Nivå 3: Skriv om eit verkemiddel i Og
Før du gjer denne oppgåva, bør du ha arbeidd med ressursen "Og – ein roman om å vere ny i Noreg".
Verkemiddel i ein skjønnlitterær tekst er måten forfattaren har valt å skrive teksten sin på. Nokre døme på verkemiddel kan vere kontrastar, symbol, måten å bygge setningar på og gjentakingar.
Modelltekst
Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga ein modelltekst som viser deg korleis du kan skrive om eit verkemiddel. Vi har laga eit avsnitt om verkemiddelet gjentaking slik det er brukt i novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic.
Skriv eit avsnitt om eit verkemiddel i Og. Vel eit av desse:
gjentaking – les meir om verkemiddelet i fagartikkelen "Gjentaking"
kontrast – les meir om verkemiddelet i fagartikkelen "Kontrast"
syntaks – korleis setningane er bygde opp
Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet. I tillegg kan du bruke tipsa og setningsstartarane under når du skriv avsnittet.
Tips viss du skriv om gjentaking
Les gjennom utdrag 5 og 6 ein gong til. Legg merke til korleis orda "og" og "eller" blir gjentekne.
Tenk over korleis desse gjentakingane får fram det du meiner er temaet i teksten.
Setningsstartarar til avsnittet om gjentaking
Eit verkemiddel er ...
Orda ...
Til dømes står det "..."
Når desse orda blir gjentekne, ...
Gjentakingane viser korleis ...
Tips viss du skriv om kontrastar
Les gjennom utdrag 5 og 6 ein gong til. Legg merke til korleis hovudpersonen bruker føtene sine som døme på korleis ho har det i jungelen og i byen.
Legg òg merke til det avsnittet som startar med orda "Det var bare Sisi og meg.". Her er det mange kontrastar.
Tenk over korleis desse kontrastane får fram det du meiner er temaet i teksten.
Setningsstartarar til avsnittet om kontrastar
Eit verkemiddel er ...
Til dømes beskriv hovudpersonane føtene ...
Ho tenker at: "..."
Ein annan kontrast er når hovudpersonen tenker "..."
Desse kontrastane viser at ...
Dessutan viser kontrastane at hovudpersonen ...
Tips viss du skriv om setningsoppbygging
Les gjennom dei to første utdraga.
Legg merke til korleis forfattaren bruker setningsoppbygginga til å vise at Monika og hovudpersonen prøver å kommunisere.
Tenk over: Kan du vise kven du eigentleg er, når du ikkje kan språket?
Setningsstartarar til avsnittet om gjentaking
Eit verkemiddel er ...
Dette er tydeleg i samtalane ...
Til dømes seier Monika: "..."
Hovudpersonen tenker òg: "..."
Setningsoppbygginga viser altså korleis ...
Det er vanskeleg å ...
Gå vidare for å øve deg på å skrive innleiing og avslutning til utdraget frå Og.
Relatert innhald
Skriv innleiing og avslutning til romanen Og med hjelp av ein modelltekst. For deg som held på å lære norsk.