Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om predikativ?

I denne oppgåva skal du først teste om du kan forskjellen på predikativ og direkte objekt. Etterpå skal du øve på å bøye predikativet i tal og kjønn.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Oppgåve 1. Predikativ eller direkte objekt?

Klarer du å finne og skilje direkte objekt og predikativ? Dra til rett boks.

Oppgåve 2. Predikativ og tal

Predikativ blir bøygd i tal. Fyll inn det som er rett form av predikativet i boksen. Du skal velje mellom dei to formene som står i parentes.

Oppgåve 3. Predikativ og kjønn

Når predikativet er eit adjektiv, må du òg hugse å bøye det etter kjønn. I denne oppgåva skal du skrive inn det du meiner er rett form av predikativet.

Korleis kan eg vite kva kjønn substantivet er?

I denne oppgåva finn du kjønn på substantiva slik:

  • Viss substantivet endar på -en (hunden), er det hankjønn.

  • Viss det endar på -a (jenta), er det hunkjønn

  • Viss det endar på -et (huset) er det inkjekjønn.

Slik bøyer du predikativet etter kjønn:

  • Hunden er stor_

  • Jenta er stor_

  • Huset er stort

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om indirekte objekt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar