Vi har fire klippeformer: heil form, gradering, like lengder og aukande lengder. Strukturteikning er ei arbeidsteikning som viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma. Spissane skaper då ei formlinje, og du kan bestemme klippeforma.
Dei fire klippeformene
Her oppsummerer vi kjenneteikna på dei ulike klippeformene, saman med ei arbeidsteikning. Strukturteikning viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma. Hårspissane dannar då ei formlinje som viser klippeforma.
Heil form
Heil form er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.
- Projeksjonen er 0 grader.
- Designlinja kan vere horisontal, diagonal framover, diagonal
bakover, konkav og konveks. - Teksturen er ikkje-aktiv, men aktiv ved krøllar.
Gradering
Gradering er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.
- Projeksjonen er 1–89 grader.
- Designlinja kan vere valfri.
- Teksturen er aktiv.
Like lengder
Like lengder er ei klippeform der det indre området og det ytre området er like langt.
- Projeksjonen er 90 grader.
- Designlinja kan vere valfri.
- Teksturen er aktiv.
Aukande lengder
Aukande lengder er ei klippeform der det indre området er kortast, og det ytre området er lengst.
- Projeksjonen er 91–180 grader.
- Designlinjene kan vere konkave, konvekse og diagonale.
- Teksturen er aktiv.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020