Hopp til innhald

Fagstoff

Inndeling av hovudet i indre og ytre område

Marja Rahm viser korleis vi deler hovudet inn i eit indre og eit ytre område. Dette blir delt av crestområdet som ligg rundt hovudet på høgde med tinningane.
Hovudform er individuelt og påverkar klippen. Du må derfor ta omsyn til crestområdet når du skal velje ei klippeform som passar til kunden.

Inndeling av hovudet i indre og ytre område

Vi deler hovudet inn i eit indre og eit ytre område. Det indre området er på toppen av hovudet, der håret ligg inntil hovudet. Den ytre forma er den nedste delen av hovudet, der håret heng fritt.

Crestområdet

Det indre og det ytre området blir delt av crestområdet. Dette er det breiaste området som ligg rundt hovudet på høgde med tinningane. Dersom du kjenner på hovudforma til kunden, vil du registrere ei bogeform. Formen er individuell og varierer frå person til person. Dette må du ta omsyn til når du skal velje ei klippeform som passar til kunden.

Designlinja

Designlinja er den linja som hårspissane dannar rundt heile frisyren. Vi beskriv linja i front om lag fem centimeter inn frå hårfestet, i nakken frå crestområdet og ned til hårfestet, og i sidepartia frå crestområdet og nedover.

Designlinja kan vere ulik på ulike personar og ulike frisyrar. Den kan vere horisontal, diagonal, konveks eller konkav. Det vil seie linja kan vere vassrett, på skrå eller boge ut- eller innover.

Brytinga mellom det indre og det ytre området på hovudet kallar vi den indre designlinja. Den ytre designlinja er avslutninga av forma i nakken, sidepartia og fronten.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavarar: NRK og Yrkeslitteratur AS
Sist fagleg oppdatert 08.03.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget