Personskildring
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Skjønnlitteratur
- Skjønnlitteratur er litteratur som er dikta opp, ikkje sann. Det motsette av skjønnlitteratur er sakprosa, som skal vere sann og handlar om verkelegheita. Døme på skjønnlitteratur er roman, novelle og drama.
- Karakter
- Ein karakter er ein person i romanar, noveller og andre tekstar i litteraturen. Ein kjend karakter i norske eventyr er til dømes Espen Oskeladd.
- Forfattar
- Ein forfattar er ein person som lever av å skrive tekstar.
- Skildring
- Ei skildring er ei beskriving. Til dømes kan ein forfattar lage skildringar av personar eller stader.
Når personar blir skildra direkte i skjønnlitteratur, fortel forfattaren oss korleis dei ser ut og kva slags eigenskapar dei har. Til dømes beskriv J.R.R. Tolkien hobbitane slik i boka Hobbiten :
Hobbitene er (eller var) et lite folk, omtrent halvparten så høye som oss, og mindre enn de skjeggete dvergene. Hobbiter har ikke skjegg. Det er lite eller ingenting av trolldom ved dem, bortsett fra den vanlige hverdagslige sorten som hjelper dem å forsvinne stille og raskt når svære, dumme folk som deg eller meg kommer tumlende fram og bråker som elefanter så de kan høre det en fjerdingmil unna. De (...) har lange, flinke, brune fingrer, godmodige ansikter og ler dypt og fyldig (særlig etter middag, som de spiser to ganger om dagen så sant de kan). (Tolkien, 1972, s. 2)
I tillegg til direkte skildring kan vi lære om personar gjennom det dei seier, gjer, og korleis dei oppfører seg. Dette blir kalla indirekte personskildring. Ofte bruker forfattarar ei blanding av direkte og indirekte skildring.
Les den første sida av J.K. Rowlings Harry Potter og Mysterikammeret. Kva for eit inntrykk får du av familien Dumling?
Det var en krangel ved frokostbordet i Hekkevegen 4, og det var ikke første gang. Herr Wiktor Dumling hadde nemlig blitt vekket av høye, tutende lyder fra rommet til nevøen, Harry. "Det er tredje gang denne uka!" brølte han over bordet. "Hvis du ikke kan holde styr på denne ugla, så skal den vekk!" Harry prøvde enda en gang å forklare. "Hun kjeder seg bare," sa han. "Hun er vant til å fly ute. Hvis jeg bare fikk slippe henne ut om natten, så..." "Ser jeg dum ut, eller?" snerret onkel Wiktor, med en bit speilegg dinglende fra den svære barten. "Tror du ikke jeg vet hva som skjer hvis den ugla slipper ut?" Han vekslet et mørkt blikk med sin kone, Petunia. "Dudleif får nok å spise, ikke sant, gutten min?" Harry prøvde å komme med flere argumenter, men ordene druknet i et lang høyt rap fra herr og fru Dumlings sønn, Dudleif. (Rowling, 2015, s. 1.)
Tenkte du at Herr Dumling verka dum og slem, mens Dudleif var litt ekkel og bortskjemd? Det vil nok mange vere einige i. Men forfattaren skriv ikkje dette direkte i teksten. I staden er det måten Dumlingane oppfører seg på, som får deg til å føle dette. Onkel Wiktor ropar, han har speilegg i barten, og Dudleif rapar høgt.
Dette er typisk for den indirekte personskildringa. Vi karakteriserer personane ut frå
oppførselen deira (kva dei gjer)
utjånaden deira (korleis dei ser ut)
replikkane deira (kva dei seier)