Diskuter motiv, tema og bodskap
Før du gjer denne oppgåva, bør du ha lese fagartikkelen "Motiv, tema og bodskap".
Del 1: Jobb åleine
Bla gjennom dei tre måleria over. Pass på å ha dei i fullskjerm. Tenk over kva du meiner er
motiv
tema
bodskap (viss du meiner nokon av bileta har bodskap)
Skriv gjerne ned nokre stikkord du kan ha med til diskusjonen i del 2.
Del 2: Diskuter saman
Set dykk saman i grupper på tre–fire elevar. Fortel kvarandre kva de meiner er motiv, tema og bodskap i bileta.
Del 3: Samanfatt i klassen
Diskuter saman i klassen kva de meiner er motiv, tema og bodskap i bileta.
Del 1: Jobb åleine
Les diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen, ein diktar frå Eritrea. Tenk over kva du meiner er
motiv
tema
bodskap (viss du meiner diktet har bodskap)
Skriv gjerne ned nokre stikkord du kan ha med til diskusjonen i del 2.
Del 2: Teikn diktet
Korleis vil du teikne diktet? Lag ei teikning som du synest får fram motiv, tema og/eller bodskap.
Del 3: Diskuter saman
Set dykk saman i grupper på tre–fire elevar. Fortel kvarandre kva de meiner er motiv, tema og bodskap i diktet. Vis kvarandre teikningane de laga, og forklar kvifor de teikna som de gjorde
Del 1: Jobb åleine
Les novella "Gutten" av Margaret Skjelbred. Skriv ned kva du meiner er motiv, tema og bodskap (viss du meiner novella har ein bodskap.).
Del 2: Diskuter saman
Set dykk saman i grupper og diskuter kva de meiner er motiv, tema og eventuell bodskap i novella.
Forklar skriftleg og med eigne ord kva fagomgrepa motiv, tema og bodskap betyr. Du skal ikkje bruke hjelpemiddel.
Les forklaringane høgt i klassen og gi kvarandre tilbakemelding på om forklaringane fungerer.