Hopp til innhald

Fagstoff

Hitlers veg til makta

Den økonomiske verdskrisa på 30-talet bidrog til at demokratiet i Tyskland fall i 1933 og vart erstatta med eit nasjonalsosialistisk diktatur. Med Hitler og nazipartiet ved makta kunne dei gjennomføre "den nasjonale revolusjonen" i Tyskland.
Hitler gestikulerer for ei lita folkemengde av nasjonalsosialistar med nazifaner i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Weimarrepublikken

Weimarrepublikken er eit mykje brukt namn på den demokratiske første fellestyske republikken, som eksisterte frå 1919 til 1933. Det tyske demokratiet hadde store problem med å handtere dei økonomiske og politiske problema som prega mellomkrigstida. Weimarrepublikken enda med Adolf Hitlers maktovertaking i 1933.

Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet, NSDAP, som Hitler vart leiar av i 1921, spelte ei beskjeden rolle ved riksdagsvala i Tyskland på 20-talet. Etter i 1923 sokk oppslutninga. Konsekvensane av den økonomiske verdskrisa utløyst på Wall Street børsen i 1929 vart omfattande i det tyske politiske landskapet i første halvdel av 30-talet.

Verknader av verdskrisa

Nazistane gjorde seg merkte ved å krevje at Tysklands krigsskadeerstatningar skulle avsluttast før folkeavstemminga om ny avtale i 1929. Partiet brukte aktivt propaganda og moderne verkemiddel for å vinne innverknad i Tyskland. Rørsla treivst godt i krisetider og nørte opp om misnøya, om og om kritikken av den manglande evna republikken hadde til å løyse den økonomiske krisa.

Ved valet til Riksdagen hausten 1930 hadde allereie arbeidsløysa nådd 15 %. Parti både på ytre høgre og ytre venstre side auka markant oppslutninga si. NSDAP fekk no 18 % oppslutning, kommunistpartiet (KDP) 13 %. Weimarrepublikken var svært demokratisk og hadde mange parti representerte i Riksdagen. Mange regjeringsskifte og politiske kriser la på 30-talet vegen open for radikale løysingar og leiarar med mykje personleg makt og høge ambisjonar.

I 1932 nådde arbeidsløysa 30 %, og to nye val vart haldne. NSDAP heldt fram den oppsiktsvekkande framgangen hos veljarane med 37 % i juni og 32 % i november. Store delar av middelklassen kjende posisjonen sin trua og ønskte ei handlekraftig regjering som skulle løyse problema og rette opp igjen Tysklands ære.

Eit skjema som viser valresultata for dei ulike tyske partia i perioden. Grafisk framstilling.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tabell Riksdagsvala: Weimarrepublikken 1919–33
RiksdagsvalA: Weimarrepublikken 1919-33 (ca %)

Parti

1919

1920

1924 (mai)

1924 (des)

1928

1930

1932 (juli)

1932 (nov)

1933

KDP

21391114151712

USPD

8181

SPD

382220261025222018

Zentrum

2013141312121311

BVP

43433332

DDP

1995643111

DVP

51391083121

DNVP

10131920157687

NSDAP

73318373244

Andre

2487121244

Demokratiet forsvinn

Trusselen frå kommunistane skremde den tyske middelklassen. Dei var redde for å miste personleg eigedom og verdiar. Samtidig gjekk det føre seg regelrette gatekampar mellom uniformerte og revolusjonære kommunistar. Blant makthavarane i store bedrifter, i hæren og i andre toppstillingar syntest det å vere vilje til å sette Riksdagen til side og heller la ei regjering styre med fullmakter for å ordne opp i kaoset. Hitler fekk aukande sympati i konservative krinsar og blant bedriftsleiarar, og vart fronta som den føretrekte leiaren deira i Tyskland.

Som leiar av det største partiet i landet vart Adolf Hitler beden av president Paul von Hindenburg om å danne ei koalisjonsregjering 30. januar 1933. Herifrå handla Hitler raskt. Som rikskanslar skreiv han ut nyval i håp om å sikre fleirtal åleine for NSDAP i Riksdagen. Fire veker seinare vart riksdagsbygningen sett i brann, truleg av ein kommunist. Viktigare var det likevel korleis brannen vart brukt politisk av Hitler og nazistpartiet. Dagen etter fekk Hitler president Hindenburg til å innføre permanent unntakstilstand for å stoppe det nazistane hevda var starten på ein kommunistisk revolusjon. Ved det siste ordinære riksdagsvalet i mars 1933 fekk NSDAP ca. 44 %, sosialdemokratane ca. 20 % og kommunistane ca. 12 % av stemmene.

Fullmaktslovene

Etter riksdagsvalet i 1933 forlangte Hitler at Riksdagen skulle vedta den såkalla fullmaktslova. Lova gav den sittande regjeringa rett til å vedta lover utan samtykke frå Riksdagen. Hitler og nazipartiet kunne dermed styre utan støtte frå Riksdagen. Inntil vidare vart Weimarrepublikken og det tyske demokratiet avvikla. Mange av dei sentrale leiarane i landet trudde at Hitler kunne kontrollerast og ville moderere den politiske bodskapen sin som leiar i landet.

Hitler greip raskt moglegheita og gjennomførte den nasjonale revolusjonen sin. Då den aldrande president Hindenburg døydde i august 1934, nytta Hitler høvet til å sikre seg full politisk kontroll ved å slå saman statsminister- (rikskanslar) og presidentembetet. Tysklands leiar gjekk frå no under tittelen "Der Führer".

Hitler står i ein open bil og helsar med utstrekte hender. Det er tett i tett med folk omkring. Mange i uniformer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nazifisering av stat og samfunn

I 1934 starta nazifiseringa av stat og samfunn i Tyskland. I løpet av kort tid innførte Hitler eit fascistisk diktatur. Andre parti vart forfølgde eller oppløyste seg sjølve. Dei første konsentrasjonsleirane vart oppretta, der vart "fiendar av staten", som kommunistar og sosialdemokratar, internerte. Dei første åra av NSDAPs "nasjonale revolusjon" vart heile samfunnet lagt under nazistisk innverknad og kontroll. Nye lover vart innførte utan nokon demokratisk prosess. Medlemmer av partiet vart innsette i sentrale stillingar under kontroll av føraren.

Graf som viser korleis arbeidsløysa i Tyskland stig bratt frå 1929, når toppen i 1932 og deretter fell like bratt og nærast forsvinn ved krigsutbrotet. Grafisk framstilling.

Internt i partiet slo Hitler òg ned all potensiell opposisjon. Leiaren i SA Ernst Röhm, som bidrog sterkt til Hitlers vekst, vart fengsla og drepen i 1934. Under den såkalla "dei lange knivars natt", natta til 30. juni 1934, starta ei blodig utreinsking i nazipartiet. Eit hundretals menneske kan ha blitt drepne, både innanfor og utanfor partiet. Operasjonen var leidd av SS og hadde som mål å fjerne alle fraksjonar i rørsla og sikre Hitler all makt.

Verdsøkonomien var på veg oppover frå 1933. Dette kunne nazistane utnytte i Tyskland. Fram mot andre verdskrigen gjekk arbeidsløysa drastisk ned. Nazistane sette i verk statlege byggeprosjekt og rusta opp det tyske forsvaret.

Det breie laget av det tyske folket støtta Hitlers politikk for å gjenreise Tysklands ære. At det nye regimet klarte å avskaffe arbeidsløysa, fekk all kritikk mot regimet til å stilne

Tenk over: "Å følge flokken"

Korleis taklar du gruppepress på skulen?

Ville du opponert mot den nasjonale revolusjonen i Tyskland på 30-talet?

Har du fått med deg dette?

Kjelder

Relatert innhald

Nasjonalsosialismen oppstod i kjølvatnet av første verdskrigen. Rørsla var ekstremt nasjonalistisk og hadde som mål å rette opp igjen Tysklands ære.

Antisemittismen har anar tilbake til mellomalderen. Etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart antisemittisme offisiell politikk i Tyskland.


CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda