Frigjeringa av Auschwitz

Konsentrasjonsleiren Auschwitz
Auschwitz var ein nazistisk konsentrasjonsleir i Polen under den andre verdskrigen. Auschwitz blir ofte brukt som ei samlenemning på Auschwitz I som var hovudleiren, Auschwitz II-Birkenau som var utrydjingsleiren og Auschwitz III-Monowitz som var ein arbeidsleir. Leiren vart først bygd som ein fangeleir, men vart altså sidan utvida og vart den største utrydjingsleiren under krigen.
I løpet av krigen vart det bygd fleire gasskammer i Auschwitz. Ein reknar med at minst 1,1 millionar menneske vart drepne i konsentrasjonsleiren. Flesteparten av desse var jødar frå heile Europa, men også sigøynarar, funksjonshemma, homofile og politiske fangar vart drepne. Auschwitz har blitt ståande som det fremste symbolet på holocaust, det statsleidde folkemordet under den andre verdskrigen.
Norske jødar i Auschwitz
772 norske jødar vart deporterte frå Noreg. Av desse kom berre 34 tilbake. Mellom dei overlevande var Julius Paltiel og Samuel Steinmann, som begge overlevde Auschwitz, og begge brukte store delar av livet i ettertid på å fortelje om konsentrasjonsleirane og holocaust. Julius Paltiel døydde i 2008, Samuel Steinmann var til stades på 70-årsmarkeringa ved Akershuskaia i Oslo i 2015, men døydde få månader seinare.
Du kan sjå filmen om deportasjonen med M/S Donau i 1942 her på NDLA: M/S Donau : deportasjonen av norske jødar til Auschwitz 26.november 1942
Frigjeringa

Den 27. januar 1945 rulla tanks frå den sovjetiske raude armé inn i Auschwitz. Soldatane møtte eit forferdeleg syn. Dei fann 7 500 fangar i live, utsvoltne og kalde. I tillegg fann dei døde i likstablar, mange hundre tusen kledeplagg og nærmare 50 000 par sko. Eigedelar som var igjen etter alle dei drepne i leiren.
Etter frigjeringa av Auschwitz, vart det oppdaga og frigjort mange konsentrasjonsleirar i løpet av våren.
Markeringar 27. januar

27. januar er holcoaustdagen, og på denne dagen blir det kvart år halde markeringar over heile Europa. I Noreg blir markeringa halde ved Akershuskaia i Oslo ved minnesmerket over dei norske deporterte jødane.
I Auschwitz er det ei større markering kvart femte år. Ved desse markeringane deltek overlevande, familiane deira, statsoverhovud og kongelege i kjensleladde minneseremoniar. I 2015 var det 300 overlevande til stades. I 2025 var det berre 90 overlevande igjen. Dei er viktige tidsvitne, og snart er det ingen igjen. Dette året var det statsminister Jonas Gahr Støre og kronprins Haakon som deltok frå det offisielle Noreg.
Både seremoniane og besøket i leiren i forkant var svært tøft for dei overlevande. Mange har aldri vore tilbake, og mange mista sine kjære her.
I 2015 var òg Herman Kahan og Edith Notowicz til stades. Begge er ungarskfødde jødar som har budd i Noreg etter krigen. Herman Kahan mista heile familien sin i Auschwitz. Edith Notowicz var ein av dei som blei plukka ut til å bli forska på av den berykta legen Josef Mengele. Mengele blei òg kalla "dødsengelen". Han utførte umenneskelege eksperiment på fangar i leiren, og Notowicz har fortalt at ho blei tvangssterilisert utan bedøving av Mengele.
I Noreg er det i dag berre Edith Notowicz (97 år) som endå lever av dei overlevande frå Auschwitz.
Sjå den sterke dokumentaren om Edith Notowicz NDLA Film: Dømt til å leve.
Relatert innhald
Familien hennar var ungarske jødar. Alle blei sende til Auschwitz under andre verdskrigen. Berre Edith overlevde.