Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er predikativ?

Predikativ og direkte objekt kan likne på kvarandre. Begge står vanlegvis etter verbalet. Men kva er eigentleg predikativ?
Ung kvinne som ligg med hovudet på ein kontorpult, framfor ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Setningsledd er delane i ei setning. Eit setningsledd kan vere eitt eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
Direkte objekt
Direkte objekt er det setningsleddet handlinga er retta mot. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "skjerfet" direkte objekt.
Predikativ
Predikativ er eit setningsledd som beskriv eit anna setningsledd, vanlegvis subjektet. I setninga "Ho er snill" er "snill" predikativ fordi det beskriv subjektet.
Adjektiv
Adjektiv er ein ordklasse som beskriv substantivet nærare. I setningane "Elefanten er stor, og musa er lita" er "stor" og "lita" adjektiv.

Dette er ein del av en læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Direkte objekt

Du finn det direkte objektet ved å spørje kven eller kva handlinga rettar seg mot. Til dømes er "fotballen" direkte objekt i setninga "Maria speler fotball". Men kva med setninga "Maria er sjuk"?

Verbalet finn du lett ved å finne verbet: altså "er". Så må du spørje: "Kven er?" Svaret blir då "Maria". Vidare vil du kanskje tru at det direkte objektet er "sjuk" når du følger metoden over? Men det blir feil.

Predikativ

Adjektivet "sjuk" i setninga "Maria er sjuk" er altså ikkje direkte objekt fordi det ikkje er eit setningsledd handlinga rettar seg mot. I staden seier det noko meir om subjektet og beskriv det.

Det er dette setningsleddet vi kallar predikativ. Eit predikativ beskriv vanlegvis subjektet nærare.

Objektspredikativ

Det finst òg objektspredikativ: "Han måla huset raudt." I denne setninga beskriv adjektivet "raudt" det direkte objektet "huset" nærare.

Men subjektspredikativ er det vanlegaste predikativet. Derfor konsentrerer vi oss om dette her.

Smilande dame i raud regnjakke. Foto.

Kva verb tek predikativ?

Predikativ finn du ofte saman med desse verba:

  • å vere ("Eg er sur.")

  • å bli ("Eg blir frisk.")

  • å heite ("Han heiter Ahmed.")

  • å synast ("Eg synest det.")

  • å kallast ("Ho kallast Silvia.")

Predikativ er ofte adjektiv

Ofte er predikativet eit . Adjektiv skal bøyast i kjønn og tal. Det betyr at eit ord eller uttrykk som har funksjonen predikativ i ei setning, får ei ending som passar til subjektet i setninga.

Eit adjektiv som står til eit hankjønnsord eller hokjønnsord, får ikkje ending). Eit adjektiv som står til eit inkjekjønnsord, får endinga ‑t (eller ‑tt dersom ordet sluttar på ein vokal). Eit adjektiv som står til eit fleirtalsord, får endinga ‑e. Her er nokre døme:

predikativ og adjektivbøying

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Guten er stor_.

Stolen er ny_.

Jenta er stor_.

Hylla er ny_.

Huset er stort.

Bordet er nytt.

Gutane/Jentene/Husa er store.

Stolane/Hyllene/Borda er nye.

Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om predikativ.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar