Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er eit setningsledd?

I denne teksten skal du lære kva eit setningsledd er, og kva som er forskjellen på eit setningsledd og eit ord. I tillegg skal du lære om dei tre setningsledda subjekt, verbal og direkte objekt.
Gut og jente studerer saman ved eit bord med berbar datamaskin og bøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukt og forklart i løpet av teksten:

Setningsledd
Setningsledd er delane i ei setning. Eit setningsledd kan vere eitt eller fleire ord. Setninga "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
Subjekt
Subjektet er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "Nina" subjektet.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som viser handling. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "kjøpte" verbalet.
Direkte objekt
Direkte objekt er eit setningsledd som handlinga er retta mot. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "skjerfet" det direkte objektet.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Kva er eit setningsledd?

Eit setningsledd er dei ulike delane ein setning er bygd opp av. Det er ikkje det same som eit ord. Sjå til dømes på denne setninga: "Jenta og guten lagar eit foredrag." Denne setninga har seks ord: "Jenta", "og", "guten", "lagar", "eit" og "foredrag".

Men setninga har berre tre setningsledd. Vi finn setningsledda ved å sjå på kva dei ulike ledda har. Då må vi stille nokre spørsmål:

  1. Kva skjer i setninga? (Kva er ?) Svaret her er at det som skjer, er at nokon "lagar" noko. Verbet i setninga er setningsleddet verbal.

  2. Det neste vi gjer, er å spørje: Kven gjer noko? Altså her: Kven lagar? Svaret er at det er "jenta og guten" som lagar noko. Når vi har funne ut dette, har vi funne subjektet. Som du ser, er det tre ord som er setningsleddet subjekt i setninga.

  3. Så kan vi spørje: "Kva lagar jenta og guten?" Då finn vi det direkte objektet: "eit foredrag". Setningsleddet direkte objekt har altså to ord: "eit" og "foredrag".

Diskuter i par

Forstod de kva eit subjekt, eit verbal og eit direkte objekt var? Test dykk sjølve ved å finne dei tre setningsledda i setningane under.

NB: Setningane kan òg innehalde andre setningsledd du ikkje har lært om enno. De skal berre finne subjekt, verbal og direkte objekt.

  1. Eg liker han veldig godt.

  2. I går laga mamma pannekaker og suppe til middag.

  3. Vil du spele fotball i dag?

Fasit setning 1

  • "liker" er verbalet. Det er verbet i setninga og seier noko om kva som skjer.

  • "Eg" er subjektet. De finn subjektet ved å spørje "Kven liker?".

  • "han" er det direkte objektet. De finn det direkte objektet ved å spørje "Kva/kven liker eg?".

Fasit setning 2

  • "laga" er verbalet. Det er verbet i setninga.

  • "mamma" er subjektet fordi ho laga.

  • "pannekaker og suppe" er det direkte objektet fordi dette var det mamma laga.

Fasit setning 3

  • "Vil ... spele" er verbalet.

  • "du" er subjektet ("Kven vil spele?").

  • "fotball" er det direkte objektet ("Kva vil du spele?").

Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om subjekt, verbal og direkte objekt endå meir.

Relatert innhald

Kva er setningsanalyse, og kvifor bør du kjenne til det? Eit setningsledd og ein ordklasse er ikkje det same.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar