Hopp til innhald

Fagstoff

Ansiktsform og frisyre

Ofte ønskjer kundar råd om kva frisyrar dei kan ha. For å kunne svare på det må du kjenne til dei ulike ansiktsformene. Forma på eit ansikt varierer frå person til person og er med på å bestemme kva som passar til kunden.
Fire hovud med same frisyre, men med ulik ansiktsform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansiktsformer og klipp

Det er ikkje utan grunn at mange menneske vel same fasong på håret sitt gong på gong, eller at mange endrar hårfasong med alderen. Ein frisyre kan få oss til å sjå både yngre og eldre ut. Han kan få oss til å stråle eller forsvinne, avhengig av om forma er riktig. Du bør vurdere ansiktsforma til kunden før du gir råd om passande frisyrar.

Modell med oppsett hår. Foto.

Det finst mange ulike ansiktsformer, og vi seier at idealforma er oval. Du kan faktisk klippe ein frisyre slik at du formar ansiktet til ein oval ved hjelp av linjene i klippen.

Det same gjeld styling. Set du opp håret, må du skape balanse mellom ansiktsform og profil.

Ulike ansiktsformer

Oval

Oval med hudfarge. Illustrasjon.

Oval ansiktsform er idealforma. Dette er den enklaste ansiktsforma, sidan denne kler alle frisyrar uansett linjer eller form. Du kan velje mellom korte, mellomlange og lange hårklippar – og mellom krøllar og stritt hår.

Hjarteforma ansikt

Ansiktsform som minner om eit hjarte. Illustrasjon.

I eit hjarteforma ansikt dannar hårfestet ein spiss i midten av panna, og haka er smal. Denne ansiktsforma kler godt ein skrå lugg som gjer hjartebogane smalare, men det kan òg fungere med symmetri i front. Klipp gjerne ein frisyre med litt lengd, slik at håret fyller ut rundt halsen. Ein såkalla er veldig kledeleg til denne ansiktsforma.

Rund ansiktsform

Sirkel med ansiktsfarge. Illustrasjon.

Eit rundt ansikt er like breitt som det er langt. Alle linjer er mjuke, og ansiktet har avrunda hake og avrunda kinnbein. Ansiktet kan verke kort, men er enkelt å forme mot det ovale. Ansiktsforma kler asymmetri med skil på sida for å bryte av, eller klassisk midtskil med lengder. Du kan òg klippe stramme linjer for å bryte av den runde forma. Kort hår er perfekt!

Firkanta ansiktsform

Avrunda kvadrat med ansiktsfarge. Illustrasjon.

Eit firkanta ansikt har brei panne og breitt hakeparti. Både kjeven og panna kan ha ganske markerte linjer. Her vil det fungere godt med side- og midtskil, mellomlengder og gjerne bevegelse i håret. Med mjuke linjer tek du merksemda bort frå det markerte. Til firkanta ansiktsform tilrår vi ikkje strenge frisyrar og linjer som sluttar ved kjeven.

Avlang og rektangulær ansiktsform

Rektangulær form med avrunda hjørne. Illustrasjon.

Eit avlangt og rektangulært ansikt er smalt og langt, og det kan minne litt om oval form. Forskjellen er grada av markerte linjer. På begge kan det passe godt med lang lugg for å få ansiktet til å sjå kortare ut. Skulderlengd passar bra, og volum eller krøllar kan bidra til at ansiktet verkar breiare. Alt som skaper vidd ved kinnbeina, er effektfullt, anten du vel kort eller langt hår.

Pæreforma ansikt

Forenkla pæreform. Illustrasjon.

Pæreforma ansikt betyr at kjeven er breiare enn pannepartiet. Ei god løysing for denne forma er pannelugg – gjerne tung pannelugg med ei fin linje, anten konkav eller konveks. Ei anna moglegheit er ein skrå lugg som følgjer forbi kjeven. Du kan òg style luggen opp, med volum og bevegelse for å skape balanse. Pass på å velje frisyrar som smalnar inn kjevepartiet med lite volum.

Diamantforma

Avrunda kvadrat om er snudd på høgkant. Illustrasjon.

I eit diamantforma ansikt er panna og hakepartiet smalare enn kinnbeina. Ansiktsforma kan verke lang og har markerte kinnbein. For å få ansiktet til å verke ovalt kan du velje mjuke, lause krøllar eller oppklipte hårlengder. Det er fint med fylde rundt hakepartiet. Ei klassisk heilform kan fungere godt. Dra gjerne håret bak det eine øyret. Pannelugg er òg eit godt alternativ.

Relatert innhald

Ofte ønskjer kundar å få rettleiing på kva for frisyrar han eller ho kan ha. For å kunne svare på det må du kjenne til dei ulike ansiktsfasongane.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget