Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis blir historia fortald?

Lær meir om ulike måtar forfattarar bygger opp tekstane sine på.

Dette er tredje steg i ein læringssti om komposisjon. Finn første steg ved å gå til artikkelen "Korleis startar forteljinga?"

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:

Roman
Ein roman er eit døme på skjønnlitteratur, altså litteratur som er oppdikta (ikkje sann). Ofte blir romanar gitt ut som eigne bøker.
Novelle
Ei novelle er òg eit døme på oppdikta litteratur (skjønnlitteratur). Noveller pleier å vere kortare enn romanar. Ofte inneheld ei bok fleire noveller (novellesamling).
Forteljemåtar
Ein forteljemåte er ein måte ein forfattar vel å bygge opp historia si på.
Karakter
Ein karakter er ein person i ein roman, ei novelle eller eit drama.
Frampeik
Eit frampeik betyr å peike framover, å vise at noko skal skje.
Kronologisk
Kronologisk betyr at noko følger i rett tidsrekkefølge.
Tilbakeblikk
Eit tilbakeblikk betyr å sjå tilbake i tid.
Parallellhistorie
Parallellhistorier er et verkemiddel. Det er når to handlingar skjer samtidig i ein tekst.

Korleis blir historia fortald?

Forfattaren kan velje mellom ulike måtar å fortelje ei historie på i skjønnlitteratur. Ofte finn du fleire i ein og same tekst.

Kronologisk forteljemåte

Forfattaren kan fortelje historia kronologisk. Det vil seie i den rekkefølga noko faktisk skjer. I eventyr og andre munnlege forteljingar blir handlinga fortald i kronologisk (tidsrekkefølge). Også i er kronologisk rekkefølge det normale.

Tilbakeblikk (retrospeksjon)

Ein annan vanleg forteljemåte er tilbakeblikk (retrospeksjon). Det betyr at handlinga går føre seg både i notid og . Til dømes kan handlinga starte i notid, men så vil vi etter kvart kunne lese om fortida til personane. Desse tilbakeblikka kan gjere at vi forstår personane og handlinga betre. Eller kanskje bruker forfattaren tilbakeblikka for å skape spenning. Det er til dømes ein vanleg forteljemåte i .

Henrik Ibsen – ein meister på tilbakeblikk

Noregs mest kjende forfattar, Henrik Ibsen, var kjend for å bruke tilbakeblikk. Skodespela hans starta i notid, men i løpet av historia blir vi kjende med fortida til karakterane. Slik skjønner lesaren at alle karakterane har nokre hemmelegheiter dei prøver å skjule for dei andre.

I hans aller mest kjende skodespel, Et dukkehjem, fører hemmelegheitene frå fortida til at ekteskapet mellom Nora og Thorvald blir øydelagt.

Frampeik

Ein annan forteljemåte er frampeik. Frampeik er om kva som skal skje seinare. Eit døme er frampeiket i novella "Å drepe et barn" av Stig Dagerman. Novella handlar om ein biltur som kjem til å ende med at eit barn blir drepe.

Vi følger to ulike historier. I den eine historia køyrer ein mann og ei dame i ein bil. I den andre følger vi ein familie med eit lite barn.

Ennå sitter barnet på gulvet og , og mannen som barberer seg, sier at i dag skal de ta en rotur nedover elven, og kvinnen og legger det nyoppskårne brødet på et blått fat.

Det ingen over kjøkkenet, og likevel står mannen som skal drepe barnet, ved en rød bensinpumpe i den første landsbyen. Det er en lykkelig mann. (Dagerman (1948/1987).

Her står det: "[...] likevel står mannen som skal drepe barnet [...]". Lesaren får altså vite kva som skal skje seinare i handlinga. I avslutninga av novella møtest dei to parallellhistoriene, og mannen køyrer på og drep barnet.

Ikkje alle frampeik er like tydelege. Av og til kan frampeika gi små hint om handlinga seinare i historia. Til dømes står det "Det er en lykkelig mann". Men vi lesarar veit meir enn denne mannen. Vi veit at han skal drepe eit barn, og dermed er dette eit frampeik om at han ikkje er lykkeleg når historia er slutt.

Parallellhistorier

Viss forfattaren bruker parallellhistorier, betyr det at hen byter mellom to eller fleire historier i same tekst. Dei ulike historiene har som oftast ulike , men historiene er sette saman i ei og same forteljing.

Kvifor parallellhistorie?

Det kan vere fleire årsaker til at forfattaren vel parallellhistorie. I novella "Å drepe et barn" følger vi både eit ungt par på biltur og ein familie som lagar frukost. Dei to handlingane møtest når bilen med det unge paret køyrer på barnet.

Dagermann vel å bruke parallellhistorier for å skape spenning og for å skape ein kontrast. Det viktigaste i novella er ikkje om barnet blir drepe, men korleis. Stig Dagermann ville vise lesaren kva som kunne skje om ein køyrde utan å følge med på vegen. Når vi både følger sjåføren og den vesle guten parallelt, får vi med begge karakterane.

Gå vidare i læringsstien for å gjere oppgåver om forteljemåten i eit utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei.

Kjelde

Dagerman, S. (1987). "Å drepe et barn". (G. Malmström overs). Henta frå https://ungdomsskole.underveis.co/#/lessons/XXSuTE4OzncGY5PuA4CLW4y4ZAHW7sKH

Relatert innhald