Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om subjekt, verbal og direkte objekt?

I denne oppgåva skal du teste om du kan finne setningsledda subjekt, verbal og direkte objekt.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Oppgåve 1. Jobb saman

Sit i par eller grupper. Finn verbal, subjekt og direkte objekt i setningane på korta. Trykk på i-knappen for hint. Svaret finn de ved å snu kortet.

Oppgåve 2. Finn rett svar

Les spørsmålet øvst. Trykk på rett svar.

Oppgåve 3. Finn det direkte objektet

Dra det du meiner er det direkte objektet ned til boksen der det står "Direkte objekt".

Oppgåve 4. Samanlikn med førstespråket ditt

Del 1: Studer setningane under

Prøv å formulere ein regel for korleis norsk plasserer subjekt (S), verbal (V) og direkte objekt (DO) i ei setning.

NB! I setning 2 og 3 finn du setningsleddet "i dag". Dette er eit adverbial. Det som er viktig, er at du ser kvar subjektet og verbalet står når adverbialet skiftar plass.

  1. I setninga "Han et suppe" er "han" subjekt, "et" verbal og "suppe" direkte objekt.

  2. I setninga "Vi besøker han i dag" er "vi" subjekt, "besøker" verbal, "han" direkte objekt og "i dag" adverbial.

  3. I setninga "I dag besøker vi han" er "i dag" adverbial, "besøker" verbal, "vi" subjekt og "han" direkte objekt.

  4. I setninga "Kan du kjøpe ei gåve?" er "kan kjøpe" verbal, "du" subjekt og "ei gåve" direkte objekt.

Del 2: Samanlikn

  1. Omset setningane i del 1 til førstespråket ditt.

  2. Gå med ein annan i klassen. Samanlikn korleis førstespråka dykkar og norsk plasserer setningsledda subjekt, verbal og direkte objekt.

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om setningsleddet predikativ.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar