Hopp til innhald

Fagstoff

Linjer i frisørfag

Som frisørar skal vi kunne forklare kva vi gjer når vi jobbar. Vi treng fagterminologi for å vere profesjonelle og ha nøyaktig kommunikasjon. Fagspråket blir brukt under sveineprøven, i salongen, på skulen og i kurssamanheng. Her skal vi sjå på ulik bruk av linjer i frisørfaget.
Dame med kort hår og solbriller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagterminologi er fagspråket vårt. Presis ordbruk gjer at vi kan ha ei felles forståing av arbeidet. Vi skal sjå nærare på korleis vi beskriv ulike linjer i frisørfaget.

Formlinje

Viss du trekkjer håret ut 90° frå hovudforma, er formlinja den ytste linja som blir danna av spissane til håret.

Profil med grønt felt som viser hår med lik lengde. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formlinja kan klippast teknisk, det vil seie rett av, eller taggete. Ei ujamn formlinje er anten effilert, pointet eller slicet. Formlinja skal teiknast inn på arbeidsteikninga.

Guide eller guidelinje

Ein guide er ei klippelinje som er rettleiar for resten av klippen.

Frisør klipper ung dame. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Designlinje

Portrett med horisontal designlinje. Illustrasjon.

Designlinje er den avsluttande linja som hårspissane dannar rundt heile frisyren, eller ei brytning i klippen.

Designlinja kan vere ulik på ulike personar og ulike frisyrar. Ho kan vere horisontal, diagonal, konveks eller konkav. Det vil seie at linja kan vere vassrett, på skrå eller svinge ut- eller innover.

Diagonal

Diagonal framover er når håret er kortast bak og lengst framme, mens diagonal bakover er når håret er kort framme og lengst bak.

Diagonal høgre skrår mot høgre hand, og diagonal venstre skrår mot venstre hand.

Ytre designlinje

Ytre designlinje er ei avslutning på ei klippeform, den nedste linja av front, side og nakke.

Indre designlinjer

Indre designlinje er ei brytning i klippen. Dette kallast òg ein step.

Relatert innhald

Effilere betyr å tynne ut håret ved klipping. I filmen får du sjå korleis vi skil mellom tre ulike former for effilering: rot-, mengde- og spisseffilering.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget