Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om indirekte objekt?

I denne oppgåva skal du utforske kva indirekte objekt er, og korleis du bruker det på norsk. Dessutan skal du samanlikne korleis setningar med indirekte objekt blir skrivne på norsk og på førstespråket ditt.
Gutt gapar opp og får medisin frå ei skei av ein mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Oppgåve 1. Finn det indirekte objektet

Dra setningsleddet som er indirekte objekt ned til boksen der det står "Indirekte objekt".

Oppgåve 2. Indirekte objekt og preposisjonsuttrykk

Del A: Frå preposisjonsuttrykk til indirekte objekt

Skriv desse setningane om slik at dei får eit indirekte objekt i staden for eit preposisjonsuttrykk:

Døme
  1. Setning med preposisjonsuttrykk: I setninga "Ho gir ei bok til mannen" er "til mannen" eit preposisjonsuttrykk.

  2. Same setning med indirekte objekt: "Ho gir mannen ei bok". Her er "mannen" indirekte objekt.

  1. I dag gir vi gåver til foreldra våre.

  2. Eg sender hjelp til deg med ein gong.

  3. Du må skaffe hjelp til han.

Fasit
  1. "I dag gir vi foreldra våre gåver." I denne setninga er "foreldra våre" indirekte objekt.

  2. "Eg sender deg ein bil med ein gong." I denne setninga er "deg" indirekte objekt.

  3. "Du må skaffe han hjelp." I denne setninga er "han" indirekte objekt.

Del B: Frå indirekte objekt til preposisjonsuttrykk

Kvinne som gir ei bok til ein mann som har eit betalingskort i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv desse setningane om slik at dei får eit preposisjonsuttrykk i staden for eit indirekte objekt:

Døme:
  1. Setning med indirekte objekt: I setninga "Vi gir mamma ei gåve" er "mamma" indirekte objekt.

  2. Same setning med preposisjonsuttrykk: "Vi gir ei gåve til mamma." Her er "til mamma" preposisjonsuttrykket.

  1. Han gir dei to jentene eit smil. Her er "dei to jentene" indirekte objekt.

  2. Sjefen sende dei tilsette ei gåve. Her er "dei tilsette" indirekte objekt.

  3. Kan du skaffe meg ein ny blyant? Her er "meg" indirekte objekt.

Fasit
  1. "Han gir eit smil til dei to jentene." I denne setninga er "til dei to jentene" preposisjonsuttrykket.

  2. "Sjefen sende ei gåve til dei tilsette." I denne setninga er "til dei tilsette" preposisjonsuttrykket.

  3. "Kan du skaffe ein blyant til meg?" I denne setninga er "til meg" preposisjonsuttrykket.

Del C: Oversett til førstespråket ditt

  1. Omset dei seks setningane i del A og del B til førstespråket ditt.

  2. Samanlikn korleis norsk og førstespråket ditt viser kven som er mottakar i ei setning. Nokre tips:

    • Marker mottakaren i setningane på førstespråket ditt med tjukk skrift, understreking eller liknande.

    • Står mottakaren i setninga etter verbalet slik det gjer på norsk? Døme: "Eg gir han eit brev", der "han" er indirekte objekt.

    • Kan mottakaren òg stå saman med ein preposisjon i eit preposisjonsuttrykk? Døme: "Eg gir eit brev til han", der "til han" er preposisjonsuttrykk.

Del D: Samanlikn med andre i klassen

Gå saman i par eller grupper. Forklar kvarandre korleis førstespråka dykkar viser kven som er mottakaren i ei setning.

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om det siste setningsleddet du bør kjenne til: Adverbial.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar