Hopp til innhald

Fagstoff

Det går ganske bra med verda

Kva tenker du når du les denne overskrifta? Trur du på ho? Eller tenker du at sjølv om det er positiv utvikling på nokre område, så går det eigentleg ganske dårleg med verda?
Seks glade unge personar med ulik kulturell bakgrunn tek ein selfie saman. Bygardar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det går betre enn du trur

Det er lett å få inntrykk av at det går skikkeleg dårleg med verda. Vi høyrer om stadige konfliktar, menneske som lever under uverdige forhold, tørke, hetebølger i Europa, kriser og katastrofar. Då er det ikkje rart at nokre tenker at verda er i ferd med å gå under. Når vi blir spurde om korleis det går med verda, trur vi at det går mykje dårlegare enn det faktisk gjer. Kvifor er det slik? Det skal vi sjå nærare på no.

Evolusjon og frykt

Frykt har alltid vore ein viktig eigenskap for menneske. Evolusjonen har fått oss til å frykte det som kan vere farleg for oss, fordi det har hjelpt oss med å overleve. Vi registrerer og kjenner igjen farar raskare enn vi får med oss positive hendingar og moglegheiter, òg når vi les eller høyrer nyheiter (Kahneman, 2013, s. 323). Ting vi fryktar, får stor plass i medvitet vårt, og det blir lett å tru at farane er større enn det dei eigentleg er.

K-slagsida til media

Media gir eit skeivt bilete av verda. Det betyr ikkje at journalistar lyg. Dei prøver å beskrive verda slik ho er, og rapportere frå det som skjer. Samtidig skal media tene pengar, så dei må skrive saker og lage reportasjar som folk les og ser på. Det er her omgrepet k-slagsida til media kjem inn i biletet (Koritzinsky, 2012).

K-slagsida til media handlar om at media rapporterer om akutte hendingar vi menneske er interesserte i. Dermed handlar mange av sakene om ord som byrjar på bokstaven k: krig, kaos, katastrofe og konflikt. Informasjonen om den enkelte saka er kanskje rett, men det inntrykket media gir, er at det er mykje meir krig, kaos og katastrofar enn det som er tilfelle. Alt det positive som skjer, får lite merksemd. Grunnen er at folk er mykje meir interesserte i å lese om eit fly som styrta, enn om endå eit fly som kom trygt fram.

Positiv utvikling skjer sakte og gradvis. Spesielt gjennom dei siste 200 åra har folk flest på jorda fått eit mykje betre og tryggare liv. Det har ikkje skjedd over natta, men gjennom stadige forbetringar av samfunnet. Dette kjem ikkje så tydeleg fram gjennom media.

Hans Rosling og gapminder.org

Hans Rosling (1948–2017) var ein svensk professor i internasjonal helse og statistikk. Han var ein av grunnleggarane av Gapminder Foundation, som gjennom visualisering av statistikk vil gjere sanninga om utviklinga i verda lettare tilgjengeleg for folk flest. Rosling var ein fabelaktig formidlar av statistikk, og han var spesielt oppteken av at media gir oss feil inntrykk av utviklinga i verda.

Sjå gjerne dette TED-foredraget med Hans Rosling:

TED: Hans Rosling: The best stat's you've ever seen

Tenk etter

Tenk deg at du må operere foten din etter ein skade. Du kan få velje om du vil dra tilbake i tid og operere foten ved eit norsk sjukehus på 1950-talet, med den kunnskapen og det utstyret dei hadde då, eller operere foten ved eit norsk sjukehus i dag, med dagens utstyr og kunnskap. Kva vel du, og kvifor vel du det?

Utviklinga over lengre tid ser betre ut

Dersom vi zoomar ut litt og ser utviklinga over ein lengre periode, er det ikkje tvil om at det har gått føre seg mykje positiv utvikling. Både kunnskapen og utstyret ved sjukehusa har blitt vesentleg betre, så dersom du ønsker å ha føter som fungerer, ville det vore rart å velje å reise tilbake til 1950-talet i spørsmålet over. Dette heng saman med berekraftig utvikling, fordi det sørger for at stadig fleire menneske får betre og lengre liv. Og det er akkurat dette som har skjedd i verda.

Trykk på avspelingsknappen i modulen frå Gapminder Tools nedanfor. Han viser utviklinga i forventa levealder frå år 1800 fram til i dag i Noreg, Brasil og Uganda.

Tips til bruk avGapminder Tools

Dersom du bruker Gapminder Tools i fullskjermmodus, kan du gjere mange justeringar av kva som skal visualiserast. Det er òg lettare å lese informasjonen i fullskjermmodus. Dette er noko av det du kan velje:

  • bestemme kva x-aksen og y-aksen skal vise

  • spele av utviklinga over tid ved å trykke på avspelingsknappen

  • velje å framheve nokre land

  • justere avspelingshastigheita

Her følger ein visuell interaktiv figur. Eit utdrag av figuren er gitt att i ein tabell nedanfor.

Tabell: Forventa levealder i Noreg, Brasil og Uganda frå 1800

Forventa levealder

Land

1800

1850

1900

1950

2000

2022

Noreg37,949,553,671,978,983,3
Brasil323231,147,671,273,9
Uganda25,325,327,747,149,666,9

Diskuter

Er forventa levealder eit godt mål på berekraftig utvikling i eit land over tid? Kvifor eller kvifor ikkje?

Betre på dei fleste område

Kva er eigentleg eit godt mål på om utviklinga i verda er positiv? På mange viktige område går det i alle fall i positiv retning. Det blir stadig mindre av mykje som er negativt, til dømes lovleg slaveri, koppesjukdom, oljeutslepp, barnearbeid og dødsfall knytte til katastrofar. I tillegg går det i riktig retning med mykje som er positivt. Jenter som går på skule, delen av befolkninga som bruker internett, leseferdigheiter, vitskapelege artiklar per år, stemmerett for kvinner og tilgang på reint drikkevatn er nokre døme.

Nedanfor kan du undersøke utviklinga i verda på fleire område. Du kan gjerne velje å ha "tid" på x-aksen, og på y-aksen kan du velje ulike faktorar du vil undersøke. Så kan du spele av og sjå utviklinga. Då får du eit godt inntrykk av korleis utviklinga for den valde faktoren er.

Her følger ein visuell interaktiv figur. Utdrag av figuren er gitt att i to tabellar nedanfor.

Tabellar: Utvikling av barnedødelegheit og bruttonasjonalprodukt per innbyggar

Den øvste tabellen viser utviklinga av barnedødelegheit, altså kor mange barn (av 1 000) mellom 0–5 år som døyr. Den nedste tabellen viser bruttonasjonalprodukt per innbyggar. Det fortel oss kor bra det går med landa økonomisk.

Barnedødelegheit – talet på barn av 1 000 som døyr før fylte fem år

Land

1800

1850

1900

1950

2000

2022

Noreg336168134

32,8

4,852,18
Kenya50850850731010636,1
USA32932923237,68,456,62
India50950953628391,631,6
Peru37237237130938,612,6
Bruttonasjonalprodukt per innbyggar (i PPP-dollar)

Land

1800

1850

1900

1950

2000

2022

Noreg1 9102 3204 63012 40059 90067 500
Kenya9199881 1601 6103 2104 880
USA3 6305 18011 50020 80052 10064 700
India1 4801 3501 3601 3102 7307 100
Peru1 5101 3501 5505 0306 66012 700

Betre, men likevel dårleg

Det kan òg vere nyttig å minne seg sjølv på at noko kan vere betre, men samtidig dårleg. Det betyr at utviklinga er positiv, sjølv om tilstanden i seg sjølv er negativ. I underkant av 10 prosent av befolkninga i verda lever i ekstrem fattigdom. Dette er ein dårleg tilstand. Samanlikna med 1990, då 36 prosent levde i ekstrem fattigdom, er det likevel mykje betre enn før (Regjeringen.no, u.å.).

Sjølv om verda stadig blir betre og meir berekraftig, har vi utfordringar på enkelte område. Desse må vi halde fram med å arbeide vidare med, slik at vi får ei verd som både er betre og bra.

Ikkje berre positiv utvikling

Verda har ei positiv utvikling på dei fleste område, men det er òg nokre utfordringar. Med tanke på berekraftig utvikling er det spesielt klima og miljø vi slit med. Det er ein grunn til at omgrep som klimakrise og naturkrise stadig blir brukte. I tillegg går utviklinga for fleire av dei 169 delmåla i berekraftsmåla for sakte med tanke på målsetjingane. Under koronapandemien auka til dømes delen av befolkninga som lever under ekstrem fattigdom, for første gong på fleire tiår (Gapminder Foundation, 2020).

Fleire er òg bekymra for stadig nye krigar og konfliktar, auka forskjellar mellom fattige og rike og demokratiutviklinga i verda. I grafen under kan du sjå demokratiutviklinga i verda sidan 1789. Kva ser du når du ser på det store biletet dei siste 200 åra, og kva ser du dersom du ser på berre dei siste åra?

Her følger ein visuell interaktiv figur. Eit utdrag av figuren er gitt att i ein tabell nedanfor.

Tabell: Utvikling av demokrati i utvalde land frå 1789

Tabellen viser utviklinga av demokrati i utvalde land. Graderinga av kor demokratiske landa er, har fire nivå, frå minst til mest demokratisk: lukka autokrati (0), valautokrati (1), valdemokrati (2) og liberalt demokrati (3).

Demokratiutviklinga i utvalde land frå 1789

Land

1789

1800

1850

1900

1950

2000

2015

2020

2023

Noreg000133333
Russland000001111
USA011123333
Iran000001110
India000002211
Polen000013322

Test deg sjølv

No lurer du kanskje på om du har eit riktig bilete av korleis det går med verda? Dersom du vil sjekke, kan du ta nokre av testane Gapminder har laga om verdsbiletet vårt og berekraftsmåla:

Gapminder: The Worldview Upgrader

Kjelder

Gapminder Foundation. (2020, 19. oktober). The SDGs aren't the same old same old [Video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=v7WUpgPZzpI

Kahneman, D. (2013). Tenke, fort og langsomt. Pax Forlag.

Koritzinsky, T. (2012). Samfunnskunnskap: Fagdidaktisk innføring (3. utg.). Universitetsforlaget.

Regjeringen.no. (u.å.). Bærekraftsmålene for Norge. 1. Utrydde fatigdom. Henta 8. mai 2024 frå https://berekraft.regjeringen.no/baerekraftsmalene-i-norge/utrydde-fatttigdom/

Rosling, H., Rosling, O. & Rönnlund, A. R. (2018). Factfulness: Ti knep som hjelper deg å forstå verden. Cappelen Damm.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar