Hopp til innhald
Fagartikkel

Motiv, tema og bodskap

Tre viktige fagomgrep når du skal snakke om skjønnlitteratur, er motiv, tema og bodskap. Lær meir om dei her.

Motiv

Motiv er det vi ser eller opplever i ein tekst. Viss du ser på måleriet Sovende mor med barn av Christian Krohg, er motivet ei mor som søv mens ho barnet sitt.

På same måten kan du beskrive skjønnlitteratur. Når du skal snakke eller skrive om motivet i ei novelle, eit dikt eller ein roman, er motivet det som skjer i teksten. Handlar teksten om ei ung jente som møter ei eldre dame, så er det motivet.

Tema

Temaet er tanken bak teksten. Det er det teksten handlar om for deg når du tolkar han. Rundt biletet Sovende mor med barn vil du kanskje tenke at temaet kan vere kor mykje ei mor elskar barnet sitt? Eller kanskje du tenker at det er fattigdom?

Ein tekst som handlar om ei ung jente som møter ei eldre dame, kan kanskje ha som tema korleis livet forandrar seg, og at vi alle skal bli gamle?

Bodskap

Bodskapen er det forfattaren eller kunstnaren vil fortelje oss. Kanskje Christian Krohg måla biletet Sovende mor med barn for å vise kor slitsamt det er å vere fattig? Då kan bodskapen vere at samfunnet må hjelpe dei fattige.

Bodskapen i teksten om den unge jenta og den gamle dama er kanskje at du må setje pris på livet mens du har det?

Har alle tekstar motiv, tema og bodskap?

Alle tekstar har eit motiv, og alle tekstar har eit tema. Somme tekstar har ein tydeleg bodskap. Det er ofte tekstar som vil fortelje om noko som er gale eller prøve å forandre noko.

Ikkje alle tekstar har dette som mål. Det kan derfor vere greitt å snakke om motiv og tema først. Men viss du synest ein tekst har ein bodskap, bør du òg snakke om eller skrive om det.