Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om adverbial?

I desse oppgåvene skal du finne adverbialet i ulike norske setningar. Du skal òg samanlikne korleis adverbialet blir brukt i førstespråket ditt og i norsk.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".

Kva er eit adverbial?

Adverbialet er eit som seier noko om

  • når noko skjer (I setninga "Eg kjem på måndag" er "på måndag" eit tidsadverbial.)

  • kvar noko skjer (I setninga "Han er heime" er "heime" eit stadsadverbial.)

  • korleis noko skjer (I setninga "Han spring fort" er "fort" eit måtesadverbial.)

Ofte står adverbialet etter .

  • I setninga "Eg går skulen" er "på" ein preposisjon

  • I setninga "Eg reiser om fire månader" er "om" ein preposisjon.

  • I setninga "Katten ligg under bordet" er "under" preposisjonen.


Oppgåve 1. Finn adverbialet

Sit i par. Diskuter kva som er adverbialet i setninga på kortet. De kan bruke info-knappen for å få hint. Når de har blitt einige, snur de kortet. På baksida er adverbialet utheva.

Oppgåve 2.

Del 1: Lag eigne adverbial

  1. Lag ei setning til kvart av dei fem bileta under. I kvar setning skal det vere adverbial. Det bør vere minst

    • eit adverbial som seier noko om når noko skjer

    • eit adverbial som seier noko om korleis noko skjer

    • eit adverbial som seier noko om kvar noko skjer

  2. Byt setningar med ein annan i klassen. Finn adverbiala i setningane den andre har laga.

  3. Set dykk saman og samanlikn. Har de funne adverbiala i setningane til kvarandre?

Del 2: Omset til førstespråket ditt

  1. Omset setningane du laga i del 1 til førstespråket ditt.

  2. Marker omsetjinga di av det norske setningsadverbialet i setningane på førstespråket ditt.

  3. Samanlikn førstespråket ditt med norsk. Klarer du å seie noko om forskjellar eller likskapar når språka seier noko om

    • når noko skjer

    • korleis noko skjer

    • kvar noko skjer

Kva kan du sjå etter?

  • På norsk står det ofte ein først i eit adverbial (i går, måndag og framfor skulen). Er det sånn i førstespråket ditt?

  • Adverbial som seier noko om måte, er eigne ord som ofte beskriv verb. Dei står etter verbet ("Ho hoppar høgt", "Vi spring fort" og "Han spelte høgt"). Er det sånn i førstespråket ditt?

Oppgåve 3. Finn setningsadverbialet

Setningsadverbial er små ord som vi bruker mykje. Dra det du meiner er setningsadverbialet til boksen med namnet "setningsadverbial".

Oppgåve 4. Samanlikn med førstespråket ditt

No skal du samanlikne måten norsk og førstespråket ditt bruker setningsadverbial på. Her kjem to tips til kva du kan sjå etter:

  • På norsk er setningsadverbialet ofte eit ord som står for seg sjølv. Er det sånn på førstespråket ditt?

  • Står setningsadverbialet på same plass på norsk og førstespråket ditt?

  1. Omset desse setningane til førstespråket ditt:

    • "Eg er ikkje sur." Her er "ikkje" setningsadverbial.

    • "Ho går ofte til skulen." Her er "ofte" setningsadverbial.

    • "Vi besøker sjeldan byen." Her er "sjeldan" setningsadverbial.

    • "Dessverre kan eg ikkje komme." Her er "dessverre" setningsadverbial.

  2. Gå saman med ein annen i klassen. Diskuter korleis førstespråka dykkar bruker setningsadverbial og samanlikn med norsk.

Gå vidare i til siste steg i læringsstien. Der skal du teste alt du har lært om setningsanalyse.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Å analysere setningar