Hopp til innhald

Fagstoff

Bakgrunnen for andre verdskrigen

Andre verdskrigen byrja 1. september 1939 då Tyskland invaderte Polen. Korleis kunne det bryte ut endå ein verdskrig i Europa mindre enn 21 år etter at første verdskrigen var slutt? Kva var bakgrunnen, og kva var årsakene til andre verdskrigen?
Hitler i uniform og med armbind med hakekors står i ein open bil og helser på tilhengarar langs vegen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opptakten til andre verdskrigen

Årsakene til andre verdskrigen er samansette og heng saman med Versaillestraktaten, framveksten av fascismen, og økonomiske og politiske kriser i Europa i mellomkrigstida. Likevel er den tyske diktatoren Adolf Hitlers utanrikspolitikk den direkte årsaka til at det vart ny verdskrig i 1939.

Arven frå Versailles

I fredsoppgjeret etter første verdskrigen vart Tyskland, gjennom Versaillestraktaten, tvinga til å godta svært strenge vilkår.

Tyskland måtte ikkje berre ta på seg det juridiske og moralske ansvaret for krigen, men måtte også betale ei gigantisk erstatning for skadar og tap påført under første verdskrigen. Militæret måtte byggast ned, og Tyskland måtte avstå store landområde til nabolanda. Spesielt til det nyoppretta Polen, noko som førte til at Aust-Preussen vart skild frå resten av Tyskland gjennom "den polske korridoren". Tyskland mista også grenseområda Alsace og Lorraine til Frankrike. I tillegg vart det store tysktalande minoritetar i andre land, som til dømes sudettyskarane i Tsjekkoslovakia.

Adolf Hitler brukte audmjukinga som Versaillestraktaten representerte, til å skaffe seg støtte i den tyske befolkninga. Deretter skulle Tyskland få sin rette plass i Europa og igjen bli ei stormakt.

Kart som viser nye statar i Europa etter første verdskrigen. Dei viktigaste kartendringane er skipinga av Polen, Tsjekkoslovakia og Jugoslavia, Austerrike, Ungarn, Litauen, Estland, Latvia og Finland. Russland vart til Sovjetunionen. Delar av det osmanske riket vart til Tyrkia. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Politisk uro og økonomisk samanbrot

Benito Mussolini og tok makta allereie i 1922 i Italia. Framveksten til den fascistiske rørsla heng saman med ein trøblete økonomi og italiensk misnøye etter første verdskrigen der det har vorte hevda at "Italia vann krigen, men tapte freden".

I Tyskland kom Adolf Hitler og nazistane til makta i 1933. Det økonomiske samanbrotet etter børskrakket i 1929 var avgjerande, saman med manglande evne til å handtere det. Tilliten til politikarane i Tyskland var låg, mens den nazistiske rørsla til Hitler treivst godt i krisetider. Nazistane spelte på misnøya med Versaillestraktaten, arbeidsløyse og frykt for kommunistar.

Ekspansjon og aggresjon

Den viktigaste årsaka til andre verdskrigen var ekspansjonen og aggresjonen frå dei diktatorstyrte statane Tyskland og Italia i Europa, og frå Japan i Asia. I Japan fekk ytterleggåande militære krefter stadig meir makt over den politiske leiinga.

Italia hadde utanrikspolitiske ambisjonar om å utvide landegrensene, spesielt i Afrika. Derfor rusta Italia kraftig opp militært under diktator Benito Mussolini. I 1935 gjekk Italia til angrep på Etiopia, utan at Folkeforbundet kunne gjere anna enn å protestere.

I Japan førte den nasjonalistiske regjeringa, med sterk påverknad frå militæret, ein ekspansiv politikk som skulle gjere landet til ei stormakt. Japan ønskte å fjerne vestleg innverknad i Asia og bygge opp stolt japansk makt og kultur. Dette vart støtta opp under av rasistiske haldningar, spesielt mot Kina. I 1931 vart den nordaustlege delen av Kina, Mandsjuria okkupert. Frå 1937 var det full krig mellom Japan og Kina.

Den spanske borgarkrigen 1936–1939

Den spanske borgarkrigen 1936–1939 vart utkjempa mellom general Franco og nasjonalistane på den eine sida og republikanarane på den andre. General Franco sigra og innførte fascistisk diktatur i Spania.

Aksemaktene hjelpte general Franco med store mengder våpen, og Tyskland brukte høvet til å teste ut det nye flyvåpenet sitt. Både Italia og Sovjetunionen sende troppestyrkar til dei krigførande partane og vann på denne måten verdifull kamperfaring. Ingen av dei vestlege landa bidrog med offisiell krigshjelp, sjølv om eit større tal frivillige reiste til Spania for å kjempe på den republikanske sida.

Borgarkrigen viste at dei vestlege demokratia verken hadde vilje eller kraft til å stå imot dei fascistiske kreftene som no reiste seg i Europa.

Ei lang rekke uniformskledde menn står oppstilte med gevær retta framover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aggressiv tysk utanrikspolitikk

Hitler hadde ambisjonar om å gjere Tyskland til ei stormakt og melde landet ut av Folkeforbundet. Ifølge Hitler trong tyskarane livsrom, eller Lebensraum, til å leve og vekse på. Dette innebar å ta ein førarposisjon over landa i vest, og ekspandere territorialt austover på kostnad av slaviske folkeslag. Dette samsvarte ikkje med Folkeforbundets mål om å hindre krig.

Hitler byrja raskt å bryte reglane i Versaillestraktaten etter maktovertakinga. Det vart sett i verk storstilt militær opprusting, og i 1935 vart allmenn verneplikt innført. Same år vart Saar-området på grensa til Frankrike tilbakeført til Tyskland etter folkeavrøysting. I 1936 gjekk tyske troppar inn i Rhinland langs den franske grensa. Området skulle, ifølge Versaillestraktaten, vere demilitarisert. Dette var eit klart brot med vilkåra i traktaten, men verken Frankrike eller Storbritannia gjorde noko anna enn å protestere.

Vennskapsbanda mellom Tyskland, Italia og Japan vart formaliserte i 1936 i den såkalla antikominternpakta. Hitler gav også støtte til Mussolinis aggressive linje i Afrika, og til general Francos borgarkrig i Spania.

Austerrike og Sudetlandet blir annektert

Hitler står i open bil og helsar folkemengda med utstrekt arm i nazihelsing. Folk helsar tilbake på same vis. Naziflagg heng fleire stader. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hitler ønskte å samle alle tyskarar i eit Stor-Tyskland og vende blikket mot nabolanda. I 1938 vart Austerrike innlemma i Tyskland (Anschluss) etter at tyske troppar marsjerte inn i landet. Heller ikkje no vart det sterke reaksjonar frå dei andre stormaktene.

Deretter vende Hitler merksemda mot sudettyskarane i Tsjekkoslovakia, som han hevda skulle bli ein del av det stortyske riket. Frankrike, Italia, Storbritannia og Tyskland møttest i München for å diskutere kravet. Tsjekkoslovakia vart ikkje rådspurt.

Viss Hitler fekk gjennom kravet sitt, skulle han som motyting love å avstå frå framtidige territoriale krav. Den britiske statsministeren Neville Chamberlain aksepterte kravet for å hindre ny verdskrig. Dette førte til den såkalla Münchenavtalen, der Tsjekkoslovakia måtte gi grenseområdet Sudetlandet til Tyskland. Etter at avtalen var signert, erklærte Chamberlain optimistisk at det ville sikre "Fred i vår tid".

Allereie i 1939 vart resten av Tsjekkoslovakia okkupert av Tyskland.

Kart som viser grensene til Tyskland 1933–1939. Saar-området på grensa til Frankrike vart tilbakeført til Tyskland etter folkeavrøysting 1935. Rhinland vart remilitarisert i 1935. Sudetlandet og Austerrike vart annektert i 1938. Resten av Tsjekkoslovakia og Memel vart erobra i 1939. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Appeasement-politikk

Appeasement er eit omgrep som blir brukt om den ettergivande og passive politikken dei allierte førte i mellomkrigstida. Målet var at forsoning og avspenning skulle hindre ny verdskrig.

I tilfelle usemje skulle Folkeforbundet sikre verdsfreden, men organisasjonen var handlingslamma. Dette hang saman med fleire forhold som ramma medlemslanda. Økonomiske nedgangstider og interne problem gjorde at Frankrike og Storbritannia viste liten vilje og evne til å halde oppe verdsfreden. I tillegg hadde USA trekt seg tilbake til isolasjonisme, noko som innebar ikkje å blande seg inn i forhold utanfor Amerika.

I Münchenavtalen augna Neville Chamberlain håp om å unngå ny verdskrig, sjølv om det betydde å ofre delar av Tsjekkoslovakia. Først etter at Hitler våren 1939 braut avtalen og okkuperte heile Tsjekkoslovakia, var tolmodet til dei allierte slutt. Det var no klart for dei fleste at Hitlers ekspansjonspolitikk ikkje var over, og at nye område i aust stod for tur. Frankrike og Storbritannia innleidde militært samarbeid og garanterte for Polens tryggleik.

Ikkjeangrepspakt mellom Hitler og Stalin

I august 1939 vart det underteikna ei ikkjeangrepspakt mellom Tyskland og Sovjetunionen. I ein hemmeleg del av avtalen fekk Stalin frie hender til å erobre tidlegare russiske område i Aust-Europa og den austlege delen av Polen. Samtidig skulle Hitler få frie hender i vest. Avtalen var overraskande og ikkje minst forvirrande sidan desse statane var ideologiske hovudfiendar.

Avtalen gav likevel fordelar til begge partane. Stalin ønskte å vinne tid for å kunne bygge opp dei militære styrkane. Hitler på si side ønskte å ha ryggen fri når han angreip Frankrike. Ein øydeleggande tofrontskrig, som Tyskland opplevde i første verdskrigen, måtte unngåast. Deretter kunne han gå laus på Sovjetunionen.

Fire smilande, middelaldrande menn bak eit arbeidsbord. Ein bunke papir blir halden fram. Stalin er litt annleis kledd med ei uniformsliknande jakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krigen i Europa bryt ut

Tysklands neste territoriale krav var retta mot Polen. Hitler ønskte eit landsamband til Aust-Preussen, som var skild frå resten av Tyskland. 1. september 1939 vart Polen invadert, og to dagar seinare erklærte Storbritannia og Frankrike krig mot Tyskland. Andre verdskrigen var eit faktum.

I filmen nedanfor forklarer professor Stein Ugelvik kva som var årsakene til andre verdskrigen.

Kjelder

Hatlehol, G. D.(2021, 10. september) Andre verdenskrig. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Palmer, R. R. & Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York

Relatert innhald

I løpet av andre verdskrigen var det ei rekke sentrale vendepunkt.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Andre verdskrigen - Europa og verda