Hopp til innhald

Fagstoff

Utfordringar og konfliktar

Utfordringar og konfliktar kan vere litt uklare omgrep. Kva er forskjellen på desse, og korleis høyrer dette heime under globale perspektiv?
Ein FN-soldat med våpen står vakt. Han har hjelm på seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interessekonflikt og verdikonflikt

Det er vanleg å dele konfliktar inn i bakgrunnen for konflikten:

  • Interessekonfliktar
  • Verdikonfliktar

Vi seier at interessekonfliktar handlar om fordeling av eit avgrensa gode, til dømes tilgang til vatn, mineral eller andre naturressursar. Eit døme her er to land eller folkegrupper som er i ein konflikt om eit landområde kor begge har interesser i å kontrollere same område.

Gruvedrift i enkelte land i Afrika, mellom anna Kongo, har så store verdiar at lokale militære grupper kjempar om kontroll over enkeltgrupper. Dette er i all hovudsak interessekonfliktar.

Verdikonfliktar dreier seg om kva ein oppfattar som rett eller gale. Her kan det liggje religiøse, ideologiske og kulturelle motsetningar til grunn. I politikken kan det vere verdikonfliktar, og vi veit at også ein del lokale og regionale konfliktar i fleire land handlar om verdikonfliktar. Den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram har utspringet sitt i Nigeria, eit land med religiøse og etniske spenningar, spesielt etter overgang til sivilt styre på 1990-talet. Konflikten står mellom kristne i sør og muslimar i nord, og Boko Haram bruker terrorisme for å oppnå politiske og religiøse mål, mellom anna sharia-lovgiving, og er i mot vestleg innblanding.

Andre døme her kan vere ulikt syn på kvinner sine rettar, spørsmål om abort, dødsstraff og aktiv dødshjelp.

Mange konfliktar kan ha i seg begge aspektane. Konflikten mellom Israel og Palestina er eit døme her. Denne konflikten er både ein territorial konflikt, altså ein konflikt om landområde, men har òg teke opp i seg konfliktar knytte til religion. Framveksten av Den islamske stat, IS, og krigføringa deira i mellom anna Syria og Irak har utgangspunkt i verdikonflikt og ønske om skipinga av eit nytt kalifat, ei religiøs, overnasjonal styresmakt, men er òg ein interessekonflikt som handlar om makt og kontroll over område.

Væpna konfliktar

Det mange tenkjer på når vi snakkar om konfliktar i det globale samfunnet, er væpna konfliktar – eller krig.

Konfliktar oppstår som regel lokalt, men nokre konfliktar blir regionale og omfattar fleire land og landområde. Ein global konflikt har konsekvensar over heile verda.

Internasjonalt skil ein mellom to hovudkategoriar for væpna konfliktar:

  • Internasjonal væpna konflikt: Væpna konflikt mellom to eller fleire internasjonalt anerkjende statlege aktørar, altså krig. Ein kan bruke omgrepet internasjonalisert væpna konflikt, til dømes når statar støttar ulike partar i ein intern konflikt. Ein har etter kvart òg byrja å inkludere frigjeringskrigar der ein stat kjempar for lausriving frå ei kolonimakt, okkupasjonsmakt eller rasistisk regime.
  • Ikkje-internasjonal væpna konflikt: Dette er væpna konflikt mellom ein stat og éin eller fleire ikkje-statlege grupper, eller berre mellom to eller fleire ikkje-statlege grupper. Vi kallar dette gjerne borgarkrig.

Kva er ei utfordring?

Ei utfordring kan vere så mangt. Døme på utfordringar kan vere naturressursar og ressurstilgang, klimaproblematikk, berekraftig industri eller kraftutbygging. Nokon gonger kan problemstillingar vi ser på som ei utfordring, utvikle seg til ein konflikt.

Lokalt, nasjonalt og globalt

Du skal utforske utfordringar og konfliktar lokalt, nasjonalt og globalt. Hugs at når det står lokalt og nasjonalt, treng det ikkje bety i Noreg. Det finst lokale og regionale konfliktar i andre land òg. Samtidig kan det hende du finn ei utfordring som har eskalert til konflikt i kommunen eller fylket ditt. Kanskje finst det utfordringar her i Noreg som også finst andre stader i verda, eller er eit verdsproblem.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020

Læringsressursar

Utfordringar og konfliktar