Oppgåve
Teikn spenningskurva i eit eventyr
Undersøk spenningskurva i eventyret "Dei tre bukkane Bruse".
Dette er sjette trinnet i ein læringssti om komposisjon. Finn første trinnet ved å gå til fagartikkelen "Korleis startar forteljinga?"
Les eventyret "Dei tre bukkane Bruse". Gjer desse oppgåvene i par eller grupper:
Teikn opp det de meiner er spenningskurva i eventyret. Bruk dei same omgrepa som i illustrasjonen under.
Beskriv det de meiner er konflikten i eventyret, og diskuter kva løysinga på konflikten er.
Gå vidare i læringsstien for å lære om ulike måtar å avslutte forteljingar på.
Relatert innhald
Fagstoff
Korleis sluttar historia?Korleis sluttar forteljinga? Les om ulike måtar forfattarar avsluttar skjønnlitteratur på.