Hopp til innhald
Fagartikkel

Miljøskildring

Miljøskildring er vanleg i skjønnlitteratur, men kva er det?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Skjønnlitteratur
Skjønnlitteratur er litteratur som er dikta opp, ikkje sann. Det motsette av skjønnlitteratur er sakprosa, som skal vere sann og handle om verkelegheita. Døme på skjønnlitteratur er roman, novelle og drama.
Karakter
Ein karakter er ein person i romanar, noveller og andre tekstar i litteraturen. Ein kjend karakter i norske eventyr er til dømes Espen Oskeladd.
Forfattar
Ein forfattar er ein person som lever av å skrive tekstar.
Skildring
Ei skildring er ei beskriving. Til dømes kan ein forfattar lage skildringar av personar eller stader.

Kva er ei miljøskildring?

Når vi snakkar om miljø i skjønnlitteratur, meiner vi

  • sosiale miljø, altså beskrivingar av gruppene hovudpersonen tilhøyrer, til dømes eit miljø i ei , eller

  • stadsbeskrivingar, som kan vere beskrivingar av hus, gater, rom og byar

  • naturskildringar, det vil seie beskrivingar av til dømes naturen, veret eller årstider

Eit døme på beskriving av stad

Novella "" av Jan Kristoffer Dale opnar med ei miljøskildring. Her blir både omgivnadene og veret beskrive:

Trygve våkna av at den kommunale kom oppover veien. bada soverommet i et , hvitt lys. Han brukte de første våkne minuttene foran soveromsvinduet. Snøfillene i mørket, og i et øyeblikk kjente han den barnslige gleden som ofte følger med snø – spesielt årets første. Vekkerklokka begynte å ringe, og han skrudde den av uten å ta øynene fra veien, som hadde vært nedsnødd nå hadde det ikke vært for brøytebilen. Det var mandag, og han hadde brukt store deler av søndagen på å grue seg til å stå opp tidlig. (Dale, 2016, s. 9)

Kvifor vel forfattaren å opne teksten med ei miljøskildring, trur du? Kanskje for å få deg til å sjå for deg korleis miljøet rundt hovudpersonen er? Miljøskildringar er eit verkemiddel som ofte blir brukt for å skape bilete i hovudet til lesaren.

Eit døme på sosialt miljø

Romanen Og av Veronica Salinas beskriv miljøet i to ulike delar av byen Buenos Aires slik:

Yogaskolen lå nord i sentrum av Buenos Aires,
der folk fra overklassen bor.

Der gaten min var full av balkonger
med klær til tørk og blomster,
var balkongene her ryddige og nakne.
Løse steiner på fortauene hos oss,
fine faste stabile her.
Som om brosteinene bare var til pynt.
Hundebæsj overalt hos oss,
og her knapt et .
(Salinas, s. 27, 2017)

Ved å fortelje om korleis husa og gatene ser ut, får ho fram kor ulikt dei rike og dei med mindre pengar har det.

Eit døme på naturskildring

Romanen historie av Maja Lunde handlar om . I denne framtida er biene borte. Maja Lunde ønsker å vise lesaren kor viktig det er å ta vare på naturen og jobbe mot klimaforandringar. Slik beskriv ho naturen i ei framtid utan bier:

Det blåste fra sør, fra skogen. Den var mørk og vill mot de hvitblomstrende frukttrærne som fremdeles sto uten , men om noen få uker ville skogen være en , grønn vegg. Vi oppsøkte den aldri, hadde ingen oppgaver der. Men nå gikk det rykter om at også skogen skulle rives opp og beplantes.
En flue kom surrende derfra, et sjeldent syn. Det var flere dager siden jeg hadde sett en fugl, det var blitt færre av dem også. De jaktet på de få insektene som fantes, og sultet, de også. (Lunde, 2016, s. 9)

Legg merke til at skogen er "mørk" og "vill", og at menneska vil rive han. Fuglane "svalt". Lunde bruker naturskildringane til å vise lesaren at vi må handle no, viss ikkje blir naturen øydelagd.

Kjelder

Dale, J. K. (2016). Arbeidsnever. Oslo. Kolon Forlag.

Lunde, M. (2016). Bienes historie. Aschehoug.

Salinas, V. (2017). Og. Cappelen Damm.