Nivå 1: Skriv om motivet i Og
Før du gjer denne oppgåva, bør du ha arbeidd med ressursen "Og – ein roman om å vere ny i Noreg".
Motivet i ein skjønnlitterær tekst er det teksten handlar om, det konkrete. Når du skriv om motivet, skal du ikkje tolke teksten eller fortelje kva som er tema. I staden skal du fortelje kort om kva som skjer, kven som er med i teksten og kvar handlinga går føre seg.
Modelltekst
Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga ein modelltekst som viser deg korleis du kan skrive eit avsnitt om motivet i ein tekst. Vi har brukt novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic i dømet.
Skriv eit avsnitt om motivet i romanen Og. Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet. I tillegg kan du bruke tipsa og setningsstartarane under når du skriv avsnittet.
Tips
Du kan dele utdraga du har lese i fire delar:
Hovudpersonen snakkar med Monika.
Hovudpersonen er på norskkurs.
Hovudpersonen tenker tilbake på barndommen i jungelen i Argentina.
Boka sluttar med at hovudpersonen verkar fornøgd og seier at ho liker ordet "og".
Setningsstartarar
Motivet i romanen Og er ...
Hovudpersonen er frå Argentina, men ...
I Noreg jobbar ...
Dei første utdraga handlar om ... (utdraga om hovudpersonen og Monika)
Monika og hovudpersonen ...
I dei neste utdraga er hovudpersonen ... (utdraga om språkskulen)
Det er òg eit utdrag som handlar om ... (frå Argentina)
Boka sluttar med at ...
Gå vidare for å øve deg på å skrive eit avsnitt om temaet i Og.
Relatert innhald
Skriv eit avsnitt om temaet i romanen Og med hjelp av ein modelltekst, tips og setningsstartarar. For deg som held på å lære norsk.