Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er setningsanalyse?

Når du analyserer setningar, finn du ut kva dei ulike delane i ei setning gjer. Det er viktig å kunne litt setningsanalyse for å lage riktige setningar.
To kvite puslespelbrikker ligg ved sida av kvarandre. Dei passar saman. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsanalyse
Setningsanalyse er å studere setningar for å finne ut kva oppgåve kvar del har i setninga.
Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
Funksjonen til setningsleddet
Funksjonen til setningsleddet handlar om å finne ut av kva rolle dei ulike setningsledda har. Kven handlar? Kva skjer? Dette er døme på spørsmål vi finn svar på når vi studerer funksjonen til setningsleddet.

Kva er setningsanalyse?

Når du analyserer setningar, deler du setningane opp og studerer dei. I ei setning har kvar del ein . Det er denne funksjonen vi er på jakt etter når vi analyserer ei setning. Vi spør til dømes:

  • Kven er det som handlar? (subjekt)

  • Kva blir gjort? (verbal)

  • Når blir det gjort? (adverbial)

  • Kven er handlinga retta mot? (direkte objekt)

  • Kven får noko? (indirekte objekt)

Eit døme

Setninga "Mannen gav dama ein ring i går" kan vi dele opp slik:

  • Kven er det som handlar? mannen (subjekt)

  • Kva blir gjort? gav (verbal)

  • Når blir det gjort? i går (adverbial)

  • Kven er handlinga retta mot? en ring (direkte objekt)

  • Kven får noko? dama (indirekte objekt)

Mann frir til kvinne med ring og blomar. Dei sit ved eit bord med kake og tende lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor bør du kunne setningsanalyse?

Det er viktig å kunne setningsanalyse for å skrive gode setningar. Dette gjeld spesielt når du skal lære eit nytt språk. Norsk har ganske strenge reglar for i setningar.

Viss du kan analysere setningar, er det mykje enklare for deg å forstå desse reglane.

Diskuter:

Har de eit døme på ein forskjell i korleis norsk og førstespråket dykkar set saman dei ulike delane i ei setning?

Å samanlikne språk

Gut og jente studerer saman ved eit bord med ein pc. Ein tredje person blir berre vist med hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Setningsanalyse er dessutan fint å kunne når du skal samanlikne førstespråket ditt med norsk. Det kan både gi deg betre kunnskapar både om førstespråket ditt og norsk.

Kva bør du kunne?

Du bør kunne desse seks :

I neste trinn i læringsstien skal du lære om setningsledd, subjekt, verbal og direkte objekt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar