Hopp til innhald

Fagstoff

FN – ein verdsorganisasjon for fred

Dei sameinte nasjonane (SN eller FN) er ein internasjonal organisasjon som i dag har 193 medlemsland. FN blei oppretta i 1945 og har som mål å hindre krigar og oppnå varig verdsfred. Vi skal her sjå litt på korleis organisasjonen er bygd opp.
FN-flagget. Flagget har blå botn og kvit logo. Logoen er verdskartet inne i sirklar som er omkransa av to krysslagde olivengreiner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FN blei danna etter at den andre verdskrigen tok slutt, i håp om at ein internasjonal organisasjon kunne vere ein reiskap til å hindre framtidige krigar og jobbe for varig fred. trådde offisielt i kraft den 24. oktober 1945. Denne datoen er i dag den offisielle FN-dagen.

Generalsekretæren

FN har ein generalsekretær til leiar. Den første generalsekretæren var nordmannen Trygve Lie, som sat frå 1946 til 1953. I dag (2022) er det portugisiske António Gutteres som har jobben. Den har han hatt sidan 1. januar 2017. Ein av dei viktigaste oppgåvene generalsekretæren har, er såkalla preventivt diplomati. Det vil seie at han jobbar for å hindre at konfliktar oppstår, utviklar seg eller spreier seg. Han skal dessutan setje dagsordenen: Han tek opp saker han meiner bør blir drøfta i eit eller fleire av FN-organa, og han skal ta opp problem som han meiner trugar verdsfreden, i Tryggingsrådet.

Generalforsamlinga

Stor sal med scene, mange bord med sete vender mot scenen. Rommet er rundt med mørke veggar. På scenen er det eit bord med tre sete og eit forgylt område med FNs logo på bakveggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generalforsamlinga har representantar frå alle landa i FN. Ho kjem saman kvar haust. I Generalforsamlinga har alle land éi stemme, og kvar stemme tel likt. Generalforsamlinga representerer stemma til verdssamfunnet, og ein FN- har stor tyngde. Sjølv om ein resolusjon berre er ei tilråding til medlemslanda, er ho å sjå på som den internasjonale offentlege meininga. Det trengst to tredels fleirtal for å få ein resolusjon vedteken.

Tryggingsrådet

Tryggingsrådet er det mektigaste organet i FN. Det er sett saman av 15 medlemsland. Fem av dei er faste, dei andre ti blir valde for to år om gongen. Dei faste medlemmene er USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina. Det er berre Tryggingsrådet som kan nytte militær makt, og i motsetnad til vedtaka i Generalforsamlinga har alle medlemslanda plikt til å følgje avgjerdene i rådet.

Tryggingsrådet sitt hovudansvar er å bevare fred og tryggleik i verda. Dersom freden er truga, kan rådet kallast saman på kort varsel. Tryggingsrådet vil vanlegvis oppfordre partane til å finne ei fredeleg løysing og kan mellom anna ta initiativ til mekling. Rådet har høve til å krevje økonomiske sanksjonar eller kollektiv militær innsats for å tvinge avgjerder igjennom. FN kan sende eigne styrkar eller gir oppdrag til styrkar som handlar i deira stad.

Arbeidsområde

FN jobbar ikkje berre konkret med konfliktløysing og fredsbevaring i konfliktområde, men òg med andre område som indirekte kan verke inn og skape fred. Eit av dei viktigaste områda FN jobbar med, er menneskerettane. Allereie i 1948 utarbeidde FN Menneskerettsfråsegna. Andre område er økonomisk utvikling og kampen mot fattigdom, arbeid for betre helse, for at alle skal få høve til å ta utdanning, og kampen for å stoppe klimaendringane.

Arbeidet med desse områda er også nedfelt i FNs berekraftsmål. Dette er 17 mål for mellom anna å stoppe klimaendringar, utrydde fattigdom og svolt og sikre likestilling og god utdanning. Målsetjinga er at desse måla skal vere nådde innan 2030.

FN-organisasjonar

Innanfor FN-systemet er det mange ulike organisasjonar som har kvar sine hovudområde dei jobbar med. Av dei mest kjende er FNs barnefond – UNICEF, FNs utviklingsprogram – UNDP, FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur – UNESCO og Verdas helseorganisasjon – WHO.

Kjelder

FN-sambandet. (u.å.). Generalsekretæren og sekretariatet. Henta 16. mars 2022 frå https://www.fn.no/om-fn/fns-hovedorganer/generalsekretaeren-og-sekretariatet

FN-sambandet. (2021, 28. juli). Hva er FN? Henta 16. mars 2022 frå https://www.fn.no/om-fn/hva-er-fn

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar