Hopp til innhald

Fagstoff

Slutten av krigen, kva no?

Den 30. april 1945 gjorde Adolf Hitler sjølvmord, og 8. mai var krigen i Europa over. I Asia gjekk Japan med på vilkårslaus kapitulasjon i august etter at USA hadde brukt atomvåpen mot Hiroshima og Nagasaki. Kva var fasiten etter krigen, og korleis skulle brotsverka frå krigen straffast?
Ein stor by der alt er utbomba. Restane av bygardane står som tomme skjelett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fasiten etter krigen

Andre verdskrigen var ein katastrofe. Sivilbefolkninga hadde vorte ramma i mykje større grad enn i tidlegare krigar. Det er vanskeleg å anslå det samla talet, men dei fleste går ut frå at omkring 70 millionar menneske mista livet i krigen. Dei fleste var sivile.

Krigen enda Europas dominans, og det kom eit globalt politisk maktskifte. Frankrike og Storbritannia hadde vorte andrerangs stormakter, Tyskland vart oppdelt, mens Japans tid som dominant makt i Asia var over. I staden fekk vi to supermakter: USA og Sovjetunionen. I tiåra etter andre verdskrigen skulle spenninga mellom desse to prege verda gjennom den følgande kalde krigen.

Europakartet vart endra endå ein gong. På Jaltakonferansen i 1945 mellom Stalin, Churchill og Roosevelt hadde dei allierte trekt opp grensene for etterkrigstidas Europa. Store delar av Tyskland vart avstått til Sovjetunionen og Polen, og grensene mot Tsjekkoslovakia og Frankrike skulle tilbakeførast dit dei var før krigen.

For å unngå krig i framtida vart Dei sameinte nasjonane, FN, oppretta. Vi kan derfor seie at demokrati og menneskerettar kom styrkte ut av krigen.

To barbeinte, skamklipte og delvis avkledde kvinner blir førte gjennom gatene av ei stor menneskemengde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Europa i grus

I mai 1945 låg store delar av Europa i grus. Dei fleste av dei tyske byane var utbomba og låg i ruinar, og det meste av det som karakteriserer eit moderne samfunn, fungerte ikkje lenger.

Millionar av menneske var drepne i krigen, og hat og hemnlyst blomstra. Folk tok makta i eigne hender. I Frankrike vart 10 000 såkalla kollaboratørar, folk som hadde samarbeidd med tyskarane, avretta utan lov og dom. I Jugoslavia vart om lag 50 000 tyskætta kvinner og barn drepne av partisanar, eller dei døde av sjukdom og dårleg behandling i fangeleirane som hemn for ein forferdeleg tysk okkupasjon. Døma er mange på ein hemnjustis som i stor grad gjekk ut over kvinner og barn.

Livet skulle gå vidare, og alt måtte byggast opp på ny frå ruinhaugane. Ein streng vinter i 1945–1946 gjorde sitt til at svært mange fraus og svalt i hel, og det varte lenge før matleveransane vart tilfredsstillande igjen. Mat og anna nødvendig vart omsett på svartebørsen, der mange skapte seg grunnlag for seinare formuar.

Det var ikkje berre store delar av Europa som låg i ruinar. I Asia var herjingane i krigen øydeleggande for alle landa der krigen hadde vorte utkjempa.

Eit stort skip og fleire båtar ligg ved kai. Det er mengder av menneske på kaia og i båtane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flyktningar

Etter krigen vandra millionar av menneske rundt utan mål og meining. Dette var frigitte fangar frå fangeleirane, sivile utan bustad, og barn skilte frå foreldra sine. Krigsfangar skulle bringast tilbake til landa dei kom frå, og tvangsarbeidarar frå Aust-Europa bli returnerte til heimlanda sine. Nølinga til dei allierte med å ta imot flyktningar forverra også situasjonen.

Blant dei mange millionane flyktningar i Europa var det 850 000 såkalla displaced persons. Dette var flyktningar utan statsborgarskap, eller som hadde stranda i Tyskland av ulike grunnar. Det var mellom anna tvangsarbeidarar frå sovjetstatane og Aust-Europa, og soldatar som hadde desertert frå Den raude armé. Desse vart sette i eigne leirar og fekk etter kvart lov til å skaffe seg jobbar og eigedom, men fekk ikkje stemmerett og pass.

Tyskarane som budde i avståtte område etter at det nye Europakartet var teikna opp, måtte sendast til det som no var att av Tyskland. Over tolv millionar menneske vart på denne måten frivillig eller med tvang drivne på flukt vestover i det siste krigsåret og i åra som følgde. To millionar av dei døde undervegs, dei svalt eller fraus i hel, eller vart drepe under flukta.

Ein familie står framfor eit bord på ein plass ute framfor ein lang, brakkeliknande bygning. Bak bordet sit tre unge karar som ordnar med papir til familien. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonen for jødane

Jødiske fangar vart frigjorde frå dødsleirane då dei allierte nådde fram til dei i 1944–1945. Tyskarane hadde henta jødar frå heile Europa, og mange kunne ikkje, eller ville ikkje, vende tilbake til dei områda dei kom frå. Mange jødar vart derfor såkalla displaced persons i dei første etterkrigsåra og plasserte i spesielle leirar berekna på denne gruppa flyktningar.

Men det var ei utvikling på gang for å skape ein utveg for dei hundretusenvis av jødar som no var utan heim i Europa. Draumen om eit eige jødisk land vart sterkare og sterkare.

Rettsoppgjer

Etter at aksemaktene hadde kapitulert vart brotsverka frå krigen avslørte, og dei ansvarlege vart stilte for retten i den internasjonale domstolen i . Krigsforbrytarar og andre som hadde samarbeidd med fienden, skulle stillast for retten, og dette skulle gjerast i ordna former og etter demokratiske rettsprinsipp. Styresmaktene ønskte å setje ein stoppar for dei vilkårlege oppgjera som skjedde i mange land, med avrettingar utan lov og dom.

Det var ikkje berre aksemaktene som gjorde seg skuldige i krigsbrotsverk under andre verdskrigen. I filmen nedanfor fortel professor Stein Ugelvik Larsen kvifor desse brotsverka ikkje vart følgde opp etter krigen.

Nürnbergdomstolen

Dommarane og aktoratet i domstolen var utnemnde av dei fire store sigersmaktene USA, Sovjetunionen, Storbritannia og Frankrike. På tiltalebenken stod i første omgang dei mest framståande av dei tyske nazistane som skulle tiltalast. Prosessen strekte seg over fleire år og omfatta etter kvart fleire tusen tiltalte.

Framståande politiske og militære leiarar i Nazi-Tyskland vart skulda for brotsverk mot freden, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja.

I ettertid er kanskje eit av dei viktigaste resultata av Nürnbergdomstolen at han slo fast prinsippet om individuelt ansvar. Mange av dei tiltalte unnskylde seg med at dei berre hadde følgt ordre, men domstolen fann at dette ikkje var nok til å unngå straff. Før Nürnberg hadde det heller ikkje eksistert tiltalemoglegheit for brotsverk mot menneskja. Dette nye punktet har fått langtrekkande verknader fram til i dag.

I videoen nedanfor forklarer professor Stein Ugelvik Larsen kva som var tanken bak Nürnbergdomstolen.

Kjelder

Hatlehol, G. D. (2021, 10. september). Andre verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Relatert innhald

Eitt av kjenneteikna ved andre verdskrigen er dei store sivile tapa.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne, Stein Ugelvik Larsen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda