Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ei utfordring eller konflikt

Utfordringar og konfliktar pregar både land og verda. Det er mange pågåande konfliktar rund omkring i verda. I tillegg har vi andre utfordringar vi må møte saman som verdssamfunn.
Eit barn på krykker som har mista eit bein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal du utforske?

Du skal utforske ein sjølvvald konflikt eller utfordring i samfunnet i dag. Jobb gjerne saman i grupper på 2–3 elevar. Deretter skal de presentere det de har funne for klassen. Kva presentasjonsform de ønskjer å bruke, er opp til dykk.

Når du skal velje kva du vil utforske, bør du tenkje på om du vil fokusere på ein væpna konflikt eller ei anna utfordring som Noreg, andre land eller verda står overfor.

NB! Du må velje om du vil jobbe med oppgåve 1 eller oppgåve 2.

Oppgåve 1: Utfordring

Vel ei utfordring du meiner er viktig i samfunnet i dag. Utfordringar kan gjerne vere knytte til klimaproblem og berekraftig utvikling, fattigdom eller press på eller mangel på naturressursar.

Først kan det vere lurt å formulere ei problemstilling om det du ønskjer å undersøkje.

Før du byrjar, bør du vurdere følgjande:

  • Kva slags type utfordring skal du velje?
  • Skal du fokusere på ei utfordring i Noreg eller samanlikne den same utfordringa i Noreg med tilstanden i andre land?
  • Skal det vere ei global utfordring med fokus på det internasjonale samfunnet?

Oppgåve 2: Væpna konflikt

Vel ein væpna konflikt som framleis går føre seg i dag eller nyleg har gått føre seg. Du kan gjerne bruke FNs oversikt og informasjon om konfliktar som utgangspunkt.

Det kan vere lurt å formulere ei problemstilling om noko du er spesielt interessert i før du/de byrjar.

Punkt om konflikten de bør ha med:

  • Er det ein verdikonflikt eller interessekonflikt? Kanskje har konflikten element av begge?
  • Kva er bakgrunnen for konflikten? Bruk gjerne lista frå fagartikkelen under om bakgrunn for konfliktar og krigar.
  • Kva partar står mot kvarandre i konflikten? Og får desse partane støtte frå andre, til dømes andre land?
  • Korleis er tilstanden i landet og konflikten i dag?
  • Korleis blir det jobba med fredelege løysingar for konflikten?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar