Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan du setningsanalyse?

I denne oppgåva skal du først teste om du kan setningsanalyse. Etterpå skal du bruke kunnskapen til å sjekke om du kan nokre viktige reglar ein treng for å skrive norsk.
Setninga "Kim et kjeks" markert med SVO. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Oppgåve 1. Finn riktig setningsledd

Trekk setningsledda til riktig boks. Nokre oppgåver kan ha ein boks du ikkje skal bruke. Nokre gonger skal det vere to ledd i same boks.

  • DO betyr direkte objekt.

  • IO betyr indirekte objekt.

Oppgåve 2. Plasser setningsledda riktig

I denne oppgåva skal du øve på å setje setningsledda i riktig rekkefølge. Du skal særleg øve på desse to reglane:

V2-regelen

På norsk skal verbalet alltid stå på andreplass (V2-regelen):

  • I setninga "Eg skal til byen i dag" er "skal" verbal og står på andreplass.

  • I setninga "I dag skal eg til byen" er også "skal" verbal og står på andreplass.

Indirekte objekt og adverbial

På norsk kan den som får noko i ei setning, både refererast til som indirekte objekt og adverbial. Men plasseringa av ledda er ulik. Det indirekte objektet skal etter verbalet, mens adverbialet skal til sist i setninga.

  • I setninga "Eg gir mamma brevet" er "mamma" indirekte objekt.

  • I setninga "Eg gir brevet til mamma" er "til mamma" adverbial.

Oppgåve 3. Subjektstvang

Kva er subjektstvang?

Å kunne setningsanalyse kan hjelpe deg med å forstå forskjellen på fullstendige og ufullstendige setningar. Når du skriv, skal du bruke fullstendige setningar. Då må du kunne denne regelen:

  • På norsk må ei setning ha eit verbal og eit subjekt for å vere fullstendig.

Det går derfor ikkje an å skrive:

  • No er kaldt.

Årsaka er at setninga ikkje har eit subjekt. Norsk har subjektstvang. Derfor blir ordet "det" brukt mykje på norsk:

  • er det kaldt.

Her er "det" subjekt og "er" verbal. Denne setninga er riktig fordi han har eit subjekt og eit verbal.

Trykk på setninga som er riktig. Han må ha både subjekt og verbal:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar