Hopp til innhald

Fagstoff

Bakgrunn for konfliktar og krig

Det er framleis mange konfliktar og krigar rundt om i verda. Konfliktar, anten dei er lokale, regionale eller globale, kan ha fleire typar årsaker. Her skal vi sjå døme på årsaker dei kan ha.
Opprør i gatene i Libanon. Det er natt, lys kjem frå lyktestolpar. Tåke etter tåregass. Nokre menneske i bakgrunnen spring, i framgrunnen ser vi menn som dekkjer til munn og nase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange konfliktar og krigar

Litt avhengig av korleis ein reknar, så var det mange konfliktar også i 2022. Heidelberg Institute i Tyskland har eit konfliktbarometer der dei målte 21 avgrensa krigar og 21 krigar i 2022. Det var fleire konfliktar og fleire drepne enn året før, mellom anna på grunn av krigen i Ukraina.

Årsaker til konfliktar

Årsakene til konfliktar er ofte samansette av bakanforliggjande og utløysande årsaker. Ein del årsaker er vanlegare enn andre, og er i all hovudsak same typar årsaker som til konfliktar før i tida òg.

Her er nokre døme:

Ressursar

Dette handlar ofte om tilgang til, eller manglande tilgang til, naturressursar. Det kan òg vere andre økonomiske ressursar. Tilgang til naturressursar kan òg samanfalle mellom anna med konfliktar rundt landegrenser. Konfliktar om naturressursar fell inn under interessekonfliktar.

Opprørsgrupper treng òg tilgang til andre ressursar som våpen, rekruttar til soldatar og også tilgang til allierte som kan gi støtte til kampen, både økonomisk og ideologisk.

Landegrenser

Endring av landegrenser har gjennom historia ofte ført til krigar og konfliktar. Det kan vere fordi nokon har underlagt seg fleire landområde, eller fordi ein i etterkant av fredsoppgjer, kolonisering og avkolonisering har trekt nye grenser som ikkje alle har vore fornøgde med. Landegrenser kan òg bety ei anna fordeling av nettopp naturressursar, eller at etniske grupper blir delt opp i fleire land.

Ønske om sjølvstende og frigjering

Historisk sett har dette handla om frigjering frå kolonimakter eller diktatur, men i dag kan det vere separatistar eller grupperingar i ulike land som ønskjer ei lausriving eller skiping av eigen stat. Dette er gjerne basert på språk, religion eller kultur.

Eit nyleg døme her er Sør-Sudan, som vart skilt ut frå resten av Sudan i 2011 etter folkeavstemming. I dag er det borgarkrig i dette nye landet, då det ikkje var like stor semje i sør, med unntak av motstanden mot det Sudan dei skilde seg ut frå. Les meir om konflikten i Sør-Sudan på FN-sambandet sine konfliktsider.

Opprør mot sitjande styre

Opprør mot styresmaktene i eige land er ei vanleg årsak til konflikt. Nokon gonger vil det leie til ein væpna konflikt. Mange av konfliktane dei siste ti åra har ofte starta som opprør mot styresmaktene.

Oversiktsbilete over Tahrir-plassen om kvelden. Demonstrantar er samla. Ein sirkel av gatelys lyser opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den arabiske våren starta med protestar i Tunisia i januar 2011 og spreidde seg til andre land i Midt-Austen og Nord-Afrika i løpet av 2011. Bakgrunnen for protestane var eit ønske om endring av styresettet i landa. Dette var òg dei første opprøra som aktivt brukte sosiale medium. I nokon av landa som følgde opp med opprør, utvikla det seg til borgarkrig. I nokre land vart opprøra slått ned frå styresmaktene si side, medan nokre få fekk til fredelege reformer. Du kan lese meir om den arabiske våren på FN-sambandet sine sider om konflikten.

Ekstremisme og radikalisering

Ekstreme miljø ønskjer store samfunnsendringar og er overtydd om at slike endringar ikkje kan gjennomførast gjennom vanlege demokratiske middel, som demonstrasjonar og val. Dei er dermed villige til å bruke vald eller truslar om vald for å nå måla sine. Ekstreme miljø bruker gjerne terrorisme som verkemiddel.

Etniske motsetningar

Du har lese om at etniske motsetningar kan vere eit døme på ein verdikonflikt. Ofte kan etnisitet vere ei drivkraft i staden for ei bakanforliggjande årsak. Studiar har vist at land med mange etniske grupper ikkje nødvendigvis har større sjanse for borgarkrig, men kan brukast som argument og skape konflikt viss nokre grupper har dårlegare kår økonomisk eller har ulik politisk makt.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2023

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar