Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor brukte USA atombomber i 1945?

I byrjinga av mai 1945 var krigen i Europa over, berre krigen mot Japan stod igjen. I februar 1945 vart det avtalt at Sovjetunionen skulle gå med i krigen mot Japan. Den amerikanske forsvarsstaben hevda at det ville ta halvtanna år å slå japanarane og ønskte ei raskare avslutning av krigen.

For å få til dette vedtok president Truman at ei av dei heilt nyutvikla atombombene skulle sleppast over Japan. Den 6. august vart bomba sleppt over Hiroshima og tre dagar seinare over Nagasaki.

Mellom 60 000 og 80 000 menneske vart drepne momentant i Hiroshima, og minst 140 000 døydde som følge av bomba i løpet av året. Minst 200 000 døde totalt. Rundt 10 000 av dei var militære, resten var sivile.

I Nagasaki døydde om lag 140 000 menneske, berre 150 av dei var militært personell, sidan Nagasaki hadde veldig avgrensa militær interesse.

Ein mann står åleine i eit enormt ruinlandskap. Framfor han står skjelettet av eit hus og noko som kan ha vore tre. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor vart atombombene brukte?

Her skal de få lese utdrag frå tre ulike historikarar og samfunnsforskarar som diskuterer kvifor USA valde å bruke atombomba mot Japan i 1945. Vi skil mellom "tradisjonalistiske" og "revisjonistiske" historieoppfatningar. Den tradisjonalistiske oppfatninga er på mange måtar den offisielle forklaringa som dei fleste godtok i perioden etter krigen. Dei revisjonistiske oppfatningane er av nyare dato og er meir kritiske.

Den tradisjonalistiske oppfatninga

Kjelde 1: Det einaste rasjonelle valet?
Den karakteristiske soppforma røykskya frå ei atombombesprenging. Flyfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelane ved det nye våpenet gjorde avgjerda om å ta det i bruk enkel og innlysande for Truman. Bomba ville kanskje kunne påskynde avslutninga av krigen, utan ein invasjon og utan dei risikoane andre alternativ førte med seg. Trumans viktigaste motivasjon var å tvinge fram ei overgiving så raskt som mogleg fordi han ville redde amerikanske liv. Han var ikkje oppteken av eit eksakt tal sparte menneskeliv, han ønskte fullstendig å unngå amerikanske dødsfall. Japanarane hadde ikkje vist teikn til at dei var innstilte på å avslutte krigshandlingane, og Truman godkjende bomba fordi dette stod fram som den mest sannsynlege måten å sikre amerikansk siger på – på vilkåret til amerikanarane og med minst mogleg tap av amerikanske liv.

Med atombomba nådde Truman sitt viktigaste mål. Angrepet på Hiroshima overtydde til slutt Hirohito om at krigen måtte ta slutt, og avgjerda til keisaren var nødvendig for å få til ei japansk overgiving. Utan atombomba ville krigen ha halde fram og kosta så mange amerikanske liv at Truman og folket han tente, ikkje ville kunna akseptere det.
(Walker, 2016)

Dei revisjonistiske oppfatningane

Kjelde 2: Diplomatisk markering og avskrekking?
Josef Stalin, Nikolai Bukharin og to andre fotograferte utandørs i halvfigur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Faktuma er ganske klare: Dei fleste sentrale amerikanske militære leiarar på den tida såg ikkje på atombombene over Hiroshima og Nagasaki som ei militær nødvendigheit. Amerikansk etterretning hadde knokke dei japanske kodane og visste at den japanske regjeringa prøvde å forhandle om ei overgiving gjennom Moskva. Den forventa russiske krigserklæringa i byrjinga av august, og dessutan forsikringar om at Japans keisar ville få lov til å bli verande på trona som formelt statsoverhovud utan makt, ville føre til at Japan overgav seg. Denne overgivinga ville i så fall skje lenge før ein amerikansk invasjon kunne byrje i november, tre månader seinare.

Historikarane har framleis ikkje noko eintydig svar på kvifor bomba vart brukt. Amerikansk etterretning meinte at krigen mest sannsynleg ville ta slutt om Japan fekk forsikringar rundt keisaren, og det amerikanske militæret visste at dei uansett måtte behalde keisaren for å kontrollere det okkuperte Japan. Det måtte vere noko anna som heilt klart var viktig.

Det vi veit, er at nokre av president Trumans næraste rådgivarar såg på bomba, ikkje berre som eit militært, men også som eit diplomatisk, våpen. Utanriksminister James Byrnes meinte til dømes at bruken av atomvåpen kunne bidra til at USA ville få ei meir dominerande rolle i tida etter krigen. Leo Szilard, ein forskar for "Manhattan Project", møtte Byrnes den 28. mai 1945. Ifølge Szilard var utanriksministeren bekymra for Russlands moglege framferd etter krigen. Han trudde russarane ville bli lettare å ha med å gjere om dei var imponerte over amerikansk militærmakt, og at ein demonstrasjon av bomba ville gjere inntrykk på dei.
(Alperovitz, 2015)

Kjelde 3: Hemn?
Eit stort skip står i brann i eit hamneområde med kraner og tårn. Ein mindre, open båt med ei handfull passasjerar bakkar bort frå brannen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Svaret mitt er svært lett, og det er absolutt ikkje det einaste svaret på dette spørsmålet, berre eitt av mange: Hiroshima var hemnen for Pearl Harbor. Pearl Harbor var den mest traumatiske hendinga i amerikansk historie fram til då, ein katastrofe som langt overgjekk både frigjeringskrigen og borgarkrigen. Begge desse krigane var på ein måte naturlege delar av ein ny nasjons fødsel, med nokre grunnleggande interne sjølvmotseiingar. Pearl Harbor, derimot, var "the Day of Infamy", vanæredagen, som dagen framleis blir kalla.

Hypotesen er altså at USA ikkje kunne tillate Japan å kapitulere før dei hadde fått full hemn for Pearl Harbor. Ein kan innvende at USA allereie hadde fått hemn, at dei fryktelege øydeleggingane B-29-angrepa på Tokyo hadde forårsaka, på alle moglege måtar var større enn øydeleggingane i Pearl Harbor. Men det er ikkje poenget. Det er ikkje eit spørsmål om å forårsake like mykje skade. Pearl Harbor-angrepet hadde ein heilt eigen karakter, og hemnen måtte stå i forhold til han.
(Galtung, 1983)

Spørsmål til kjeldene

  1. Kva er argumenta for kvifor atombomba vart brukt i den tradisjonalistiske oppfatninga? Vurder om argumenta verkar truverdige.

  2. Kven trur du det er mest sannsynleg at delar denne oppfatninga?

  3. Kva er argumenta for kvifor atombomba vart brukt i den revisjonistiske oppfatninga? Vurder om argumenta verkar truverdige.

  4. Kven trur du det er mest sannsynleg at delar desse oppfatningane?

  5. Kva synest du er dei viktigaste forskjellane mellom desse to retningane?

  6. Kva synest du sjølv verkar som den mest sannsynlege forklaringa, og kvifor?

Kjelder

Walker, J. S. (2016, 27. mai). Truman's Obvious Choice. U. S. News. https://www.usnews.com/opinion/articles/2016-05-27/the-atomic-bomb-was-necessary-to-force-a-prompt-japanese-surrender

Alperovitz, G. (2015, 6. august). The War Was Won Before Hiroshima - And The generals Who Dropped The Bomb Knew It. The Nation. https://www.thenation.com/article/world/why-the-us-really-bombed-hiroshima/

Galtung, J. (1983). Why Hiroshima/Nagasaki? Wissenschaftskollega zu Berlin. https://www.transcend.org/galtung/papers/why%20Hiroshima-Nagasaki.PDF

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda