Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er adverbial?

I denne artikkelen kan du lese om kva eit adverbial er.
Jente som spring fort, og gut som går sakte i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Setningsledd er delane i ei setning. Eit setningsledd kan vere eitt eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
Preposisjon
Preposisjon er ein ordklasse med små ord du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er: "under" bordet, "ved sida av" bordet og "oppå" bordet.
Preposisjonsuttrykk
Preposisjonsuttrykk er setningsledd som startar med ein preposisjon: "på bordet", "under bordet", "i kassa".
Setningsadverbial
Setningsadverbial er ein type setningsledd som er viktige for innhaldet i setninga, dei endrar betydninga: "ikkje", "sjølvsagt" og "ofte" er døme på setningsadverbial.

Kva er eit adverbial?

Adverbial er setningsledd som seier noko om

  • når noko skjer: I setninga "Eg besøkte Oslo i går" er "i går" eit tidsadverbial.

  • kvar noko skjer: I setninga "Han søv i senga si" er "i senga si" eit stadadverbial.

  • korleis noko skjer: I setninga "Dei snakkar høgt" er "høgt" eit måtesadverbial.

Preposisjonsuttrykk

Det er vanleg at adverbialet er eit preposisjonsuttrykk. Eit preposisjonsuttrykk er eit setningsledd som startar med ein . Biletet under kan vi beskrive med desse tre preposisjonsuttrykka:

  1. I setninga "Bringebæra ligg i skåla" er "i skåla" eit preposisjonsuttrykk.

  2. I setninga "Eplejusen står ved sida av mangoen" er "ved sida av mangoen" eit preposisjonsuttrykk.

  3. I setninga "Servietten ligg på bordet" er "på bordet" eit preposisjonsuttrykk.

Dekt bord med bær i ei skål, mango og gul drikke i ein karaffel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle preposisjonsuttrykka er adverbial i setningane. Årsaka er at dei seier noko om kvar noko er.

Preposisjonsuttrykk er alltid adverbial

Vi kan sjå på eit anna døme: "Han gir ein lapp til vennen."

Her er "til vennen" eit adverbial. Preposisjonsuttrykk er alltid adverbial i ei setning.

Ein elev gir ein annan elev ein bretta lapp, læraren er i bakgrunnen og ser ikkje lappen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Setningsadverbial

Setningsadverbial er ofte korte ord som vi bruker mykje. Dei er viktige for innhaldet i setninga fordi dei kan endre bodskapen i setninga. Sjå til dømes på desse setningane:

  1. Eg kjem ikkje i morgon.

  2. Eg kjem i morgon.

  3. Han er ofte på besøk.

  4. Han er aldri på besøk.

I setning 1 står setningsadverbialet "ikkje". I setning 2 er setningsadverbialet teke bort. Då betyr setninga noko heilt anna.

I setning 3 og 4 er det to ulike setningsadverbial. Setningsadverbialet "ofte" fører til at setninga fortel noko heilt anna enn når vi bruker "aldri".

Tre jenter med papirhattar, girlandrar og bursdagskake med lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei litt forsiktige setningsadverbiala

Nokre adverbial endrar ikkje heile setninga, men fungerer som styrkarar eller demparar:

  • I setninga "Eg kjem kanskje" er "kanskje" eit adverbial som dempar innhaldet.

  • I setninga "Eg kjem sjølvsagt" er "sjølvsagt" eit adverbial som dempar innhaldet.

  • I setninga "Det er tvilsamt at eg kjem" er "tvilsamt" eit adverbial som dempar eit innhaldet.

Oppsummering

Det kan verke vanskeleg å hugse på alle dei forskjellige setningsleddet adverbial kan ha i ei setning. Prøv å hugse på dette:

  • Seier det noko om kvar, når eller korleis noko skjer?

  • Seier det noko om kvifor noko skjer?

  • Er det eit preposisjonsuttrykk?

  • Er det eit adverb?

Dersom svaret på dette er ja, så har du nok med eit adverbial å gjere.

Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om adverbial.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar