Hopp til innhald

Fagstoff

Tysklandsproblemet

Tysklands maktpotensial og plassering sentralt i Europa har gjort landet til midtpunkt i Europas historie dei siste 200 åra. Korleis har dei andre europeiske stormaktene prøvd å løyse dette problemet?
Tanks rullar inn i ein by. Det står soldatar med hjelmar langs den eine sida av gata i forkant av biletet. På den andre sida er det ei stor folkemengde framfor klassiske bygardar med forretningar i første etasje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eigentleg tysklandsproblemet?

Tyskland har vore og er i dag ein betydeleg maktfaktor i Europa. Dette kjem av fleire forhold. Plasseringa gjer landet til geografisk sentrum for Europa. Men befolkningstal, naturressursar og maktpotensial i kombinasjon med stormaktsambisjonar har ført landet ut i ei rekke konfliktar.

Tysklandsproblemet er ei nemning som blir brukt om frykta for at Tyskland, med det enorme potensialet sitt, skal bli for mektig og dermed ein trussel mot tryggleiken i Europa og i verda.

Spørsmålet om korleis dei europeiske stormaktene skal ta omsyn til Tyskland, og korleis landet skal behandlast i fredsoppgjer, har vore sentralt for Europas historie i 200 år.

Preussen og det tyske keisardømmet

Etter Napoleonskrigane (1803–1815) møttest sigerherrane i Wien for å fastsette prinsippa for eit nytt Europa etter tiår med revolusjonar og krigar. Eit sentralt prinsipp var maktbalanse i Europa, der inga stormakt skulle vere sterkare enn dei andre. For at dette skulle fungere, måtte dei tyske områda halde fram med å vere oppdelte i mindre statar. Blant stormaktene i Europa var det felles einigheit om at eit samla Tyskland midt i Europa, ville forskyve maktbalansen.

Portrett av Bismarck i profil. Han har uniform med staselege epålettar, er skalla på toppen av hovudet, men har tjukk bart. Teikning.

Maktbalanseprinsippet fungerte store delar av 1800-talet, men vart utfordra av samlinga av Tyskland i 1871. Den tyske staten Preussen, under leiing av Otto von Bismarck, samla dei tyske områda gjennom tre krigar. Etter at Frankrike var overvunne i 1871, vart keisardømmet Tyskland oppretta. Tysklands nye rolle midt i Europa skremde dei andre stormaktene. Gradvis ser vi no ei endring der det gamle maktbalanseprinsippet i Europa vart erstatta av to maktblokker, og , som stod mot kvarandre.

I åra fram mot krigsutbrotet i 1914 vart Tyskland ei økonomisk stormakt, og alliansebygging, opprusting og nasjonalisme kom til å prege Europa.

Første verdskrigen og Versaillestraktaten

Årsakene til utbrotet av første verdskrigen er samansette, men Tyskland spelte ei sentral rolle. I fredsoppgjeret i 1919 måtte sigerherrane ta stilling til kva som skulle skje med Tyskland. Den amerikanske presidenten Woodrow Wilson ønskte forsoning og ein fredsavtale alle partar kunne leve med. Frankrike, og til dels Storbritannia, ønskte å straffe Tyskland, delvis for å hindre Tyskland frå å bli ein trussel mot verdsfreden ein gong til.

Kart som viser nye statar i Europa etter første verdskrigen. Dei viktigaste kartendringane er skipinga av Polen, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Austerrike, Ungarn, Litauen, Estland, Latvia og Finland. Russland vart til Sovjetunionen. Delar av det osmanske riket vart til Tyrkia. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resultatet vart eit strengt fredsoppgjer som i ettertida har vorte kritisert. Versaillesfreden vart ei audmjuking for Tyskland og skapte ei revansjelyst Adolf Hitler skulle utnytte. Verknaden av første verdskrigen og Versaillestraktaten førte til at mellomkrigstida vart prega av økonomisk kollaps, framveksten av fascismen og aggressiv utanrikspolitikk.

For andre gong på få tiår bevega Europa seg igjen mot verdskrig. I 1939 gjekk Tyskland til angrep på Polen, og andre verdskrigen var eit faktum. Sidan 1870 hadde Tyskland no gått til angrep på Frankrike tre gonger og invadert Russland/Sovjetunionen to gonger.

Korleis løyse Tysklandsproblemet etter 1945?

Etter Tysklands kapitulasjon i 1945 var andre verdskrigen i Europa over. Spørsmålet var no igjen: Kva skulle skje med Tyskland? Etter førre verdskrigen vart landet hardt straffa, men det hadde skapt fleire problem enn det løyste. Skulle sigerherrane gjere noko tilsvarande ein gong til?

Dei allierte var ueinige i korleis Tyskland skulle behandlast. Frankrike og Sovjetunionen ønskte erstatning og forsikringar om at Tyskland aldri igjen skulle bli nokon ny trussel. Storbritannia og USA ønskte å følge ei meir forsonande linje.

Kart som viser dei fire okkupasjonssonene i Tyskland og i Berlin etter andre verdskrigen. Flagga til dei fire okkupasjonsmaktene markerer kvar sine soner: Storbritannia i nord, Frankrike i vest langs grensa mellom dei to landa, USA i søraust, mens Sovjetunionen har den nordaustlege delen av Tyskland. Berlin ligg midt i den sovjetiske sona og er også delt mellom dei same landa. Kart.

Som i Versaillestraktaten vart dei tyske grensene endra, og store område vart fråtekne Tyskland. Samtidig måtte millionar av tyskarar som no enda opp utanfor eigne grenser, bli flytta. På Jaltakonferansen i februar 1945 vart Tyskland og Berlin delt opp i fire okkupasjonssoner administrerte av sigerherrane. Men den kalde krigen førte til at landet etter kvart vart delt opp i ein vestleg og ein austleg del. I 1949 vart desse til to nye statar, Vest-Tyskland (BRD) og Aust-Tyskland (DDR). Same år vart oppretta, og i 1955 vart Vest-Tyskland medlem av organisasjonen. Aust-Tyskland vart deretter medlem av det sovjetiske motsvaret kalla .

I byrjinga av den kalde krigen var Tysklands rolle sentral. Motsetningsforholda mellom aust og vest førte til Berlinblokaden i 1948, der Sovjetunionen isolerte Berlin. Dette var ein forsmak på delinga av Berlin, som vart handfast gjennomført med bygginga av ein mur, Berlinmuren, tvers gjennom byen i 1961.

Brandenburger Tor fotografert frå Vest-Berlin i 1969. Fremst i biletet er det eit enkelt gjerde, bak det eit skilt der det på tysk står ei åtvaring om at ein forlet Vest-Berlin. Deretter ein høg mur framfor sjølve Brandenburger Tor. Inni det historiske monumentet er det hengt opp eit stort symbol for DDR-staten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På mange vis vart forholdet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen forverra av ueinigheiter om kva som skulle skje med Tyskland. Mellom linjene var det underforstått at den som kontrollerte Tyskland, dominerte Europa.

Tyskland blir gjenforeina

Berlinmurens fall i november 1989 var ei av fleire årsaker som påskunda slutten av den kalde krigen. Det fremste symbolet på eit delt Europa var no borte. For Tysklands del innebar dette ei moglegheit til å gjenforeine landet. Sovjetunionen gav sitt samtykke til eit gjenforeina Tyskland sommaren 1990, og samlinga vart fullført allereie i oktober same år.

I dag er Tyskland ein av dei største økonomiane i verda, ein av EUs leiande stormakter og ingen trussel mot verdsfreden.

Er Tysklandsproblemet endeleg løyst?

Kjelder

Julsrud, O. & Oldervoll, J. (2020, 13.januar) Tysklands historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/tysklands_historie

Kissinger, H. (1994) Diplomacy. Simon & Schuster. New York

Tvedt, K.A. (2021, 14. juli) Den kalde krigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_kalde_krigen

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda