Hopp til innhald

Fagstoff

Stillehavskrigen i Asia

Krigen i Stillehavet mellom USA og Japan byrja då Pearl Harbor vart angripe av Japan i 1941. Opptakten var Japansk ekspansjon i Søraust-Asia, alliansen mellom Japan, Tyskland og Italia, og USAs økonomiske sanksjonar. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki avslutta krigen i august 1945.
Soldatar i uniform oppstilte på geledd med gevær. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Japansk ekspansjon

Japans store utfordring etter industrialiseringa i andre halvdel av 1800-talet var å skaffe nok råvarer. Desse måtte anten skaffast gjennom handel eller ved erobring av territorium. Japan var på den sigrande sida i første verdskrigen og fekk dei tyske stillhavkoloniane og dessutan område i Kina. Landet hadde også kontroll over Taiwan og Korea. Dette dekte noko av råvarebehovet, men resten måtte skaffast gjennom handel. Dette vart vanskeleg etter det økonomiske samanbrotet i 1929.

Som følge av den økonomiske depresjonen vaks det fram nasjonalistiske grupperingar som minte om fascisme. I tillegg var det ytterleggåande militære krefter som ønskte ei meir militaristisk linje for å sikre Japans interesser. Resultatet vart ei nasjonalistiske regjering med sterk påverknad frå militæret som ønskte å føre ein ekspansiv politikk for å gjere landet til ei stormakt. Japan ønskte å fjerne vestleg innverknad i Asia og bygge opp ei stolt japansk makt og japansk kultur. Dette vart støtta opp under av rasistiske haldningar, spesielt mot Kina.

Japan går til krig

I 1931 vart den nordaustlege delen av Kina, Mandsjuria, okkupert. Frå 1937 var det full krig mellom Japan og Kina. Fram til 1941 ekspanderte Japan militært i høgt tempo i Asia. Fransk Indokina, fleire stillehavsøyer og store delar av det austlege Kina vart okkupert. Slik var Japan på god veg til å sikre seg dei råvareressursane som landet sårt trong.

I 1940 slutta Japan seg til alliansen mellom Tyskland og Italia, den såkalla tremaktspakta som formaliserte forholdet mellom aksemaktene. Formålet var å skape eit nytt Europa og Aust-Asia.

Den store utfordringa for Japan var at på eit eller anna tidspunkt måtte den andre stormakta i Stillehavet, USA, bli konfrontert. Japan var framleis avhengig av import av olje frå USA, men som følge av alliansen med Tyskland og Italia vart det sett i verk sanksjonar mot Japan. Då Japan så invaderte det nordlege Indokina, stoppa USA all handel og stansa også eksporten av olje.

Japansk ekspansjon:

Kart over Søraust-Asia, Kina, Japan og sørover mot Australia. Piler viser japansk ekspansjon vidt utover,  slik det også blir forklart i teksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pearl Harbor

Japans svar var eit øydeleggande angrep på den amerikanske flåtebasen Pearl Harbor ved Hawaii den 7. desember 1941. Krigen mellom Japan og USA var dermed eit faktum. Tyskland og Italia følgde opp med ei krigserklæring for å støtte alliansepartnaren sin.

Japanarane heldt fram erobringa si sørover, og snart var dei europeiske koloniane i Søraust-Asia på japanske hender saman med øyene i Stillehavet. Den amerikanske industrien la no om til ein gigantisk krigsproduksjon, og snart kunne amerikanarane setje store mengder troppar og materiell inn i Stillehavskrigen.

Eit stort krigsskip brenn. Det er mykje flammar og røyk. Ein liten båt med nokre personar i ligg ute på sjøen litt unna brannen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stillehavskrigen

Etter angrepet på Pearl Harbor og erobringa av Søraust-Asia fekk Japan overtak på USA i Stillehavet. Tilgangen til råvarer var sikra, men dei japanske forsyningslinjene hadde vorte lange.

I 1942 prøvde Japan å eliminere USA som strategisk makt i Stillehavet. Japan trudde endå eit nederlag ville tvinge USA til forhandlingsbordet og avslutte krigen i Stillehavet. Operasjonen mislykkast, og Japan gjekk på eit nederlag i Korallhavet og spesielt i slaget om Midway. Dette hindra vidare japansk framrykking, og den japanske marinen mista fleire av sine svært viktige hangarskip. USA, med den industrielle kapasiteten dei hadde, kunne lettare erstatte militære tap og soldatar enn Japan.

Etter slaget om Midway var dei allierte i Stillehavet på offensiven. Stillehavskrigen vart langvarig då dei amerikanske styrkane måtte erobre øy for øy frå dei japanske styrkane, som forsvarte seg med innbiten motstand. For japanske soldatar var det vanærande å overgi seg levande, dei gav derfor motstand til siste slutt. Dette såg vi spesielt i kampane om øya Iwo Jima. Dei vart usedvanleg harde.

Som eit siste desperat forsøk på å stoppe amerikanarane sette japanarane inn kamikazefly i sluttfasen av krigen. Dette var sjølvmordsfly fulle av sprengstoff som skulle fly rett inn i amerikanske hangarskip.

Soldatar reiser eit amerikansk flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Atombombene

Då krigen slutta i Europa i mai 1945, var framleis store delar av Søraust-Asia og Kina på japanske hender. Det var først med dei to atombombeangrepa på Hiroshima og Nagasaki japanarane overgav seg vilkårslaust.

Utviklinga av atombomba gjekk føre seg over fleire år i USA. Tusenvis av vitskapsmenn hadde i desse åra arbeidd med det såkalla Manhattan-prosjektet, dekknamnet på atombombeutviklinga. Den første prøvesprenginga fann stad 16. juli 1945 og var vellykka. Reint militært var ein no klar til å bruke bomba. Men den amerikanske regjeringa nølte då dei visste kva for enorm verknad ho ville ha.

Det var argument både for og imot bruk, men til slutt gav president Truman den endelege ordren. Den 6. august vart Hiroshima øydelagd og 9. august Nagasaki. Dei sivile tapstala var enorme, både etter sjølve eksplosjonane og som verknad av radioaktiviteten i åra etter.

Professor Stein Ugelvik Larsen forklarer korleis Japans angrep på Pearl Harbor fekk USA med i andre verdskrigen.

Tenk etter

I kva grad er det rett å seie at andre verdskrigen eigentleg starta då Japan gjekk til full krig mot Kina i 1937?

Kjelder

Hatlehol, G. D. (2021, 10.september). Andre verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Hatlehol, G. D. (2021, 10.september). Pearl Harbor. I Store norske leksikon. https://snl.no/pearl_harbor

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Thuesen, N., P. (2022, 11.februar.) Japans historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/japan#-Historie

Relatert innhald

Kvifor valde USA å bruke atombomber mot Japan i 1945? I denne oppgåva skal de sjå på tre ulike oppfatningar av dette spørsmålet og reflektere sjølve.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Stein Ugelvik Larsen og Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda