Hopp til innhald

Fagstoff

Flyktningar

Krig, konflikt, forfølging og alvorlege brot på menneskerettane er hovudårsakene til at menneske flyktar frå heimane sine.
Ein liten syrisk familie med teppe  og posar på veg gjennom ein flyktningeleir i Irak med telt frå FN. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flyktningsituasjonen i verda

Ved inngangen til 2019 var det 70,8 millionar menneske på flukt. Av desse flykta 29,4 millionar over ei landegrense. 41,3 millionar er på flukt i sitt eige land.

Menneske som har flykta på grunn av naturkatastrofar er ikkje medrekna i tala som er nemnde. Desse kjem altså i tillegg. Det er berekna at 17,2 millionar vart fordrivne av naturkatastrofar i 2018.

Definisjon på flyktningar og internt fordrivne

Flyktningar

FNs flyktningkonvensjon definerer kva ein flyktning er. Der står det at du er flyktning viss:

  1. du er utanfor ditt eige heimland
  2. du ikkje kan eller tør få vern i, eller returnere til, ditt eige heimland
  3. dette er fordi du fryktar forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei sosial gruppe, eller politiske meiningar i ditt eige heimland

Det betyr at det er berre personar som har forlate heimlandet sitt som blir rekna som flyktningar i internasjonal rett.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) vurderer personar som flyktningar når heimlandet deira ikkje kan eller vil gi dei vern, og dei risikerer å bli utsette for forfølging i strid med menneskerettane.

UNHCR meiner det er spørsmålet om ein person treng internasjonalt vern som er viktigast – ikkje kven som står bak forfølginga. Om det er di eiga regjering, ei militsgruppe eller ein familiemedlem som står bak forfølginga, speler ikkje noka rolle for om du skal sjåast på som ein flyktning etter internasjonal rett.

Personar som flyktar frå heimlandet sitt må søkje om asyl eller vern i eit anna land. I folkerettsleg forstand blir du rekna som flyktning viss du oppfyller kriteria i flyktningkonvensjonen – uavhengig av om du har fått opphald i landet du har flykta til. Dei fleste statar kallar deg likevel asylsøkjar fram til asylsøknaden er behandla. Viss søknaden blir innvilga, blir du kalla ein flyktning av statane.

Internt fordriven person

Reglane og rettane i FNs flyktningkonvensjon gjeld altså berre for dei som har flykta til eit anna land. Men dei fleste av menneska som er på flukt i dag, er på flukt i sitt eige heimland. Desse blir kalla internt fordrivne personar (IDP).

Internt fordrivne er personar eller grupper som har vorte tvinga til å forlate heimstaden sin på grunn av konflikt, vald, brot på menneskerettane eller naturkatastrofar. Internt fordrivne blir ikkje rekna som flyktningar fordi dei ikkje har kryssa ei landegrense, men er på flukt i sitt eige land. Dette står i FNs retningslinjer for internt fordrivne (1998).

Internt fordrivne fell ofte mellom to stolar. Deira eigne styresmakter kan eller vil ikkje gi dei godt nok vern, og dei har ikkje krav på internasjonalt vern gjennom flyktningkonvensjonen. Dette betyr ikkje at internt fordrivne ikkje har rettar. Internt fordrivne har dei same menneskerettane som alle andre. I tillegg fastset FNs retningslinjer for internt fordrivne ikkje berre dei internt fordrivne sine rettar, men også pliktene til styresmakter og opprørsstyrkar i alle fasane til flukta. Retningslinjene er ikkje juridisk bindande, men er baserte på internasjonale menneskerettar og humanitære prinsipp.

Rettane til flyktningar

Det er ein menneskerett å søkje om vern i eit anna land.

FNs flyktningkonvensjon vart vedteken i 1951 og er det viktigaste vernet for flyktningane i verda. I konvensjonen står det kven som kan sjåast på som å vere flyktningar, om vern mot retur, og kva rettar flyktningar har.

Flyktningar har rett til å ikkje bli sendt tilbake til eit land der dei fryktar tortur eller forfølging. Dette prinsippet blir kalla "non-refoulement", og er det viktigaste prinsippet i internasjonal flyktningrett.

CC BY-NC-SASkrive av FN-sambandet. Rettshavar: FN-sambandet
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar