Hopp til innhald

Fagstoff

Predikativ og objekt

Lær meir om direkte objekt, indirekte objekt og predikativ.

Kva eller kven rettar handlinga seg mot?

Direkte objekt

For å forstå kva eit direkte objekt er, bør vi sjå dette setningsleddet i samanheng med subjektet (S) og verbalet (V). Setningar har stort sett alltid eit subjekt og eit verbal:

  • Jenta (S) et (V).

I denne setninga er verbalet "et", det er sjølve handlinga i setninga. Subjektet er den som utfører handlinga, altså er "jenta" subjektet. Det er ho som et. Men kva et ho?

  • Jenta (S) et (V) kake (?).

Svaret er at ho et "kake". Det er dette setningsleddet som er det direkte objektet (DO) i setninga.

Eit direkte objekt er ho eller det handlinga rettar seg mot:

  • Han (S) skriv (V) eit brev (DO).
  • Dei (S) liker (V) henne(DO).
  • Han (S) sender (V) pengar(DO).

Predikativ

Du har altså nettopp lært at du finn det direkte objektet ved å spørje kven handlinga rettar seg mot. Det er ikkje så vanskeleg å finne det direkte objektet i setningar som "Trine (S) sparka (V) fotballen (DO)", men kva med denne setninga:

  • Nina er sjuk.

Verbalet finn du lett ved å identifisere verbet: Altså "er". Så må du spørje: "Kven er"? Svaret blir då "Nina". Vidare vil du kanskje tru at det direkte objektet er "sjuk" når du følgjer spørjemetoden over? Men det blir feil.

Årsaka er at adjektivet "sjuk" i denne setninga ikkje er eit setningsledd handlinga rettar seg mot. I staden seier det litt meir om subjektet og karakteriserer det.

Det er dette setningsleddet vi kallar predikativ. Eit predikativ beskriv eller skildrar subjektet (Ho heiter Nina) eller objektet (Eg fann henne leande)

Usjølvstendige verb

Det kan verke forvirrande og vanskeleg å skilje det direkte objektet og predikativet. Årsaka er at dei ofte står på same plass i setninga. Men ein god hugseregel er at vi etter såkalla usjølvstendige verb har med predikativ å gjere. Desse er mellom anna:

  • vere (Ho var koseleg.)
  • bli (Eg blir sur.)
  • heite (Dei heiter Olsson.)
  • synest (Eg synest det.)
  • kallast (Han blir kalla Palle.)

Usjølvstendige verb blir nettopp kalla det fordi dei stort sett ikkje klarer seg åleine. Frasen "Eg heiter" treng eit tillegg, nemleg predikativet: "Eg heiter Pål".

Ho, han eller det handlinga skjer for

Indirekte objekt

Det indirekte objektet er ho eller det handlinga skjer for. Dette høyrest kanskje litt vagt ut? Også her bør vi sjå på ei setning for å forstå kva som eigentleg er funksjonen til setningsleddet:

  • Han (S) sender (V) eit brev (DO).

Men kven er det som får dette brevet? Det seier setninga ikkje noko om. Vi kan utvide setninga med eit setningsledd til:

  • Han (S) sender (V) Anna (IO) eit brev (DO).

Her er det "Anna" som får brevet, det er altså Anna handlinga skjer for. Dette kallar vi det indirekte objektet i ei setning. Andre døme kan vere:

  • Dei (S) gir (V) jenta (IO) nye klede (DO).
  • Læraren (S) gav (V) eleven (IO) gode karakterar (DO).

Eit sjeldan setningsledd

Det indirekte objektet er langt frå så vanleg som det direkte objektet. Årsaka er at det berre er nokre få verb som tek indirekte objekt. Sjå til dømes på setninga om jenta som et igjen:

  • Jenta (S) et (V) kake (DO).

I denne setninga har ikkje setningsleddet indirekte objekt nokon plass. For det går vel ikkje an å seie "Jenta et dei kake"? Eller "Jenta et guten ei kake"?

Det indirekte objektet opptrer typisk saman med verb som viser til at subjektet samhandlar med nokon:

  • gi, sende, fortelje, forklare, låne, selje
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Setningslære