Skriv innleiing, avslutning og tittel
Før du gjer denne oppgåva, bør du ha arbeidd med ressursen "Og – ein roman om å vere ny i Noreg".
Når du skriv analysar av tekstar, skal du ha med desse fire delane i denne rekkefølga:
tittel
innleiing
hovuddel
avslutning
Tittelen
Tittelen er namnet du gir teksten din.
Innleiinga
Oppgåva til innleiinga er å fortelje lesaren kva du skal skrive om. Skriv innleiinga etter etter at du har skrive hovuddelen, for det er jo først når du har skrive hovuddelen, du veit kva du skal skrive om i innleiinga.
Hovuddelen
I hovuddelen skal du tolke teksten. Her skriv du om motiv, tema og verkemiddel. Det er lurt å skrive hovuddelen først.
Avslutninga
Det er mange måtar å skrive avslutningar på. I denne oppgåva skal du lære å skrive avslutningar der du reflekterer over temaet. Det betyr at du viser eigne tankar om teksten. Skriv gjerne avslutninga etter at du har skrive innleiinga.
Modelltekst
Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga døme på korleis du kan lage innleiing, avslutning og tittel. Døma i modellteksten er til ein analyse av novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic.
Skriv innleiinga til analysen din av romanen Og. Bruk oppskrifta frå modellteksten over. Hugs på tredelinga:
Presenter forfattar og tekst.
Ei setning om kva romanen handlar om.
Avslutt med eit spørsmål.
Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet.
Skriv avslutninga. Bruk denne todelinga slik det blir gjort i modellteksten:
Svar på spørsmålet frå innleiinga.
Reflekter over novella og temaet.
Lag ein tittel som:
fortel kva temaet i romanen Og er
er kort