Hopp til innhald
Fagartikkel

Forteljar og synsvinkel

Når vi snakkar og skriv om romanar og noveller, bruker vi fagomgrepa forteljar og synsvinkel. Kva betyr desse omgrepa?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:

Forfattar
Ein forfattar er ein person som lever av å skrive tekstar.
Skjønnlitteratur
Skjønnlitteratur er tekstar som er fantasi. Døme på skjønnlitteratur er roman, novelle og drama.
Forteller
Ein forteljar i skjønnlitteratur er den personen forfattaren har valt til å beskrive det som skjer i teksten.
Autoral
Autoral betyr at forteljaren står utanfor historia.
Personal
Personal betyr at forteljaren er med i historia.
Karakter
Ein karakter er ein person i romanar, noveller og andre tekstar i litteraturen. Ein kjend karakter i norske eventyr er til dømes Espen Askeladd.

Forfattar og forteljar

Alle tekstar har ein forfattar. Forfattaren har skrive forteljinga. Når forfattaren skriv, vel hen ein forteljar.

I denne artikkelen skal du lære om desse fire ulike måtane ein forfattar kan velje å fortelje historia på:

  1. Autoral forteljar med synsvinkel

  2. Autoral forteljar med synsvinkel

  3. Autoral forteljar med allvitande synsvinkel

  4. Personal forteljar

Autoral forteljar

Ein autoral forteljar er ikkje med i historia. Forteljaren ser berre kva som skjer, men er ikkje ein av ane. Viss forteljinga er skriven i tredje person (han, ho), viser det at forteljaren er autoral.

Autoral forteljar med ekstern synsvinkel

Når forfattaren vel ein autoral forteljar med ekstern synsvinkel, betyr det at vi ikkje kjem inn i tankane til nokon av personane i teksten.

Eit døme kan du lese i novella "Det ødelagte gjerdet" av Bjarte Breiteig. Utdraget handlar om ein gammal mann og ei gammal dame. Ingen av dei er forteljaren. I staden er det ein autoral forteljar som fortel historia, og vi kjem ikkje inn i tankane til nokon av personane:

Og så er det sommer, og de sitter på , han og hun, de gamle to, i hver sin med lyseblått . Det er nesten for varmt, sier hun, den gamle damen. Ja, svarer han, men vi er for gamle til å svette. For gamle til å svette, sier hun. Hun kaffe til seg selv, fra den brune med oransje blomster, ned i med oransje blomster. Og hun spør om han vil ha. Han svarer ikke, og hun i til ham også, oransje blomster. (Breiteig, 1998)

Autoral forteljar med allvitande synsvinkel

Å vere allvitande betyr "å vite alt". Når ein autoral forteljar kan komme inn i tankane til fleire personar i historia, seier vi at han er allvitande. Denne forteljaren kan òg fortelje kva som skjer i framtida, og han veit meir om historia enn personane som er med i ho.

Les til dømes utdraget frå novella "Å drepe et barn" av Stig Dagermann. I teksten kjem vi inn i tankane til "" og "mannen". I tillegg startar utdraget med å fortelje at mannen skal køyre på eit barn, noko han sjølv ikkje veit.

Det ingen skygge over kjøkkenet, og likevel står mannen som skal drepe barnet ved en rød bensinpumpe i den første landsbyen.[...] Piken setter seg i bilen, og mannen som skal drepe et barn tar opp lommeboken og sier at de skal kjøre til havet, og ved havet skal de låne en båt og ro langt ut. Gjennom de åpne vinduene hører piken i forsetet hva han sier, hun lukker øynene, og da hun lukker øynene, ser hun havet og mannen ved siden av seg i båten. Det er ingen ond mann, han er glad og lykkelig [...]. (Dagerman, S., 1948/1987)

Autoral forteljar med intern synsvinkel

Ein autoral forteljar kan velje å sjå historia gjennom ein av personane. Då får vi vite kva denne personen tenker og kjenner. Det blir brukt pronomen i tredje person, som han eller ho. Sjå til dømes på dette utdraget frå novella "Gutten" av Margaret Skjeldbred:

Da visste han at mormor hadde ringt og snakket med faren. Og han visste at de lave stemmene i stua om kveldene snakket om ham og moren. Og han kjente at han var så lei seg at hvis han begynte å gråte nå, ville han aldri, aldri slutte, så han snudde seg og gikk ut , ut i bilen, uten å si et ord til henne. (Skjelbred, 2019, s. 64)

Her ser vi historia gjennom auga til "han" – guten.

Personal forteljar

Den personale forteljaren er lett å kjenne igjen sidan pronomenet "eg" blir brukt. Vi ser historia gjennom auga til "eg". Sjå til dømes på dette utdraget frå romanen Og av Veronica Salinas:

Monika passer en liten gutt.
Jeg passer to jenter.
Vi ser på barna leke sammen.
Monika peker på ordene "" og "vanskelig".
(Salinas, s. 65, 2017)

Test deg sjølv

Har du forstått det du har lese over? Test deg sjølv i oppgåva under. Du kan gjerne gå saman med ein annan i klassen.

Forklaring

Døme 1:

Eg kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane mine. Dei kikka så vidt opp, men såg straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte eg og gjekk til pulten min der eg drog opp iPhonen. Læraren kom inn. Eg såg at det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa.

Forklaring:

Her er det ein eg-forteljar. Då må forteljaren vere personal. Synsvinkelen ligg hos eg-personen heile tida.

Døme 2:

Han kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane sine. Dei kikka så vidt opp, men såg straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte han og gjekk til pulten sin der han drog opp iPhonen. Læraren kom inn. Han såg at det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa.

Forklaring:

Her er det ein tredjeperson-forteljar (han). Då er forteljaren autoral. Vi kjem berre inn i hans tankar, altså har den autorale forteljaren lagt synsvinkelen til "han". Då er det ein autoral forteljar med intern synsvinkel.

Døme 3:

Han kom inn i klasserommet og såg på medelevane. Dei kikka så vidt opp, men såg straks tilbake til mobiltelefonane sine. Han gjekk til pulten sin mens han kikka surt på ungdommane i klasserommet. Då han sette seg ved pulten, drog han opp iPhonen. Læraren kom inn. Det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa.

Forklaring:

I motsetning til førre døme kjem vi ikkje inn i tankane til nokon av personane. Det er ein autoral forteljar som beskriv ansiktet til han som "surt". Dermed er det ein autoral forteljar med ekstern synsvinkel.

Døme 4:

Det skulle bli ein dag som få andre. Men det visste ikkje han, der han kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane sine. Dei kikka så vidt opp, men såg straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte han og gjekk til pulten sin der han drog opp iPhonen. Læraren kom inn mens det lyste blått frå skjermen hennar. "Treff på Tinder?", tenkte ho .

Forklaring:

Dei to første setningane viser at forteljaren veit meir enn karakterane i historia. Forteljaren veit at det skal skje noko uvanleg i framtida. I tillegg går forteljaren inn i tankane til både "han" og læraren, noko som er typisk for den autorale allvitande forteljaren.

Kjelder

Breiteig, B. 1998. Fantomsmerter. Aschehoug Forlag.

Dagerman, S. (1987). "Å drepe et barn". (G. Malmström overs). Hentet fra https://leseverktoy.app.fagbokforlaget.no/1/7/4

Salinas, V. (2017). Og. Cappelen Damm.

Skjelbred, M. (2019). Hadde jeg vinger – Noveller. Tiden Norsk Forlag.