Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skriv ein analyse av OG

Oppgåve

Nivå 2: Skriv om temaet i Og

Korleis skriv du eit godt avsnitt om tema? I denne ressursen skal du lære å skrive avsnitt ved hjelp av modelltekstar og setningsstartarar.

Før du gjer denne oppgåva bør du ha arbeidd med ressursen "Og – ein roman om å vere ny i Noreg".

Del 1: Kva er "tema"?

Temaet i ein tekst er det forfattaren eigentleg vil fortelje og få deg til å tenke over. Når du skriv om temaet, du teksten, i motsetning til når du skriv om . Då skal du berre skrive om handlinga i teksten.

Modelltekst

Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga ein modelltekst som viser deg korleis du kan skrive eit avsnitt om temaet i ein tekst. Vi har brukt novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic i dømet.

Del 2: Skriv sjølv om tema

Skriv eit avsnitt om temaet i romanen Og. Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet. I tillegg kan du bruke tipsa og under når du skriv avsnittet.

Tips

Romanen Og har fleire tema. Vel det du synest er det viktigaste, men her er nokre forslag:

  • språk og identitet

  • kommunikasjon

  • å kjenne seg framand og åleine i eit nytt land og ein ny kultur

Før du skriv avsnittet, er det lurt å finne eit sitat du vil bruke. Finn eit sitat som du synest viser godt kva nettopp du meiner er temaet i romanen.

Setningsstartarar

  • Temaet i romanen er ...

  • Hovudpersonen kjenner seg ...

  • Dette kjem fram når hovudpersonen tenker ...

  • Sitatet viser korleis ...

  • Romanen viser altså korleis ...

Kommentar

Legg merke til orda "Dette", "Sitatet" og "altså" i setningane over. Dette er tekstbindarar. Tekstbindarar er små ord som "bind" eller "syr saman" setningane dine. Når du bruker tekstbindarar, blir språket ditt betre. Du kan lære meir om tekstbinding i filmen Setningsstabling.

Gå vidare for å øve deg på å skrive eit avsnitt om eit verkemiddel i Og.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Nivå 3: Skriv om eit verkemiddel i Og

Skriv eit avsnitt om temaet i romanen Og med hjelp av ein modelltekst, tips og setningsstartarar. For deg som held på å lære norsk.



CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2024