Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er indirekte objekt?

Det indirekte objektet er den eller det som handlinga rettar seg mot. Men kva betyr eigentleg det?
Tre barn og ein vaksen sit på golvet. Den vaksne gir barna ein leke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Å ta imot
Å ta imot er å få noko. "Han tek imot eit brev" betyr "Han får eit brev".
Mottakar
Ein mottakar er den som får noko. "Han er mottakar av brevet" betyr at det er "han" som får brevet.
Preposisjon
Preposisjonar er ein ordklasse med små ord du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er: "under" bordet, "ved sida av" bordet og "oppå" bordet.
Preposisjonsuttrykk
Preposisjonsuttrykk er setningsledd som startar med ein preposisjon: "på bordet", "under bordet", "i kassa".

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Kva er eit indirekte objekt?

Det indirekte objektet i ei setning er den som noko. Det betyr at mange setningar ikkje har indirekte objekt. Det er typisk setningar med verb som "gir" og "sender" som har indirekte objekt.

  • I setninga "Ho sender guten eit brev" er "guten" indirekte objekt.

  • I setninga "Eg gir mamma ein klem" er "mamma" indirekte objekt.

Kvar står det indirekte objektet på norsk?

På norsk er det vanleg at det indirekte objektet står etter verbalet:

  • I setninga "Han sender henne eit brev" er "henne" indirekte objekt, og det står etter verbalet "sender".

  • I setninga "Vi gir guten ein klem" er "guten" indirekte objekt, og det står etter verbalet "gir".

Preposisjonsuttrykk

Strekteikning av ein katt som står på eit bord, ein hund som ligg under bordet, og ein potteplante som står ved sida av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På norsk kan du gjere det indirekte objektet om til eit preposisjonsuttrykk. Preposisjonsuttrykk er setningsledd som startar med ein :

  • I setninga "Han sender eit brev til henne" er "til henne" eit preposisjonsuttrykk.

  • I setninga "Vi gir ein klem til guten" er "til guten" eit preposisjonsuttrykk.

Når mottakaren står i eit preposisjonsuttrykk, har ikkje setningsleddet funksjonen indirekte objekt. Preposisjonsuttrykk er nemleg adverbial i setninga. Adverbialet kan du lese meir om seinare i læringsstien.

Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapen din om indirekte objekt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar