Hopp til innhald
Oppgåve

Diskuter tre ulike innleiingar

I denne oppgåva skal de lese tre ulike innleiingar. Kvifor trur de innleiinga er som ho er?

Dette er andre trinnet i ein læringssti om komposisjon. Finn første trinnet ved å gå til fagartikkelen "Korleis startar forteljinga?"

Tre ulike innleiingar

Jobb i grupper:

No skal de lese tre ulike opningar på romanar og noveller. Dette er oppgåva:

  1. Diskuter korleis temaet og konflikten viser seg i innleiinga. Vi har skrive kva som er temaet og konflikten over utdraget. De skal plukke ut setningar og ord de synest viser kva teksten skal handle om.

  2. Diskuter kva slags type opning forfattaren har brukt. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis startar forteljinga?"

Døme 1. "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale

Novella "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale handlar om ein ung mann som heiter Trygve. Han jobbar på eit bryggeri.

  • Temaet i novella er utanforskap, og kor slitsamt livet i arbeidarklassen er.

  • Trygve har ein indre konflikt: Han hatar jobben sin, men veit han bør ta seg saman og tene pengar til seg sjølv og den gravide kona si.

Du kan òg høyre utdraget på ebok.no. Trykk på "Gratis utdrag" til venstre.

Trygve våkna av at den kommunale kom oppover veien. bada soverommet i et , hvitt lys. Han brukte de første våkne minuttene foran soveromsvinduet. Snøfillene i mørket, og i et øyeblikk kjente han den barnslige gleden som ofte følger med snø – spesielt årets første. Vekkerklokka begynte å ringe, og han skrudde den av uten å ta øynene fra veien, som hadde vært nedsnødd nå hadde det ikke vært for brøytebilen. Det var mandag, og han hadde brukt store deler av søndagen på å grue seg til å stå opp tidlig. Tone . Hun hadde snudd seg rundt på magen og sov med armene under puta. Trygve lurte på om det var bra for ungen. Det var sikkert en dum tanke. Hun var bare to måneder , og det var ikke en gang mulig å se at hun var gravid. Trygve lukka øynene og fanga et gjesp med . Han la seg ned i senga igjen og ble liggende og høre på snorkinga til Tone. Det han hadde mest lyst til, var å legge seg under dyna og krype inntil henne, men han måtte opp.

(Dale, 2016, s. 9)

Tekst: Jan Kristoffer Dale / Avgrensa bruksrett

Døme 2. Og av Veronica Salinas

Romanen Og av Veronica Salinas handlar om ei argentinsk kvinne som flyttar til Noreg. Du kan høyre innleiinga på ebok.no. Trykk på "Gratis utdrag" til venstre.

  • Temaet i novella er språk, identitet, og kor vanskeleg det er å klare seg i eit samfunn utan å kunne språket.

  • Konflikten i romanen er at hovudpersonen ikkje kan språket godt nok til å bli ordentleg kjend med andre menneske. Dette fører til at ho kjenner seg einsam.

Døme 3. Hør her'a av Gulraiz Sharif

Romanen Hør her'a er ein roman om Mahmoud, som veks opp på austkanten i Oslo. Romanen har mykje humor, men tek òg opp alvorlege tema.

  • Eit av temaa er identitet, og korleis det er å vekse opp som minoritet i eit rikt land der majoriteten har mykje pengar og fridom til å kjøpe det dei vil.

  • Ein av konfliktane i romanen er Mahmouds problem med å passe inn. Han kjenner sinne mot "kvite nordmenn", men blir òg sliten mellom pakistanske og norske verdiar.

Sommerferie, as. Veldig deilig for norske nordmenn, men jeg lover deg ikke noe deilig for oss utlendinger uten penger! Hva skal vi gjøre da? De har sånn sjøhytte, fjellhytte, havhytte, fastlandshytte, kysthytte, sånn der læreren lærte oss, ja, sånn derre skjærgårdshytte, mann! Pluss Sverigehytte, du vet, Nesoddenhytte. Tenk deg, de har hytte rett ved Oslo! Ikke at alle norske nordmenn kommer fra Oslo, men da jeg hørte det, jeg holdt på å Liksom, du vil ha utedo, du bare kjører litt bort fra Oslo til utedo. Og så er de der i flere uker. De plasserer de hvite og rosa rompene sine på sånne dritskumle svarte hull, også er det et lass med dritt under dem. Jeg får hjerteattakk av de doene, jeg får sånn , mann.

(Sharif, 2023, s. 7)

Tekst: Gulraiz Sharif / Avgrensa bruksrett

Kjelder

Dale, J. K. (2016). Arbeidsnever. Oslo: Kolon Forlag.

Sharif, G. (2023), Hør her'a. Cappelen Damm Forlag.

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om ulike forteljarmåtar i skjønnlitteratur.

Relatert innhald