Krigsutbrotet og aksemaktene på frammarsj - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Krigsutbrotet og aksemaktene på frammarsj

Første september 1939 invaderte Tyskland nabolandet Polen, og andre verdskrigen var i gang. Fram til vinteren 1942 var aksemaktene Tyskland, Italia og Japan på frammarsj og kunne ha sigra. Korleis utvikla krigen seg dei første åra?

Tyskland invaderer Polen

Første september 1939 vart Polen invadert av Tyskland. Andre verdskrigen var i gang. Polen hadde lite å stille opp med mot den overlegne tyske krigsmakta. I løpet av nokre veker var Polen nedkjempa og erobra. Til polakkanes store fortviling kom ikkje dei vestlege stormaktene dei til hjelp, trass i løfta som var gitt. For Hitler var krigen mot Polen ei generalprøve på den militære taktikken lynkrig, eller Blitzkrieg, som strategane i landet hadde lagt opp til. Dette var eit koordinert samspel mellom flyvåpen, pansra stridsvogner og mobilt infanteri som ikkje var prøvd ut før.

Mens den tyske hæren nedkjempa Polens forsvar i vest, rykte sovjetiske styrkar inn i Aust-Polen. Hitler og Stalin hadde ei , som skulle sikre at dei ikkje angreip kvarandre. I den hemmelege delen av denne ikkjeangrepspakta vart det avtalt at Sovjetunionen skulle få den austlege delen av Polen og også dei baltiske landa.

Vinterkrigen i Finland 1939–1940

Stormaktsrivaliseringa og spenninga i Europa, særleg mellom Sovjetunionen og Tyskland, auka utover i 1939. Stalin ønskte derfor å skape buffersoner for å sikre seg mot angrep vestfrå. Han forlangte at Finland skulle avstå landområde, men dette vart avslått. Dermed gjekk Sovjetunionen til angrep på Finland i november 1939.

Stalin forventa rask siger, men slik gjekk det ikkje. Sjølv om Sovjetunionens styrkar var militært overlegne, var desse dårleg leidde og til dels dårleg utrusta. Samtidig gav finnane uventa hard motstand, men i lengda kunne dei ikkje stå imot ei slik militær overmakt. Finland slutta fred med Sovjetunionen i mars 1940 og vart tvinga til å gi frå seg store område.

Angrepet på Noreg og Danmark

Den 9. april 1940 innleidde Tyskland ein dristig invasjon av Danmark og Noreg, operasjon Weserübung. Tysklands motiv var samansette. Dei ønskte mellom anna å sikre seg kontroll over norskekysten og tilførselen av den viktige jernmalmen frå Sverige som gjekk gjennom Narvik.

Danmark overgav seg etter kort tid, mens motstanden i Noreg varte i to månader. Angrepet på Noreg kom overraskande og det norske forsvaret var dårleg førebudd. Likevel fekk Tyskland store problem ved Narvik då ein kombinasjon av norske og allierte troppar tok tilbake byen frå tyskarane.

Nederlaget var likevel uunngåeleg for Noreg, spesielt etter at Tyskland invaderte Vest-Europa, og dei allierte troppane som var sende til Noreg måtte brukast andre stader. Kong Haakon 7. flykta til England, og den norske hæren kapitulerte.

Hitler angrip vestover

Sidan krigen braut ut i september 1939, hadde det vore merkeleg stille på fronten i vest. I England vart dette humoristisk kalla "the phony war", eller den falske krigen. Det var få krigshandlingar, og begge sider låg i stillingar på kvar si side av grensa. Franskmennene var avventande og stolte på at festningsverka deira i Maginotlinja langs grensa skulle stå imot alle tyske angrep.

Dette skulle endre seg i mai 1940. Tyskland invaderte dei nøytrale landa Nederland, Belgia og Luxemburg og svinga deretter inn i Frankrike og omgjekk dermed forsvarsverka i Maginotlinja. Lynkrigen fungerte, og den overlegne tyske krigsmaskina rulla over all motstand.

Denne gongen gjekk det heilt annleis enn i 1914. Tyskarane følgde same plan som førre gong, den såkalla Schlieffenplanen. Ein forskjell denne gongen var at militæret var meir mobilt, og dei unngjekk stillingskrig. Franske og britiske styrkar gav motstand, men forgjeves. Frankrike vart erobra, men Tyskland let den sørlege delen, det såkalla Vichy-Frankrike, behalde ein viss suverenitet, men med eit tyskvennleg styre.

Slaget om Storbritannia

Etter det franske nederlaget stod Storbritannia åleine mot Tyskland. Størstedelen av dei britiske styrkane som drog til Frankrike for å slåst mot Tyskland, var tilbake i tryggleik i Storbritannia etter ei dramatisk evakuering frå byen Dunkerque i slutten av mai 1940. Men no var det fare for at øyriket skulle bli invadert av Tyskland.

Det viktigaste forsvaret var Den engelske kanalen og den britiske flåten, men for at ein tysk invasjon skulle lykkast, måtte luftherredømmet først sikrast. Dette blir kalla "slaget om Storbritannia". Det britiske luftforsvaret sigra, og den harde motstanden varsla at ein invasjon av øya ville koste Tyskland dyrt. Hitler vende merksemda austover.

Krigssonene Balkan og Nord-Afrika

I 1940 byrja Hitler å førebu felttoget i aust mot hovudfienden Stalin, kommunismen og Sovjetunionen. I mellomtida hadde Mussolini og Italia invadert Albania og innleidd eit angrep på Hellas. Italia møtte sterk motstand og klarte ikkje å gjennomføre operasjonen.

Hitler bestemde seg for å komme forbundsfellen sin til unnsetning og angreip først Jugoslavia og deretter Hellas. Dei tyske troppane knuste all motstand, og snart var heile Balkan under kontroll av aksemaktene.

Afrika

I Nord-Afrika var Libya ein italiensk koloni, og Mussolini hadde ambisjonar om å erobre områda rundt Middelhavet. For å lykkast måtte britane i Egypt overvinnast. Det italienske angrepet mot Egypt i 1940 mislykkast, og Tyskland måtte sende "Afrikakorpset" til unnsetning for å hjelpe Italia. Dette snudde krigslykka for aksemaktene i Afrika.

Angrepet på Sovjetunionen

I juni 1941 braut Hitler ikkjeangrepspakta med Stalin og innleidde operasjon Barbarossa, angrepet på Sovjetunionen. Både Finland, Romania, Slovakia og Ungarn, i tillegg til forbundsfellen Italia, støtta invasjonen.

For Hitler var angrepet på Sovjetunionen nødvendig. Kommunisme og nazisme var ideologiske motsetningar og dødsfiendar. I tillegg trong Hitler områda for å gi tyskarane Lebensraum, livsrom, til å leve og vekse på.

Hitler hadde mobilisert ein enorm invasjonshær som hadde som mål å knuse Sovjetunionen før vinteren sette inn. Innleiingsvis rykte den tyske hæren hurtig fram og dei sovjetiske militære tapa var overveldande. Men dei tyske forsyningslinjene vart stadig lengre, og etter kvart møtte tyskarane sterkare motstand. Vinteren sette også inn, og den tyske offensiven stoppa opp utanfor Moskva i desember 1941. Sovjetiske motangrep stabiliserte fronten, og Hitlers plan om ein kjapp siger mislykkast.

Sommaren 1942 sette Tyskland i verk ein ny storoffensiv for å avslutte krigen. Denne gongen var fokuset på det sørlege Sovjetunionen med oljefelta i Kaukasus og Stalingrad som mål. Samtidig hadde tyske og italienske styrkar komme langt inn i Egypt og stod overfor eit avgjerande slag mot britane utanfor El Alamein. Dette var på høgda av Tysklands makt.

Krigen i Asia

Sidan 1937 hadde Japan vore i krig mot Kina. Japan mangla viktige råvarer og måtte erobre territorium for å skaffe seg desse. I tillegg ønskte Japan å gjere landet til ei stormakt og fjerne vestleg innverknad i Asia. I 1940 slutta Japan seg til alliansen mellom Tyskland og Italia, den såkalla tremaktspakta som formaliserte forholdet mellom aksemaktene. Formålet var å skape eit nytt Europa og Aust-Asia.

Fram til 1941 hadde Japan ekspandert militært i høgt tempo i Asia. Fransk Indokina, fleire stillehavsøyar og store delar av det austlege Kina hadde vorte okkupert. Utfordringa for Japan var at på eit eller anna tidspunkt måtte den andre stormakta i Stillehavet, USA, bli konfrontert. Den 7. desember 1941 gjekk derfor Japan til angrep på den amerikanske marinebasen Pearl Harbor på Hawaii. USA erklærte då krig mot Japan. Sidan Tyskland og Italia var allierte med Japan, erklærte dei krig mot USA.

Det japanske angrepet på Pearl Harbor fekk USA til å gå med i krigen. Men var det også andre grunnar til at USA gjekk inn? I filmen nedanfor svarer professor Stein Ugelvik på det spørsmålet.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Kjelder

Hatlehol, G. D. (2021, 10. september). Andre verdenskrig. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Opsahl, E. (2021, 18.juni). Vinterkrigen. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/vinterkrigen

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Relatert innhald

Fagstoff
Vendepunkt

I løpet av andre verdskrigen var det ei rekke sentrale vendepunkt.

Skrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022