Hopp til innhald

Fagstoff

Vendepunkt

I løpet av andre verdskrigen var det ei rekke sentrale vendepunkt. Dei mest kjende er kanskje slaga om Stalingrad og D-dagen, landgangen i Normandie. I tillegg var det ei rekke andre avgjerande sigrar og faktorar som vippa krigen i favør av dei allierte.
Tolv-femten skip i konvoi under andre verdskrigen. Biletet er teke frå eit fartøy der det er eit norsk flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slaget om Atlanterhavet

Både Storbritannia og Sovjetunionen var avhengige av allierte forsyningar frå USA for å kunne halde fram krigen mot Hitler-Tyskland. Sett frå Tysklands side måtte desse forsyningane stoppast. Hitler sette derfor i verk ein omsynslaus ubåtkrig, som kom til å vare krigen igjennom, for å senke handelsskip til og frå Storbritannia og til Murmansk i Sovjetunionen.

Storbritannia sette inn heile flåten for å nedkjempe ubåtane. Etter kvart som USA for alvor kom med i krigen, vart overmakta til dei allierte for stor, og ubåtane fekk mindre å seie. Dei allierte klarte også å knekke den hemmelege koden til det tyske kommunikasjonssystemet, Enigma, og kunne derfor setje inn målretta angrep mot ubåtane.

Dei tyske ubåtane klarte ikkje å tvinge Storbritannia i kne, og konvoiane med forsyningar til Den raude armé i Sovjetunionen var svært viktige for utfallet av krigen.

Invasjonen av Sovjetunionen

Det tyske overfallet på Sovjetunionen var eit sjansespel som skulle bli avgjerande for Hitlers nederlag. Det var på austfronten den tyske krigsmaskina sakte, men sikkert vart nedkjempa. Tyskland erobra enorme område på kort tid i startfasen til invasjonen, men etter kvart vart forsyningslinjene stadig lengre og vanskelegare å forsvare. Då Moskva skulle erobrast, hadde vinteren komme, og den tyske hæren var utsliten og delvis dårleg førebudd på vinterkulda. Sovjetunionen kunne på si side kaste inn friske og utkvilte soldatar frå Sibir i kampen, og tyskarane vart tvinga til å trekke seg tilbake.

Hitler insisterte på å vere den øvste hærføraren som tok alle dei viktige vala. Han gjorde fleire store taktiske feil som førte til øydeleggande resultat for krigføringa. Stalin var klokare og overlet hærleiinga til sine eigne dyktige generalar.

Stalingrad

I 1942 starta tyskarane på nytt med store offensivar, men måtte innsjå at dei verken hadde nok troppestyrkar eller nok materiell til nokon endeleg siger. Stalin på si side fekk betydeleg materiell hjelp frå sine vestallierte, og sovjetarane utvikla også nye våpen som påverka krigslykka.

Denne gongen var måla oljefelta i Kaukasus og Stalingrad i det sørlege Sovjetunionen. Slaget ved Stalingrad frå august 1942 til februar 1943 skulle bli sjølve symbolet på den oppofrande kampen mot fascismen. I ein usedvanleg brutal bykrig klarte sovjetiske troppar å halde nokre viktige nøkkelpunkt i byen. Deretter starta ein større sovjetisk motoffensiv som omringa Stalingrad og tvinga Hitlers sterkaste armé til å overgi seg.

Slaget ved Stalingrad blir rekna som eit avgjerande vendepunkt i krigen. Sigeren betydde eit enormt oppsving i kampmoralen til dei allierte, og sjansane for tysk siger i krigen var no betrakteleg mindre.

Ei handfull soldatar går framover i rykande ruinar. I bakgrunnen står skjeletta av nokre høge bygardar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kursk

Det endelege militære vendepunktet på austfronten skjedde i 1943 ved byen Kursk. Her vart det siste forsøket til tyskarane på å vinne ein avgjerande siger stansa. Dette er det største panserslaget i historia, og tapa som vart påførte den tyske hæren, kunne aldri erstattast.

Nederlaget betydde at Tyskland ikkje lenger hadde noka moglegheit til å vinne andre verdskrigen.

Krigen i Afrika 1940–1943

Mussolini og Italia hadde ambisjonar om å erobre områda rundt Middelhavet, men for å lykkast måtte britane i Egypt overvinnast. Det italienske angrepet mot Egypt i 1940 mislykkast, og Tyskland måtte sende "Afrikakorpset" til unnsetning for å hjelpe Italia. Dette snudde krigslykka for aksemaktene i Afrika.

Under den dyktige generalen sin, Erwin Rommel, klarte tyskarane å drive fienden nesten tilbake til Suezkanalen før britane under leiing av general Montgomery slo dei i eit avgjerande slag ved El Alamein. Dei allierte dreiv dei tyske og italienske styrkane mot kysten der dei overgav seg i 1943. No kunne dei allierte styrkane i Nord-Afrika brukast andre stader mot Tyskland.

Fleire stridsvogner på veg mot ein rykande slagplass. Soldatar står eller sit oppå dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Landgang på Sicilia i 1943

For å avlaste Den raude armé på austfronten pressa Stalin dei vestallierte for å få ein andre front mot tyskarane i Vest-Europa. Amerikanske og britiske styrkar gjorde landgang på Sicilia i 1943 og dreiv deretter dei tyske og italienske styrkane nordover på det italienske fastlandet.

Italia kollapsa og overgav seg i september 1943, og dei nye italienske makthavarane fengsla Mussolini. I ein dramatisk aksjon frigjorde tyske fallskjermjegerar han frå fengselet, og Mussolini vart evakuert til Nord-Italia saman med dei tyske styrkane. I 1945 tok partisanar han til fange og avretta han.

Krigen snur i Asia

Det japanske angrepet på Pearl Harbor i desember 1941 øydela store delar av USAs stillehavsflåte. Japan fekk initiativet i Stillehavskrigen og kunne no operere fritt og legge under seg europeiske koloniar i Søraust-Asia og den amerikanske kolonien Filippinane. Japan sikra seg slik dei råstoffkjeldene dei hadde ønskt seg frå byrjinga av krigen.

USA var no ein del av andre verdskrigen og la om den amerikanske industrien til ein gigantisk krigsproduksjon. Både Tyskland og Italia erklærte krig mot USA for å støtte sin allierte Japan, men no kunne amerikanarane setje inn store mengder troppar og materiell både i Stillehavskrigen og i Europa. På sikt skulle dette bli avgjerande.

Sjølv om dei allierte var einige om å prioritere krigføringa i Europa, vart mykje av grunnlaget for siger i Stillehavet lagt ved ein avgjerande siger i slaget ved Midway, der Japan mista dei fleste hangarskipa sine. Desse var heilt nødvendige for å drive krigføring til sjøs. Sakte, men sikkert kom USA meir på offensiven i Asia og erobra tilbake øy etter øy frå Japan, som forsvarte seg hardnakka.

Alliert landgang i Normandie: D-dag

D-dagen er eit namn som ofte blir brukt om den allierte invasjonen i Frankrike i 1944. Den 6. juni 1944 kom endeleg den dagen dei okkuperte i Europa lenge hadde sett fram til. Allierte soldatar gjorde landgang i Normandie i ein dristig operasjon, som lett kunne gått gale. Tyskarane hadde laga ei samanhengande festningsrekke frå spanskegrensa i sør til Finnmark i nord, kalla Atlanterhavsvollen. No skulle dei allierte bryte gjennom desse festningsanlegga på Normandiekysten i Frankrike.

Operasjonen var ein suksess, og etter nokre månader med harde kampar vart Frankrike frigjort. Øvstkommanderande for dei allierte, general Dwight Eisenhower, kunne leie divisjonane sine i sluttkampane austover mot Tyskland. Offensiven gjekk raskt med ei overlegen krigsmaskin, og bortsett frå eit større tysk motangrep ved Ardennane vinteren 1944 rykte dei allierte styrkane utan større motstand inn i Tyskland og Austerrike våren 1945.

Soldatar med tunge oppakningar vassar mot strendene frå landgangsfartøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Hatlehol, G. D. (2021, 10. september) Andre verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Rønning, O. M. (2020, 21.juli). Stalingrad. I Store norske leksikon. https://snl.no/stalingrad

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda