendingane.

Tips

Før du svarer på oppgåvene nedanfor, bør du ha lese følgande NDLA-artiklar:

Hitlers veg til makta

Andre verdskrigen

Bakgrunnen for andre verdskrigen

Krigsutbrotet og aksemaktene på frammarsj

Vendepunkt

Krigens slutt, kva no?

Oppgåve

Jobb saman parvis eller i små grupper.

  1. Kva om Hitler ikkje hadde vorte leiar av nazipartiet NSDAP? Ville andre verdskrigen vorte unngått, eller ville det ha komme ein "annan Hitler" og gjort noko liknande?

  2. Kva ville skjedd om Tyskland hadde overvunne Sovjetunionen i 1941–1943?

  3. Hitler vart prøvd drepen fleire gonger under andre verdskrigen. Kva ville skjedd om det hadde lykkast?

  4. Kva ville skjedd om invasjonen i Normandie 6. juni 1944 hadde mislykkast?

  5. Kva ville skjedd om Japan ikkje hadde angripe Pearl Harbor 7. desember 1941?

  6. Kva ville skjedd om USA ikkje hadde brukt atomvåpen mot Japan i 1945?

Til slutt, samanfatt i plenum.

Relatert innhald

Den økonomiske verdskrisa på 30-talet bidrog til at Weimarrepublikken fall i 1933 og vart erstatta med eit nasjonalsosialistisk diktatur.

Den andre verdskrigen var ein global krig, frå 1939 til 1945, som vart utkjempa mellom aksemaktene og dei allierte.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne, Stein Ugelvik Larsen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda