Hopp til innhald

Fagstoff

Nato, North Atlantic Treaty Organization

I 1949 gjekk Noreg og ni andre vesteuropeiske land saman med USA og Canada og danna ein nordatlantisk forsvarsorganisasjon (Nato). Nato vart etablert ut frå tanken om at ein står stekare saman.
Nato-flagget. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medlemmer

USA, Canada, Storbritannia og Frankrike var blant medlemslanda ved oppstarten i 1949. Både Danmark og Noreg var også med.

I 1950-åra kom tre nye land til, det var Hellas, Tyrkia og dåverande Vest-Tyskland. I 1982 blei Spania medlem. Etter at den kalde krigen tok slutt i 1990, gjekk ei rekke austeuropeiske statar ut av Warszawapakta og blei medlemmer av Nato. I 2024 er det 32 medlemsland i Nato, dei nyaste er Montenegro, Nord-Makedonia, Finland og Sverige.

Warszawapakta

Som ei følge av at Nato blei danna, oppretta Sovjetunionen, saman med ei rekke austblokkland, ein tilsvarande militær organisasjon, Warszawapakta, oppkalla etter den polske hovudstaden der pakta blei signert. Felles for dei landa som blei med i Warszawapakta, var at alle låg som ein buffer mellom Sovjetunionen og Vest-Europa. I tillegg blei alle landa styrte etter same ideologi som Sovjetunionen, nemleg gjennom eit kommunistisk eittpartisystem.

Leiing og diskusjon

Nato blir leidd av ein generalsekretær med sete i Brussel i Belgia. Det er Jens Stoltenberg, tidlegare statsminister i Noreg, som er generalsekretær i Nato (2024), noko han har vore sidan 2014. Han er den trettande i rekka.

Når medlemslanda i Nato diskuterer viktige saker, held dei ikkje avrøystingar for å avgjere saka, men prøver å finne eit alternativ som alle kan gå med på, det vil seie at dei diskuterer seg fram til einigheit (konsensus).

Paragraf 5

I paragraf 5 i vedtektene til Nato står det at eit angrep på éin stat må reknast som eit angrep på alle medlemsstatane. Derfor er alle statane forplikta til å hjelpe til dersom ein medlemsstat blir angripen militært og treng hjelp. 11. september 2001 blei USA ramma av eit terrorangrep der fire kapra passasjerfly blei styrta, og tre av dei gjorde enorme skadar. Den dåverande presidenten i USA, George W. Bush, erklærte at dette var eit angrep på landet, og at USA frå no av var i krig. Det førte mellom anna til at norske overvakingsfly gjekk på vengene og patruljerte austkysten av USA i dagane etter angrepet.

Terrorbalanse

Spenninga mellom stormaktene USA og Sovjetunionen blei større i 1950-åra. Koreakrigen og seinare Vietnamkrigen forsterka den kalde krigen. Både i aust og vest var det atomvåpen nok til å kunne utslette motparten over hundre gonger. Dei rakettane med lengst rekkevidd kunne alt i 1960-åra treffe mål sentralt i USA eller i Sovjetunionen på under ein halv time. Frykta for at konflikten skulle eskalere og føre til ein atomkrig som utsletta jorda, var ein del av dagleglivet under den kalde krigen. Det at eit angrep kan bli fatalt også for den som startar angrepet, kallar vi terrorbalanse.

For å halde oppe ein sterk militær beredskap plasserte Nato det nordlege kommandosenteret sitt på Kolsås i Bærum utanfor Oslo. Herifrå blei heile nordområdet og Barentshavet overvaka døgnet rundt.

Etter den kalde krigen

Etter at den kalde krigen var over, har Nato definert om oppgåvene sine. Særleg viktig er det at ein gjekk inn for at Nato skulle kunne gå inn i konfliktar utan at nokon av medlemslanda var direkte angripne.

Tryggingsrådet i FN har bede Nato om militær hjelp både i Afghanistan og i Libya. I desse konfliktane har Noreg stilt opp med soldatar og kampfly i Afghanistan og bombing i Libya.

Fleire land i Aust-Europa har blitt medlemmer av Nato etter den kalde krigen. Russland har oppfatta dette som ein trussel mot sikkerheita deira, og i 2022 brukte dei Ukrainas ønske om medlemskap i Nato som argument for å gå til krig mot landet. I samband med krigen i Ukraina har også Finland og Sverige søkt medlemskap i Nato. Finland vart medlem våren 2023, men for Sverige tok prosessen med å bli medlem mykje lengre tid. Dette kjem mellom anna av ein konflikt mellom Sverige og Nato-medlemslandet Tyrkia. Først i mars 2024 vart Sverige medlem av Nato.

Tenk etter

  • Sjå på kartet. Kva betydning trur du det har for Noreg at Sverige og Finland har blitt medlemmer av Nato?

  • Kvifor trur du det var viktig for Sverige og Finland å bli med i Nato etter at Russland angreip Ukraina?

  • Undersøk: Kva har tidlegare vore Sveriges og Finlands viktigaste argument for ikkje å vere med i Nato?

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar