Hopp til innhald

Fagstoff

Krig mot sivile

Eitt av kjenneteikna ved andre verdskrigen er dei store sivile tapa. Kvinner, barn og eldre vart trekte inn i sjølve krigshandlingane eller drepne som følge av ideologiske førestillingar. Tapa av soldatar ved frontane var svært store, men dei sivile tapa var endå større.
Ei mengde menneske i alle aldrar, frå spedbarn til gamle, er samla på ein togperrong. Nokre har stripete fangedrakter. Det er også nokre tyskarar i uniformer der. I bakgrunnen er det eit vakttårn og mykje røyk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig mot sivile

Den andre verdskrigen hadde eit omfang som verda ikkje tidlegare hadde sett. Sivilsamfunnet vart ramma meir brutalt enn i førre verdskrigen, og dei sivile tapstala oversteig dei militære.

Ein total krig

Andre verdskrigen skil seg frå andre krigar ved at heile samfunnet vart trekt inn i krigen. Storbritannia var først ute med å mobilisere alle tilgjengelege ressursar til krig. I Tyskland erklærte propagandaminister Josef Goebbels "total krig" etter nederlaget i Stalingrad i 1943. Frå då vart samtlege ressursar i samfunnet mobiliserte for krig. Det innebar at all sivil infrastruktur og alle ressursar vart legitime mål for motparten. Grensene mellom stridande og ikkje-stridane vart dermed viska ut. Konsekvensane vart enorme sivile tap.

Folkemord og utreinskingar

I andre verdskrigen vart det gjennomført systematiske folkemord og utreinskingar av heile folkegrupper. Mest kjent er holocaust, folkemordet som tok livet av millionar av jødar. På same måte, men i mindre målestokk, gjaldt dette også sigøynarar og homofile.

Rasetenkinga til nazistane førte til råskap, også internt i det tyske riket. Fleire hundre tusen funksjonshemma vart drepne i eigne utryddingsprogram. Japan hadde også rasistiske haldningar mot andre, spesielt mot kinesarar. Krigen i Kina var svært brutal, og i den dåverande hovudstaden Nanjing vart det gjennomført ein massakre der hundretusenvis av menneske mista livet.

På 1930-talet bygde Stalin ut eit omfattande fangeleirsystem i heile Sovjetunionen, . Spesielt leirane i Sibir var berykta. Her vart politiske motstandarar og det som vart rekna som uromoment, plasserte. Under krigen vart heile folkegrupper som Stalin meinte utgjorde ein risiko for krigføringa, deporterte til desse leirane. Ein stor del av dei deporterte døde under umenneskelege forhold.

I filmen nedanfor forklarer professor Stein Ugelvik kva dei tyske sivile visste om skjebnen til jødane.

Behandling av krigsfangar

regulerer korleis krigsfangar skal behandlast. I andre verdskrigen var det mange tilfelle der dette ikkje vart følgt. Spesielt sovjetiske fangar i tysk fangenskap vart behandla dårleg. Dette kunne vere medviten utsvelting, tortur eller forferdeleg behandling i fangeleirane.

Japan oppretta fangeleirar som vart berykta for dei forferdelege forholda der. Fangane måtte arbeide under umenneskelege forhold, og svært mange døydde.

Tyske og tyskallierte krigsfangar som vart tekne til fange av Sovjetunionen, vart plasserte i dei berykta Gulag-leirane. Dei siste krigsfangane kom først heim i 1953, etter Stalins død. Over ein million av dei tyske krigsfangane omkom av svolt, hardt arbeid eller vart slått i hel.

Dei allierte hadde leirar der dei plasserte krigsfangane som kom inn frå slagmarkene. Mange døydde i desse leirane, mykje på grunn av matmangel og sjukdom. Spesielt dei amerikanske leirane var kjende for å gi fangane særleg dårlege vilkår, noko som førte til høge dødsratar.

Eit stort område med mykje stor stein og fangar som arbeider hardt fysisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hemn mot sivilbefolkninga

På Austfronten og i Jugoslavia var eller geriljagrupper eit uromoment for dei tyske okkupantane. Handlingar frå slike grupper retta mot tyske troppar førte gjerne til hemn og gjengjelding mot sivilbefolkninga. Sivile vart avretta og heile landsbyar utsletta. Dette var i tråd med Hitlers beskjed om at sivilbefolkninga i okkuperte land skulle behandlast med største hardleik.

I Kina er den japanske råskapen mot den kinesiske sivilbefolkninga godt dokumentert, sjølv om Japan i ettertid har hatt store vanskar med å innrømme det.

Bombing av sivile

Det første krigsåret bomba det tyske flyvåpenet engelske byar, og mange sivile liv gjekk tapt. Denne terrorbombinga vart seinare systematisk gjengjeldt av den engelske generalen Arthur Harris, "populært kalla "Bomber Harris". Det førte til at opp mot ein million tyske sivile vart drepne som følge av spreng- og brannbomber sleppte over dei store byane.

I Japan var luftkrigen så massivt gjennomført at det amerikanske militæret det siste krigsåret klaga over at det ikkje var fleire bombemål igjen i Japan. Heile Tokyo hadde gått opp i flammar i løpet av 1944–1945. Blant dei få byane som ikkje var utbomba før slutten av krigen, finn vi Nagasaki og Hiroshima, men desse slapp heller ikkje unna.

Råskap mot sivile vart eit av dei alvorlegaste tiltalepunkta i den internasjonale domstolen i etter krigen, men luftkrig og terrorbombing mot sivile kom ikkje med i tiltalane om krigsbrotsverk. Dette fekk store konsekvensar for seinare krigar, til dømes Vietnamkrigen og andre krigar opp mot vår eiga tid.

Tapstal i andre verdskrigen

Andre verdskrigen fekk katastrofale følger. Sjølv om tapstala er usikre, er det grunn til å tru at rundt 70 millionar menneske mista livet.

Dei sivile tapa overgår langt dei militære.

I filmen nedanfor snakkar professor Stein Ugelvik Larsen om korleis det gjekk med dei overlevande jødane etter krigen.

Tenk etter

  • Kvifor går det alltid så hardt utover sivile når det er krig?

  • I kva grad ser vi at sivile blir ramma av krigføring i dag?

Relatert innhald

Under andre verdskrigen bestemde nazistane seg for setje i verk den endelege løysinga på det "jødiske spørsmålet".

Josef Stalin kom til makta på 1920-talet og leidde Sovjetunionen med hard hand og streng kontroll.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne, Stein Ugelvik Larsen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda